Ny vår for undervisning
LUKK

Ny vår for undervisning

Av Johanne Landsverk

Publisert 6. februar 2020 kl. 09:45

Dei beste undervisarane står ikkje nødvendigvis bak kateteret.

– Eg er ikkje ein spesielt karismatisk person, seier Yngve Røe.

Likevel er han blant dei beste undervisarane i landet, i alle fall på papiret. Røe er nemleg ein av dei aller første ved Oslomet som har fått status som merittert undervisar. Med statusen følgjer ein lønnsauke på 35 000 kroner.

– Lønna er ikkje viktig, men dette kan vere bra for karrieren min. Å vere merittert undervisar vil telje med når eg skal søke om å bli professor, seier Røe, som er førsteamanuensis ved Institutt for fysioterapi ved Oslomet.

Aldri har undervisning stått høgare på agendaen: Det skal leggast meir vekt på undervisning ved professoropprykk, og stadig nye senter for framifrå utdanning dukkar opp ved høgskular og universitet. Dosentløpet har vore undervisarane sin veg til toppen, men med dei nye meritteringsordningane som no kjem på plass ved alle institusjonar, vil også førsteamanuensar og professorar kunne søke om å bli «framifrå» undervisarar.

Røe meiner difor at undervisning har vorte ein viktigare karriereveg for vitskapleg tilsette:

– No blir det meir lønnsamt for vitskapleg tilsette å jobbe med undervisningsopplegg, og det som lønner seg for den enkelte, vil alltid få betydning. Det har berre ikkje gått opp for alle enno, meiner Røe.

Yngve Røes undervisningstips

  • Overlat mykje ansvar til studentane. Dei tek ansvaret om dei får tillit.
  • Skaff deg god nok digital kompetanse til å lage videoførelesingar.
  • Våg å endre undervisninga. Det vil alltid vere risikabelt.

Foto: Aksel Kjær Vidnes

– Bra for unge nytilsette

Vil alt dette få noko å seie for statusen til undervisinga framover, i ei akademisk verd der det er forsking og publiseringspoeng som tel?

– Undervisning har høg status i mange miljø i dag, meiner Øyvind Fiksen, professor ved Universitetet i Bergen. Som tidlegare undervisningsleiar var han med på å bygge opp Senter for framifrå utdanning, også kalla bioCEED, ved Institutt for biologi. I 2017 fekk han sjølv status som framifrå undervisar.

– Det som er bra, er at no må alle institusjonar lage ein del kriterium som fortel kva dei verdset hjå undervisarane. Ikkje minst ser eg at meritteringsordninga er bra for dei nytilsette, fordi undervisningskriteria er tydelege på kva som blir forventa. For unge undervisarar gjev det tryggleik å vite kva som kan gje høg pedagogisk kompetanse.

Førelesingar på veg ut

Ikkje berre ordningane for undervisning, men også måtane å undervise på er i rask utvikling.

– Vi som underviser, har lett for å sjå tilbake på eiga utdanning og erfaring som student og har vorte fastlåste i ein klassisk førelesingstradisjon. Vi har vore for opptekne av korleis vi opptrer som førelesarar, det har vore sjølve målestokken for god undervisning. Men ein skal ikkje lese mykje pedagogisk litteratur for å skjøne at det finst andre metodar som gjev betre læring. Dette har forskarane visst i mange år, men det tar tid å endre praksis, seier Fiksen.

Sjølv har han lagt om undervisninga til ein metode som er kalla teambasert læring.

– Eg har tilpassa metoden til bruk i eige fagfelt, som er biologi. Eg har gjort endringar kvart år, men hovudprinsippet er at studentane skal arbeide i faste grupper. Studentane jobbar først med eit tema utanfor klasserommet. Når dei møter opp, skal dei svare individuelt på spørsmål, eller kvissar. Då ser eg raskt kva som er problematisk for dei. Deretter jobbar studentane med spørsmåla i grupper, der dei må kome fram til eit felles svar, før dei går over til prosjektarbeid.

Øyvind Fiksens undervisningstips

  • Tenk nøye på korleis du legg opp undervisninga, og om det får studenten til å gjere det arbeidet som må til.
  • Les, eksperimenter, observer, tenk, endre – og prøv igjen!

