Forskerforum
Hamburgermeny
Forskerforum-logo
Mobilmeny
Forskerforum
Forskerforum-logo

Kronikk | Forskerutdanning

Ekspertise utan akademisk representasjon?

Kvar er dei metakritiske røystene, vitskapsfilosofane og etikarane? spør Eigil Hole Lønning.

Publisert 06. februar 2026 kl. 13:40

Kunnskapsdepartementet har sett ned ei ekspertgruppe som skal stake ut kursen for framtidas forskarutdanning.

Men når mandatet dominerast av kortsiktige nyttebehov og utvalet av adla «ekspertar», ottast me om den frie og uavhengige forskinga står i fare for å bli redusert til ein tenesteytar for næringslivet.

Me treng heilskapleg og prinsipiell danning, og ikkje berre effektiv kunnskapsproduksjon.

I september 2025 inviterte Kunnskapsdepartementet til innspelsmøte om organiseringa og dimensjoneringa av norske doktorgradsutdanningar. Me i Organisasjonen Ferske Forskarar (OFF) møtte opp med ein smule optimisme, men òg med ein betydeleg otte for at sentrale perspektiv som verdiane av akademisk fridom, eit uavhengig akademia, og stipendiatar si danning og livskvalitet skulle hamne i blindsona.

No som mandatet er fastsett og ekspertgruppa er presentert, må me diverre konstatere at otta ikkje er lindra.

Doktorgradsutdanningane våre er sjølve grunnmuren i akademia

Frå danning til effektiv kunnskapsproduksjon

På vegen har arbeidet gått frå å omtalast som ei evaluering av framtidas forskarutdanning, til ei «vurdering av hvordan fremtidens forskerutdanning skal møte samfunnets behov for forskerkompetanse».

Bak dette målet rådar det ei økonomisk nyttetenking som minnar det som før har vorte kalla for technological solutionism – ein logikk som legg til grunn at komplekse institusjonelle og samfunnsmessige utfordringar – dømevis i kunnskapssektoren – kan løysast ved å skru på universitetet som om det var ei maskin som berre treng smøring og effektivisering for å yte meir.

Ekspertise utan representasjon

Departementet har vore tydeleg på at medlemmane i gruppa er valde ut frå sin personlege ekspertise, ikkje for å representere nokon særskilde.

Det høyrest kanskje ryddig ut, men å skilje mellom ekspertise og representasjon i utreiingsprosessar retta mot høgste nivå i høgre utdanning, gjev ikkje meining – særleg når reformering langs heile breidda i doktorgradsutdanningane våre ikkje berre er ein søkt førestilt eventualitet, men eit presisert mål å vurdere for ekspertgruppa.

I Sosiologen skriv dømevis Stine Hesstvedt og Johan Christensen at mandatfestinga og samansetnaden av slike grupper i stor grad risikerer å førehandsdefinere kva svar og løysingar som vert lagde på bordet.

Grunnmuren i akademia

Ved å late som om ekspertise eksisterer i eit vakuum, risikerer ein systematisert stadfestings-bias kor departementet får ut det som mest liknar det dei putta inn.

Doktorgradsutdanningane våre er sjølve grunnmuren i akademia. Dei er berande og overleverande for fagleg tyngd og akademiske grunnverdiar. Då krevst det omsyn til breidde så vel som detalj, og abstraktar så vel som konkretar.

Eg er redd ein lurar seg sjølv om ein tenkjer at ei gruppe sett ned på grunnlag av sin spisskompetanse innanfor pragmatisering og marknadsretting av utdanning og forsking, lett skal kunne femne om verdiane i og omsynet som må gjevast dei mjukare vitskapane. 

Når flytande omgrep set stramme rammer

Omgrep som kvalitet, relevans og nytte vert flittig brukte i mandatet.

Sosiologen og andre observante lesarar vil raskt kunne kjenne att desse som såkalla flytande signifikantar (eller språklege flytekorkar som min rettleiar omtalte det som) – omgrep som fyllast med særs variert innhald, avhengig av auget som ser og konteksten det ser det i.

Når leiingane i arbeids- og næringsliv, som går hand i hand med finansmarknaden, vert hovudpremissleverandørar for utdanning og forsking under dekke av relevans, står me i fare for å hamne endå djupare inn i eit revisjonssamfunn, der me vert besette av å måle kvalitet gjennom rituell verifisering føre det å faktisk utøve den.

