Forskingsarkiv i fare
LUKK

DEBATT

Forskingsarkiv i fare

Av Frode Ulvund, professor i historie, Universitetet i Bergen

Publisert 15. mars 2016 kl. 13:17

Konsekvensane av omorganiseringa i Arkivverket blir dramatiske for både forskarar og studentar.

Omstillingsprosessen i Arkivverket gir stor grunn til uro, ikkje minst frå ein forskarståstad. Problemet er at Arkivverket no synest å avgrense oppdraget sitt til å vere eit arkiv som skal serve statsforvaltninga på kort sikt, og som ikkje forstår Arkivverket si rolle som forskingsarkiv og som sentral forvaltar av norsk historie og kultur på lengre sikt. Kulturministeren si pressemelding frå 29. februar endrar ikkje dette. Bortsett frå ivaretaking av symbolikk i namn er innhaldet i praksis det same som utløyste arkivalarmen i haust.

Det er oppsiktsvekkande og sterkt kritikkverdig at omstillinga er forsøkt køyrt i lukka rom utan at prosessen har vore kjent for relevante fagmiljø og brukargrupper. Desse har ikkje blitt høyrde, men har på eige initiativ måtta sende uttalar om konsekvensar ved omstillinga. Det gjeld både Den norske historiske forening og Nasjonalt fagråd i historie.

Omstillinga bekymrar meg som forskar og undervisar. Rammene for begge delar vil kunne bli dramatisk svekte. Eg uroar meg særleg for to område: svekt arkivkompetanse og svekt arkivtilgang.

1. mars sende Arkivverket budsjettsøknad for 2017 til Kulturdepartementet. Søknaden forsterkar uroa. Her er ikkje forsking, verken rettleiing eller tilrettelegging for forsking, nemnd blant det som Riksarkivaren oppfattar som Arkivverkets samfunnsoppdrag. Heller ikkje når Riksarkivaren listar opp kulepunkt med mål for Arkivverket, blir forsking nemnd. Tvert om blir sjølvbeteningsløysingar framheva som eit mål, altså at brukarane skal rettleie seg sjølv i møte med digitalt arkivmateriale.

Det er stor grunn til å frykte at seksjonering og byråkratisering av arkivtenester vil svekke sentrale og regionale arkivinstitusjonar sine moglegheiter til praktisk å formidle arkivfagleg kompetanse. Det står på viljen. Det er endå verre at det på lang sikt er grunn til å frykte at Arkivverket vil få varig svekka arkivfagleg kompetanse, og dermed også miste evne til å yte arkivfaglege tenester.

Konsekvensen kan bli at mange viktige forskingsprosjekt ikkje blir mogleg å gjennomføre i praksis.

Som forskar og rettleiar for studentar er eg avhengig av arkivarar som kjenner innhaldet i arkiva, som forstår konteksten til kjeldematerialet, og som kan gi meg og studentane mine raske og utfyllande svar og rettleiing i arkivsøk. Ordninga med statsarkiv i dag, med sterk fagkompetanse, grundig kjennskap til både arkiva sine og lokalsamfunna dei har opphav i, er altså i fare.

Det er no foreslått seksjonering av tenestene, utan samla sjølvstendig leiing på statsarkiva. Det er uklart om eg skal kunne ta kontakt med ein arkivar eller arkivet som har arkivmaterialet, eller om eg skal ringe eit sentralbord ein eller annan stad i landet, eller sende ein e-post til ein sentralisert mottakar. Resultatet kan bli at arkivkompetansen blir fjerna frå brukarane og gjort vanskeleg tilgjengeleg fordi han blir gøymd bort i byråkrati.

Forslaga inneber også at tilgangen til arkivmateriale kan bli vanskeleg. Det gjeld særleg forslag om å innføre «digitalisering on demand», at kjeldemateriale berre skal utleverast digitalt i etterkant av bestilling. I ein strategivideo på Arkivverket sine heimesider blir det sagt at arkivmateriale «i hovedsak skal leveres digitalt».

