– Forskarar må utdanne samfunnet
LUKK

Drapsdommen i L'Aquila:

- Forskarar må utdanne samfunnet

Av Silje Pileberg

Publisert 25. november 2014 kl. 10:03

Inntil nyleg hadde den italienske jordskjelvforskaren Giulio Selvaggi ein drapsdom hengande over seg. Han trur at forskarar si rolle er i endring.

--forskarar-m--utdanne-samfunnet


309 menneske døydde i L’Aquila-området. Spørsmålet om kven som hadde ansvaret har tynga byen i ettertid.

Fakta
<

I november 2014 vart han frikjend i ei rettssak som har fått stor merkesemd globalt. Giulio Selvaggi var ein av fem italienske jordskjelvforskarar som i 2012 vart dømde for drap på 29 menneske i byen L’Aquila. Også to menn i sivilvernkontoret Protezione Civile vart dømde.

– L’Aquila-saka fortel at du som forskar faktisk kan bli stilt for retten viss nokon meiner at du har teke feil. I Italia er enkelte forskarar no redde for å snakke. Dette er farleg. Eg bør ha fridomen til å seie kva eg trur, utan å vere redd for å bli stilt for retten, seier Selvaggi til Forskerforum.

Ei viktig oppleving

Årsaka til drapsdommen i 2012 var kommunikasjonen til innbyggjarar i L’Aquila-området før jordskjelvet i 2009. Forskarane vart dømde for å ha formidla jordskjelvrisikoen på ein «overflatisk, omtrentleg og generisk måte». Sentralt i dommen var eit møte i L’Aquila 31. mars 2009, fem dagar før jordskjelvet.  

I november 2014 tok dommarane i ankesaka ei heilomvending. Seks av sju dømde vart frikjende, og den eine frå sivilvernkontoret fekk ein mildare dom, på to års fengsel.

– No kan eg seie at ankesaka var ei viktig oppleving. Advokatane tok saka langt meir alvorleg enn sist. Dei uttalte seg svært sterkt om kvifor den førre dommen var feil, seier Selvaggi.

Dommarane si grunngjeving blir offentleggjort først 90 dagar etter dommen, i tråd med italiensk rettspraksis. Selvaggi meiner sjølv at vendinga føresette kompetente og uavhengige dommarar, samt ro i rettssalen, utan for mange menneske. Media vart til dømes plasserte på eit anna rom, med videooverføring.

Eg opplevde aldri at eg hadde gjort noko gale. 

Hadde ikkje noko val 

Nokre timar før den nye dommen fall, las Selvaggi opp ei erklæring. Der fortalde han om jobben sin, og om korleis jordskjelvforsking skil seg frå til dømes forsking på grunnpartiklar i universet: Ein seismolog jobbar med tema som kan ha store konsekvensar for menneske sine liv. Han sa mellom anna at «ingenting er viktigare for ein seismolog i eit seismisk land enn å hjelpe samfunnet å forstå kva som skjer. Med denne haldninga reiste eg til møtet 31. mars, og eg ville reist dit igjen, for å seie dei same tinga.»

Avisa The Guardian skildra erklæringa som ei «dramatisk siste bøn». 

– Eg ville seie at eg måtte vere på møtet. Det var jobben min, seier Selvaggi.

Meiner kunnskapsmangel gjev død

Han tok tok det ikkje for gitt at han ville bli frikjend.

– Eg opplevde aldri at eg hadde gjort noko gale. Eg var så overtydd at eg fann det utruleg å bli dømd i første omgang. Men under ankesaka visste eg at vi framleis var i L’Aquila og at dommarane hadde press på seg. Eg var førebudd på at vi ikkje skulle bli frikjende, seier han. 

Eg har alltid sagt at denne saka handlar om utdanning, ikkje om kommunikasjon.

– Har saka påverka viljen din til å kommunisere forskinga di?

– Nei. Eg har alltid sagt at denne saka handlar om utdanning, ikkje om kommunikasjon. Rundt om i verda innser mange seismologar at kunnskapsmangel er ei hovudsårsak til død. Viss du ser dødstala etter jordskjelv opp mot bruttonasjonalprodukt, vil du sjå at svært mange dødsfall skjer i fattige land. Eg er redd Italia liknar på eit utviklingsland i denne samanhengen, seier han og held fram:

– Hovudproblemet i L’Aquila var at styresmaktene ikkje var førebudde. Kunnskapsmangel er eit stort problem i Italia. Vi treng kanskje 20-30 år for å endre det, og vi må starte med ein ny generasjon.

– Kven bør ta initiativet til endring?

– Eg trur at både skulelærarar og forskarar har ei rolle, seier Selvaggi.

– Må utdanne samfunnet 

Det var pårørande som gjekk til sak mot forskarane. Dei meinte at dei hadde mista familiemedlemmer og venner fordi dei hadde høyrt på roande bodskapar i media og difor halde seg heime jordskjelvnatta. Sannsynlegvis vil dei pårørande anke saka vidare til italiensk høgsterett, men ifølgje Selvaggi sin advokat, Franco Coppi, er sjansen for ein ny dom svært liten.    

Både jordskjelv og klimahendingar vil kunne ramme store byar. Vi kan kome til å sjå mange menneske døy. 

Selvaggi trur i dag at L’Aquila-saka kan resultere i noko godt.

– Forskinga er ikkje skuldig, men samfunnet er på ein måte skuldig, seier han.

Han trur sjølv at forskarar si rolle er i endring.

– Vi er langt meir utsette for risiko no enn før. Både jordskjelv og klimahendingar vil kunne ramme store byar. Vi kan kome til å sjå mange menneske døy. Vi forskarar vil i større grad enn tidlegare bli bedne om å utdanne samfunnet, seier Giulio Selvaggi.