At Noreg, lik dei fleste land, styrer med solid målingsmentalitet og eit politisk imperativ til å heimle ei kvar slutning i «nøytrale kvantar» har i dag fått mykje omtale i Noreg. Men her rår det ei blindsone. Kva ein vel å måle, stundom til trass for at ikkje alt som har verdi lett let seg måle, er ei avgjerd om kva som har verdi i seg sjølv.

Akademisk fridom som føresetnad for uavhengig forsking

Bourdieu åtvara ein gong om at den akademiske verdien er heilt avhengig av å vere fri – også frå kapitalen sine interesser – for å kunne produsere uavhengig kunnskap.

I nyare tid har Stefan Collini bygd vidare på dette, og skildra korleis denne marknadsorienteringa tømmer universitetet for sin integritet og verdi.

Utan denne fridommen risikerer samfunnet å miste ein kunnskapsprodusent som kan sjå forbi kortsiktige kapitalmerksemder, men kanskje aller viktigast risikerer det å miste ein av dei mest kritiske kanarifuglane i framtida si gruve, som tør å stille spørsmålet: «Bør me?». Stiller ein krav til kunnskapsinstitusjonen om å rette verksemda si for sterkt til kva arbeidslivet rapporterer at dei treng i dag, er det dette ein risikerer å miste.

Ekspertgruppe dominert av innovasjon og økonomi

Samansetnaden av ekspertgruppa som vart kunngjort denne veka forsterkar diverre vårt inntrykk av at det er årsak til otte i denne prosessen.

Gruppa dominerast av ekspertise innan innovasjon, næringsomstilling og økonomi. Kvar er dei metakritiske røystene, vitskapsfilosofane og etikarane?

At breie talerøyr for ferske forskarar og stipendiatar ikkje er representerte med sin direkte erfaringsekspertise, vitnar om eit demokratisk underskot. Og – ikkje minst – kva ekspertise skiltast det med her som tek omsyn til inkludering og mangfald? Kva gjer komiteen skodd for å føre perspektiva til doktorgradskandidatar med minoritetsbakgrunn til bords, til dømes? Har departementet rådført seg med sin eigen Komité for kjønnsbalanse og mangfold i forskning her?

Under tronge kår fell styresmakter ofte for freistinga til å sette i spel forenkla nytteforståingar.

Vedrørande punktet om inkludering av fagleg breidde, er verdt å merke seg at den internasjonale medlemmen har bakgrunn innanfor pedagogikk og danning, men det skal mykje til for at éi røyst kan stå til hinder for alt av dei otteverdige trendane me merkar oss.

Effektivisering på kostnad av fagleg modning

Dette vert særleg kritisk når mandatet opnar for å vurdere lengda på stipendiatperioden. Sett i ljos av den tydelege effektivitetslogikken, er det grunn til å frykte forslag som kuttar i tida som krevst for fagleg modning, for i staden å produsere forskarar som opererer meir som tannhjul i maskineriet.

Me i OFF er opne for å diskutere og innovere – også i spørsmål kring kor vidt utdanning og forsking skje i noverande rytme og tempo, men det grunnlaget me ser no ser me på som eit risikabelt utgangspunkt for ein slik samtale.

Ein bendevending av akademia?

Under tronge kår fell styresmakter ofte for freistinga til å sette i spel forenkla nytteforståingar saman med målingar av korleis å nå det fortast mogleg for å gagne BNP her og no. I politiske studiar har dette vorte kalla for zombie ideas. Dette er idear som lever vidare i offentleg styring trass i påviste faresoner og moglege skadeverknader. Ein av desse er trua på at danningstradisjonar kan ofrast på kostnadseffektivitetens alter.

Når me reduserer utdanning til eit reint verktøy for økonomisk vekst, undergrev me også demokratiet sjølv. God kunnskap og moralske avgjersler krev tid for å gjerast riktig . Me håpar ekspertgruppa vil evne å lytte breitt og ta innover seg at den viktigaste «nytten» forskinga gjev samfunnet, ofte er den me ikkje kan planleggje for eller måle i eit rekneark.

Akademisk frihet handler også om arbeidsvilkår

UiO-debatten handler om mer enn boikott

Mangfold i seg selv flytter ikke forskningsfronten 

Fra kaffemaskinen til kritisk tenking: Hvorfor tverrfaglighet er vår beste investering

Nye kriterier for ansettelse og opprykk – en besværlig implementeringsreise

Akademisk skriving: Hvorfor overlate moroa og læringen til kunstig intelligens?

Profesjonsutdanninger trenger helhet, ikke rendyrking

Når falsk publisering vokser raskere enn ekte forskning, står vitenskapens troverdighet i fare

Lukk meny