Både når det gjeld synet på kompetanse og tilgang ser det ut til å ligge til grunn ei manglande forståing av historiefaglege arbeidsmåtar. Historieforskarar må i mange tilfelle gå gjennom eit stort og uoversiktleg arkivmateriale for å avgjere kva kjelder som er relevante for kvart enkelt forskingsprosjekt.

Eg gav sjølv ut ei arkivbasert bok i 2014 som aldri kunne ha blitt til om forslaga i omstillinga var blitt gjennomførte. I utgangspunktet var det nemleg uklart kva kjeldemateriale som best kunne gi svar på tematikken i boka. Ei kartlegging av potensielt arkivmateriale var difor viktig. Eg tok kontakt med eit statsarkiv i første omgang og fekk ei grundig rettleiing i kva som kunne tenkast å vere relevant kjeldemateriale, og ikkje minst fekk eg ei svært god innføring i samanhengen mellom ulike kjeldeseriar: kor eg bør starte å leite, til kva kjeldeserie journalreferansane viste til osv. Her var det både nødvendig med sterk kompetanse i korleis den regionale statsforvaltninga var organisert på første delen av 1800-talet, og på kva arkiv dei har etterlate seg og korleis dei var organiserte.

Sjølv med god rettleiing var kjeldeleiting i eit stort og delvis uoversiktleg arkivmateriale avgjerande. Om alt eg bestilte ut av kjeldematerialet, skulle ha blitt digitalisert, ville det berre for mitt prosjekt gått med mange månadsverk med digitalisering. Det ville ha tatt altfor lang tid, ikkje minst fordi kjeldearbeidet ville blitt altfor oppstykka og fragmentert medan vi venta på å få stadig nytt kjeldemateriale digitalisert. I praksis måtte eg på førehand ha visst nøyaktig kva kjelder eg trong, og så sitte og vente på at det skulle bli digitalisert.

Me må utdanne historikarar utan praktisk kjennskap til det arkivmaterialet som Arkivverket er sett til å forvalte.

Arkivverkets budsjettsøknad for 2017 foreslår betalingstenester. Det skal innførast eit «servicenivå» som skal vere gratis, resten skal vere betalingstenester. Korleis dette «nivået» skal definerast, står det ingenting om. Betalingstenester blir dermed innførte som prinsipp, utan at det er klarlagt kva som skal vere gratis, og der det til kvar tid er opp til Riksarkivaren å skyve på grensa mellom gratis- og betalingstenester, basert på kommersielle vurderingar.

Konsekvensen kan bli at mange viktige forskingsprosjekt ikkje blir mogleg å gjennomføre i praksis, anten fordi kjeldematerialet på førehand er uavklart og spreidd og krev kontinuerleg kjeldesøking under arkivfagleg rettleiing, eller fordi kostnadene ved tilgang vil bli så store at prosjekt må skrinleggast.

Det kan bety ei svekking av den frie forskinga og ei forskyving i retning av oppdragsforsking der ressurssterke oppdragsgivarar finansierer og legg føringar for kva som skal forskast på, og korleis forskinga skal formidlast.

Det seier seg sjølv at ein slik situasjon også vil bli dramatisk for studentane våre. Forslaget kan føre til at eg må åtvare studentane mine mot å drive historisk forsking på grunnlag av arkivmateriale frå Arkivverket. Eg må åtvare fordi studentane ikkje kan rekne med å få rettleiing inn i relevant kjeldemateriale, fordi studentar som ventar på digitalisering, aldri vil bli ferdige på normert tid, og sjølvsagt fordi dei aldri vil få råd til å bestille ut kjeldematerialet uansett. Konsekvensen kan altså bli at studentar ved norske universitet og høgskular ikkje bør forske på sentrale og viktige problemstillingar i norsk historie.

Det er sjølvsagt dramatisk for historieforskinga og for historiefaget som universitetsfag, men også for Arkivverket si eiga framtid. Det fører nemleg til at me må utdanne historikarar utan praktisk kjennskap til eller kompetanse i det arkivmaterialet som Arkivverket er sett til å forvalte. Det vil på ganske kort sikt føre til ei ytterlegare svekking av den arkivfaglege kompetansen når etaten skal rekruttere. Og rekruttere det må dei, ettersom omstillinga allereie har utløyst ein byrjande kompetanseflukt.