Foto: Eivind Senneset

– Ei stor oppvakning

Ifølgje UiB-professoren finst det mange internasjonale studiar som viser at studentar lærer mest av aktive læringsformer. Fiksen viser blant anna til ein studie av forskarar ved Harvard som nyleg vart publisert i tidsskriftet Proceedings of the National Academy of Sciences.

– Studien viste at det ikkje er samsvar mellom kva studentane faktisk lærer, og korleis studentane opplevde si eiga læring. Medan studentane sjølve trudde dei lærte mest av å høyre på førelesingar, var det faktisk dette dei lærte minst av, fortel Fiksen.

– Du jobbar ved eit senter for framifrå utdanning. Er det like stor interesse for undervisning ved andre institutt?

– Eg skal innrømme at det har vore bratte læringskurvar. Før vi vart eit senter for framifrå utdanning frå 2014, synest dei fleste av oss at vi underviste heilt greitt. Men så begynte vi å setje oss inn i forsking og pedagogisk litteratur, og dette uløyste store endringar. Eg tenkjer heilt annleis om undervisning no enn eg gjorde før. Så det har vore ei oppvakning, seier Fiksen.

– Kva skil gode undervisarar frå dei dårlege?

– Det er mange måtar å vere god på, som evna til å engasjere, lære av litteratur og av eigen praksis. Dei dårlegaste undervisarane er dei som alltid legg skulda på studentane, meiner han.

Fakta
Meritteringsordning for undervisarar
- vart først innført som prøveordning ved UiT og NTNU
- skal vere innført ved alle universitet og høgskular (fristen var ved utgangen av 2019)
- skal stimulere til auka undervisningsinnsats og påskjøne viktig utviklingsarbeid
- er ei ordning for førsteamanuensar og professorar, ved fleire institusjonar også for førstelektorar og dosentar

– Eit generasjonsskifte

Fiksen er overtydd om at synet på undervisning gjennomgår ei stor endring i desse dagar.

– Eg trur denne oppvakninga også er driven fram av studentane. I dag vil ikkje studentar utan vidare sitje og høyre på førelesingar på 2 x 45 minutt. Det må skje noko meir. Dei kan når som helst finne den same informasjonen, og også betre førelesingar, på nettet. Så kvifor skal dei då møte opp?

Han får støtte av Pernille Bronken Eidesen, som er førsteamanuensis ved avdeling for arktisk biologi ved UNIS (The University Centre in Svalbard). Avdelinga er partnar i bioCEED, og Eidesen fekk status som framifrå undervisar i fjor. Også ho ser endringar i haldninga til undervising, og dei kjem frå ulike hald:

– Det er eit tydeleg skifte på politisk nivå, og påtrykket frå styresmaktene set spor i universitetsleiinga og vidare nedover i systemet. Men det er også snakk om eit generasjonsskifte. Dei som har undervist på same måten i 40 år, er kanskje ikkje så villige til å gjere ting annleis. Men for dei unge tilsette er det naturleg. Og studentar som kjem frå vidaregåande i dag, har ein heilt annan ballast enn før. Dei kjem med forventningar om at universitetet tilbyr variert undervisning, seier Eidesen.

Krevjande gruppearbeid

I undervisninga hennar er det lite einvegskommunikasjon. Ho meiner nøkkelen til god læring ligg i å aktivere studentane.

– Motivasjonen aukar om dei kjenner eigarskap til eiga læring. Difor prøver eg å gje dei meiningsfylte oppgåver og ein god del ansvar. Studentane jobbar mykje med gruppearbeid, der dei skal løyse problem. Kanskje gjev eg dei ulike forslag til løysingar, og dei må bli einige om eitt alternativ. Gruppearbeid kan vere krevjande, særleg om nokre i gruppa bidreg meir enn andre. Men det er eit ubehag dei må lære å takle, fordi dei også skal førebu seg til arbeidslivet, seier ho.

Ho er einig med Fiksen i at gode undervisarar ikkje nødvendigvis er dei studentane synest er best.

– Gode undervisarar er bevisste på kva dei held på med, og dei tenkjer mykje på korleis dei kan bli betre. Det som har gjort meg til ein betre undervisar dei siste åra, er at eg har våga å prøve nye ting, sjølv om det er ein risiko for at alt kan gå skeis. Studentane er utruleg rause og opne når dei forstår at eg prøver ut endringar til det beste for dei.

Pernille Bronken Eidesens undervisningstips

  • Ikkje ver redd for å prøve ein ny undervisningsmetode, og forklar studentane kvifor.
  • Utforsk alternativ til førelesing, ein middelmåtig føredragshaldar kan vere ein utmerkt undervisar.

Foto: Eike Müller

Presterer bra ved aktiv læring

I eit stort, lyst undervisningsrom ved Oslomet heng store dataskjermar over kvart gruppebord. Her kan studentane arbeide saman på felles dokument, og oppgåvene har dei gjerne fått på førehand. Røe har jobba mykje etter modellen «omvendt klasseromsundervising» (såkalla «flipped classroom»).

– Eg digitaliserer førelesingane og deler dei ut på førehand, og så bruker eg klasseromsundervisning til meir aktiv læring. Eg er ikkje ein type som driv med kviss og slike ting, eg lagar oppgåver som både er faktabaserte og som går i djupna. Studentane diskuterer mykje i grupper, og dette er viktig, fordi fysioterapeuten står oppe i problemstillingar som det ikkje finst enkle svar på.

Røe har gradvis forandra undervisninga over fleire år, og saman med andre forskarar ved Fakultet for helsevitskap ved Oslomet har han forska på korleis det har gått.

– Vi har publisert resultat som viser at studentane presterer veldig bra ved eksamen, og dei er ganske tilfredse sjølve. Det ser også ut som dei svake studentane dreg god nytte av undervisninga. Det er færre dårlege prestasjonar, seier Røe.

– Det er mykje større vekt på undervisning i dag enn for berre eit par år sidan, seier Yngve Røe. Her med studentar frå fysioterapiutdanninga. 
Foto: Aksel Kjær Vidnes
– Det er mykje større vekt på undervisning i dag enn for berre eit par år sidan, seier Yngve Røe. Her med studentar frå fysioterapiutdanninga. Foto: Aksel Kjær Vidnes

– Ein stor overgang

I dag har han samla nokre studentar som deltok i opplegget hans i 2018, og som no går tredje året på fysioterapiutdanninga. Kva synest dei eigentleg om opplegget hans, ikkje minst alt gruppearbeidet?

– Første gongen tenkte eg: «Hæh, kva skjer?» seier Maia Åsheim Lande. – Det var vanskeleg å møte førebudd, for vi hadde aldri gjort dette før. Men det vi har lært om gruppearbeid, kan sikkert kome til nytte seinare, om vi møter folk som vi eigentleg ikkje samarbeider så godt med.

Medstudent Einar Henjum Halsnes er einig.

– Ikkje alle i gruppa førebudde seg før dei møtte opp, og difor var det ein stor overgang å følgje opplegget i starten. Men etter kvart gjekk det betre. Det tok også tid å forstå at det var heilt opp til oss sjølve kor mykje vi ville lære i løpet av dagen. Når ein blir utfordra på denne måten, lærer ein å ta ansvar både for gruppa og for eiga læring.

– Har du sakna underhaldande førelesingar?

– Vi har jo hatt andre tradisjonelle førelesingar parallelt med dette. Eg trur eigentleg det er bra med ein kombinasjon, seier Halsnes.

– Eg peikar på dei!

Ved Høgskulen i Østfold held Mari Kjos Hellum fast på førelesingane. «Det er rett, Gunnar, der er du på linje med Aristoteles!» kan ho rope ut i klasserommet.

– Det er veldig bra å få studentane til å kjenne seg smarte. Om eg veit at Gunnar eller Ragna har nokre spesialfelt dei er opptekne av, kjem eg tilbake til dei når vi går inn på desse felta, seier Hellum, som er høgskulelektor og underviser i retorikk. I 2016 kåra Morgenbladet henne til ein av dei ti beste undervisarane i landet. Det var studentane som i utgangspunktet hadde stemt henne fram.

Hellum er ikkje overraska over forsking som seier at tradisjonelle førelesingar ikkje er det studentane lærer best av.

– Om du held ei forelesing med berre monolog, blir studentane lett passive. Når dei får servert svara, får dei ikkje brukt tankeevna si. Eg kallar førelesingane mine for samtalar, og fordi eg har 40 studentar og ikkje 200, kan eg heile tida ha ein dialog. Eg likar at studentane er med på tenkinga, og at dei sjølve er med på å kome fram til moglege svar. Det er dette som gjer at kunnskapen festar seg, meiner ho.

– Korleis får du med deg studentane?

– Eg peikar på dei! Men det er viktig at dei ikkje blir sett fast eller kjenner seg dumme, så eg stiller spørsmål som: «Kva tenker du om det, Gunnar?» Ulempa med at studentane får delta i tenkinga, er at du aldri veit korleis samtalen vil utvikle seg. Du kan ikkje førebu deg på alt.

Hellum er ikkje blant dei som tek i bruk tekniske hjelpemiddel i førelesingane.

– Eg har aldri brukt PowerPoint i heile mitt liv!

Hellum har også stor tru på prosjektarbeid, og på at studentane får ansvar sjølve.

– Eg jobbar med ulike prosjekt ved høgskulen der eg som lærar utviklar podkastar og sosiale medium i lag med studentane. Det som verkeleg engasjerer dei, er å få jobbe på lik linje med førelesaren, seier ho.

Mari Kjos Hellums undervisningstips

  • Involver studentane så godt du kan, ta dei med på prosjekt og forsking. Dei likar å få tillit.
  • Eit lite supertriks er å lære seg namna på alle!

Foto: Erik Norrud

Eit stykke å gå

Truleg er det framleis mange førelesarar som held fram nøyaktig som før, sjølv om det stadig kjem nye statlege millionar til miljø som vil prøve ut studentaktive læringsformer.

Ynge Røe ved Oslomet meiner mange universitet framleis har eit stykke igjen før aktive læringsformer blir ein integrert del av undervisninga.

– Vi er ikkje heilt i mål enno, og det er eit godt stykke å gå før strategiar frå toppnivå forplantar seg ned på instituttnivå.

Sjølv treng han korkje kateter eller tavle.

– Eg er oppteken av å møte studentane fysisk, men eg vil heller delta i diskusjon med dei enn å stå bak eit kateter.

Han meiner det kan vere problematisk å drive med alternative undervisningsmetodar så lenge institusjonane har for få eigna undervisningsrom.

– Mange av undervisningsromma vi har ved Oslomet, er store auditorium, og kva skal vi med dei? Auditoria er tilpassa førelesingar og gjev lite fleksibilitet for aktive læringsformer. Der er det også vanskeleg for studentane å bli kjende med kvarandre, seier han.

– Men kven er gode undervisarar i dag?

– Eg synest det er viktig å frigjere undervisninga frå personen som lærer bort. Veldig ofte snakkar vi om den fantastiske læraren, men det viktigaste er at dei ulike undervisingsopplegga heng saman, og at det som blir evaluert til eksamen, er i tråd med aktivitetane ein har hatt undervegs.

– Kan alle bli meritterte?

– Ja, det meiner eg. Meritterte undervisarar er ikkje nødvendigvis blant dei mest karmatiske førelesarane. Men vi har stor interesse for pedagogikk og for å lage gode undervisningsopplegg.


– Kva for undervisar har gjort størst inntrykk på deg?

Dag O. Hessen, professor i biologi, Universitet i Oslo

– Valet mitt stod mellom biologi og medisin, men så gjekk eg på ei førelesing i biologi med Jens Petter Nilssen. Han stod oppå kateteret og føreleste med ein slik glød og intensitet at eg vart overbevist: Eit fag som kunne vere så inspirerande, fekk eg lyst til å ta. Nilssen vart seinare rettleiaren min.

Foto: UiO

Iselin Nybø (V), tidlegare forskings- og høgare utdanningsminister

– Eg vil svare Magnus Matningsdal, som er dommar i Høgsterett og som eg hadde som førelesar før eksamen då eg studerte juss ved UiB. Eg hadde mange gode forelesarar der, men Matningsdal er ein som står tydeleg igjen fordi han hadde så mange gode og artige historier som han krydra førelesingane med.

Foto: Marte Garmann

Elin Ørjaseter, dosent ved Høgskolen Kristiania

– Eg hadde nokre fabelaktige lærarar på Bjørknes privatskole og ein legendarisk lærar på forsøksgymnaset i Oslo som heitte Jim. Men på universitetet var det faktisk mange dårlege undervisarar. Der var det ingen som gjorde inntrykk på meg, dessverre.

Foto: Christine Heim