Forskjellsbehandling blant NTNU-tilsette: – Dette høyrer ingen stad heime
LUKK

Forskjellsbehandling blant NTNU-tilsette: – Dette høyrer ingen stad heime

Av Johanne Landsverk

Publisert 12. april 2019 kl. 12:53

NTNU-tilsette frå tidlegare Høyskolen i Sør-Trøndelag må søkje om forskingstid. Det slepp kollegaer i same stilling, ved same institutt.

– Dette høyrer ingen stad heime. Vi er tilsette i same type stilling på same institutt, men har heilt ulike vilkår, seier Roar Madsen, førsteamanuensis ved Institutt for lærarutdanning ved NTNU. Han var tilsett ved tidlegare Høgskolen i Sør-Trøndelag (HiST) før fusjonen med NTNU. I dag er lærarutdanninga ved HiST ein integrert del av lærarutdanninga ved NTNU.

Professorar ved tidlegare HiST og ved NTNU har hatt lik tid til forsking og undervisning. Men det same gjeld ikkje for førsteamanuensar. – Førsteamanuensar som kjem frå HiST, må no søkje om å få same ordning som dei som har vore tilsette ved NTNU heile tida. Dette er uhøyrd forskjellsbehandling. For meg personleg vil det nok gå greitt, men eg er sterkt imot prinsippet, seier Madsen. Han sit i styret ved instituttet, men seier han ikkje uttaler seg på vegner av instituttstyret i denne saka.

– Som ein opprykkskamp

Tid til forsking og utviklingsarbeid (FoU) var også eit heitt tema før fusjonen. Tidlegare tillitsvald i Forskerforbundet Knut Ole Lysø ved HiST frykta at fusjonen ville føre til eit A- og B-lag innanfor same institusjonen. Og Lysø er framleis kritisk:

– Dette er ikkje god personalpolitikk. Det minner om sosial dumping når dei frå tidlegare HiST og dei frå NTNU har heilt ulike arbeidsvilkår. Fullt kapable forskarar er no nøydde til å søke om forskingstid. Det er som ein opprykkskamp i ein veldig omstendelig søknadsprosess. Etter første søknad, som skal bedømmast av ein dommarjury, får ein anten ja, nei eller blir sett på vent. Dei sistnemnde kan få søke på nytt etter to–tre månader. Dette er ikkje bra, meiner han.

Ingen kollektive grep

Instituttleiar Torberg Falch fortel at NTNU etter fusjonen har valt å samle like fagmiljø på instituttnivå.

– At arbeidsvilkåra er forskjellige for folk i same stillingskategori, gjeld for heile NTNU etter fusjonen. Det er dei vilkåra ein fekk ved tilsetjing, som fortsatt gjeld, seier Falch.

NTNU-leiinga har nemleg bestemt at det ikkje skal gjerast kollektive grep for å endre innhaldet i stillingar ved NTNU etter fusjonen. Det er heilt opp til kvart enkelt institutt å finne ut kva dei gjer med tildeling av tid til FoU.

– Rektor har bestemt at NTNU ikkje skal gjere noko på rektornivå for å endre desse forskjellane. Men den einskilde leiar i institusjonen kan gjere endringar. Og ved Institutt for lærarutdanning har vi valt å ta situasjonen alvorleg og gjere noko med desse forskjellane. Etter ein intern prosess har vi bestemt at dei som ønskjer det, kan søkje om å endring i tid til forsking, seier Falch.

– Fusjonen kan bli eit gode

Han seier at instituttet ikkje kan endre forskingstida til dei tilsette utan ei grundig vurdering.

– Eg forstår godt at mange er oppgitt over at dei må søkje, og at dei kan kjenne seg mindreverdige samanlikna med tilsette ved gamle NTNU. Men instituttet har med dette opna opp for at tilsette kan endre stillingane sine i den retninga dei sjølve ønskjer. Så fusjonen vil for mange bli eit gode i denne samanheng, og dei som er aktive forskarar, vil få meir forskingstid, seier han.

Han trur likevel ikkje at alle tilsette ønskjer dette.

– Tilbodet er for dei som ønskjer å undervise mindre og forske meir. Det må ikkje oppfattast slik at forsking er viktigare enn undervising, seier han.

– Nokre reagerer på at det er ein omstendelig søknadsprosess?

– Nei, dette er ein veldig enkel og kort søknadsprosess. I staden for éin omfattande søknadsrunde er det to steg. Den første er svært forenkla, og difor må vi ha ein runde to for dei som det er tvil om, seier Falch.

Meiner det er urimeleg

Madsen er likevel misnøgd.

– Litt av poenget er at dei som kjem frå HiST nesten ikkje har hatt FoU-tid og dermed ikkje har hatt særleg høve til å forske. Då vil dei ha lite å vise til i ein søknadsprosess. Mange av oss meiner at dette er urimeleg, seier han.

Lysø seier han sjølvsagt er einig i at når ein får ressursar til forsking og utvikling, skal det kome til synes resultat over tid.

– Ein skal kunne vise til at ein har gjort eit arbeid, men no er det slik at berre tidlegare HiST-tilsette som skal gjennom denne kverna og vurderinga. Det vi ønskjer, er ei rettferdig og lik behandling, seier han.

Les også: