Forskningsrådet lagar plan for open forsking
LUKK

Forskningsrådet lagar plan for open forsking

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 16. mai 2019 kl. 12:59

Forskingsrådet skal lage ein plan for open forsking. Senter for vitskapsteori spør kva «openheit» eigentleg tyder.

Som om ikkje lanseringa av Plan S for open publisering av forskingsresultat allereie har skapt tilstrekkeleg kontrovers i forskingsmiljøa, så er Forskingsrådet no i ferd med å utarbeide heilskaplege retningsliner for open forsking, som skal sendast ut på høyring før sommaren.

Dei skal dekkje tre tema: Opne forskingsprosessar, open innovasjon, og folkeforsking/brukarinvolvering. Dette er igjen tett knytt til tilsvarande utvikling internasjonalt, der spesielt EU-kommisjonen dei siste par åra har framsnakka openheit i forskinga gjennom «dei tre o-ane»: «open innovation, open science, open to the world.»

Sprikande innspel

Forskings-Noreg vart nyleg invitert til å kome med innspel til retningslinene, og mange nytta høvet. Innspela sprikar i mange retningar og tyder på at det rår ei viss forvirring kring kva openheitssjargongen eigentleg inneber, og kven det er ein skal opne seg mot.

Innspela viser at det på nokre felt allereie er gjort mykje, og då er det lettare å kome med konkrete framlegg enn på andre område, seier seniorrådgjevar Marte Qvenild i Forskingsrådet.

Utkastet til planen er under utarbeiding, men Qvenild trur det er vel så viktig å avklare kva som skal vere Forskingsrådet si rolle, og korleis rådet skal samarbeide med til dømes Universitets- og høgskulerådet og Unit, som er direktoratet for IKT og fellestenester i UH-sektoren. Begge desse arbeider også med planar for open forsking.

Tek etter EU

Planen kjem no fordi desse prosessane går føre seg i EU, meiner Roger Strand, professor ved Senter for vitskapsteori (SVT) ved Universitetet i Bergen. SVT har levert eit eige innspel til Forskingsrådet. Her peikar dei på at ideen om open forsking kan ha ulike og til dels motsette tydingar. Ein politikk for open forsking bør ta mål av seg til å rydde opp i desse motsetnadene, heiter det i innspelet frå SVT.

Strand utdjupar:

– Frå éin ståstad starta det heile med open tilgang til forskingsartiklar, og eit ønske om å gjere forskingsresultat tilgjengelege også for dei som ikkje har råd til dyre tidsskriftabonnement.

I neste omgang vart dette utvida til også å gjelde forskingsdata. På begge desse områda er politikkutviklinga i dag komen langt, sjølv om det ikkje har gått heilt knirkefritt for seg, slik kontroversen rundt Plan S viser.

Men etter kvart har ideen om openheit spreidd seg i så mange retningar at det ikkje lenger er eintydig kva det er, hevdar Strand.

Demokrati eller konkurransekraft?

– Forvirringa er stor rundt kva open vitskap er for noko. I starten handla det om å opne opp forskingsprosessane slik at andre aktørar enn dei etablerte, og dei som sit med andre typar kunnskap, også kjem til orde. I tillegg handlar det om at dei som forskinga vedkjem, får seie sitt om val av tema og metodikk. Dette er idear som går tilbake til 60-åra.

Etter kvart har det derimot skjedd ei forskuving, der omgrepet «open» blir brukt meir instrumentelt, meiner Strand. Særleg er EUs forskingskommissær Carlos Moedas konsekvent i si framstilling av «open forsking» som eit middel til å sikre den europeiske konkurransekrafta, gjennom å effektivisere forskinga, auke innovasjonstakta og betre tilliten folk har til forskingssystemet.

I innspelet peikar SVT på at Forskingsrådet førebels ser ut til å leggje seg nært opp til EU i måten ein snakkar om open forsking på.

– Er det då ein dårleg idé at Forskingsrådet vil utforme ein heilskapleg politikk for dette? Nei, eg meiner det er fortenestefullt. Det trengst eit noko høgare presisjonsnivå, og det veit eg at Forskingsrådet er godt rusta til å få til. Innspelet vårt gjekk ut på å seie tydeleg frå, frå ein fagleg ståstad, om at dersom vi skal diskutere dette, må vi ta omsyn til den tvitydige måten ein snakkar om open forsking på, den historiske konteksten og dei kritiske perspektiva, seier Strand.

Plan S var ein vekkjar

Marte Qvenild i Forskingsrådet seier at dei ønskjer seg ein omfattande dialog i arbeidet vidare med retningslinene. Erfaringane frå Plan S var ein vekkjar i så måte.

– Då såg det ut til at mange som ikkje var engasjerte i utgangspunktet, brått vakna og tok del i debatten. Når det gjeld open forsking, tykkjer eg nok at mange på leiingsnivå har vore engasjerte i dette lenge, men det har slått meg at ikkje så mange forskarar har teke del i diskusjonen. Men det trur eg er i ferd med å endre seg, seier ho.

Fakta: Forskingsrådets plan for open forsking

  • samlar Forskingsrådets aktivitetar knytte til ulike aspekt ved open forsking i ein heilskapleg strategi
  • har tre tema: opne forskingsprosessar, open innovasjon, og folkeforsking/brukarinvolvering
  • blir send ut på høyring før sommaren, med svarfrist utpå hausten
  • inkluderer ikkje Plan S, som er ein eigen prosess

Les også: