Forskerforum
Hamburgermeny
Forskerforum-logo
Mobilmeny
Forskerforum
Forskerforum-logo

Kronikk | Akademisk frihet

Akademisk fridom på norsk

Den akademiske fridommen er truga internasjonalt, men står sterkt i Noreg. Arbeidsvilkår og nedskjeringar høyrer knapt heime i denne debatten, meiner Oddgeir Osland.

Publisert 03. juni 2026 kl. 15:31

Akademisk fridom har vore under aukande press internasjonalt over lengre tid, og særleg med utviklinga i USA under Trump-regimet har debatten om akademisk fridom og ytringsfridom fått fornya merksemd også her i landet.

Men det underlege med delar av den debatten er at han beveger seg heilt ut i randsona av kva akademisk fridom handlar og bør handle om. Blant dei siste bidraga til det er innlegget frå tillitsvalde ved Oslomet som skriv om kollegaer som samanliknar arbeidssituasjonen sin med å vere fabrikkarbeidar ved eit samleband. Innlegget  «Akademisk frihet fordrer nye allianser» er symptomatisk for ein bestemt type norsk debatt. Det rettar merksemda mot strukturelle forhold og subtile og lett karikerte mekanismar som kan utgjere eit trugsmål mot akademisk fridom eller i det minste redusere potensialet for å realisere gevinsten av han.

Men eg trur vi står oss på – ikkje minst i dagens situasjon – å ha eit tydelegare og meir avgrensa perspektiv og rette merksemda mot den delen av trusselbiletet som handlar om aktørar som har klare intensjonar om å svekke den akademiske fridommen, og som handlar deretter.

Hets og truslar

Korleis ser det då ut her i landet?

Ser vi på press utanfrå, er ei reell og viktig utfordring trakassering i sosiale medium. Mange av kollegaene våre som forskar på og ytrar seg om kontroversielle saksområde (som barnevern eller innvandring), opplever hets og i verste fall truslar i kommentarfelt, sosiale medium og over telefonen. Her har vi ein jobb å gjere for å støtte dei, personleg og institusjonelt, som kollegaer og leiarar.

(Sjå til dømes antologien til Mangset, Midtbøen og Thorbjørnsrud frå 2022 for dette poenget og andre sensurmekanismar eg kort diskuterer her).

Tilfellet Diesen

Vi har også sett døme på at politiske aktørar har gjort forsøk på å presse universiteta til å gripe inn overfor professorar og andre dei er usamde med. Men døma er få, og når det skjer, så fungerer systemet vårt stort sett slik det skal.

Tilfellet Glenn Diesen er instruktivt. Rektor Bing-Jonsson ved USN har tydeleg forsvart Diesen sin rett til å sitje i professoratet og bruke ytringsfridommen sin slik han gjer, utan inngripen frå arbeidsgjevaren. Standpunktet har truleg brei støtte i sektoren. I den grad det er usemje eller usikkerheit om saka, gjeld det ikkje standpunktet, men grunngjevinga: For nokre handlar det om akademisk ytringsfridom. Andre vil grunngje det med ytringsfridommen hans og at det å problematisere ytringsfridom med basis i om akademiske normer blir følgde eller ikkje, fører gale av stad.

Konformitetspress

Kva så med sensur innanfrå, frå aktørar innanfor akademia?

Vi har sett døme på at folk i leiarstillingar har forsøkt å gripe inn overfor tilsette si forsking og forskingsformidling. Men effekten av slike forsøk har vore slik det skal vere: Det er rektoren eller dekanen som må gå av eller får ei skikkeleg skrape – ikkje professoren eller førsteamanuensen som dei søkte å sensurere. Og vi kjenner knapt døme på at kollegaer eller studentar går i spissen for fagleg-politisk sensur i form av å stoppe føredragshaldarar eller andre aktivitetar på campus.

Det som derimot er ei reell problemstilling, er at det finst fagmiljø med ideologisk prega konformitetspress frå kollegaer eller leiarar. Det kan vere vanskeleg å leve med, og det kan føre til sjølvsensur. Men det er likevel noko anna enn aktive handlingar for å sensurere folk. Og overfor snevre fagmiljø og leiarar med underlege førestillingar om «omdømmestyring» har vi ikkje så mykje meir å ty til enn openheit og sakleg kritikk, slik dei prinsipielle drøftingane i Kierulf-utvalet med tilhøyrande ytringsvettreglar gav oss.

Andre problem i akademia

Det vil nok ofte krevje sjølvstende og mot å ytre seg i kontroversielle saker, men det er altså få reelle angrep på akademisk fridom og akademisk ytringsfridom her i landet. Og når det skjer, slår vi ring om prinsippa og dei det gjeld. Dette er verkeleg akademisk fridom på norsk – slik det no fungerer, slik det skal fungere.

Men dei heimlege diskusjonane våre kan vere med på å relativisere kva som står på spel når akademisk fridom verkeleg er truga.

Kor alvorleg skal vi eigentleg ta problem som reduserte løyvingar frå Kunnskapsdepartementet, veikskapar ved organisering i universitetssektoren (som korttenkt målstyring med tilhøyrande rapporteringskrav eller plagsame digitale system), omfanget av mellombelse stillingar, dårlege leiarar eller trongsynte kollegaer som går i flokk – qua trugsmål mot akademisk fridom eller akademisk ytringsfridom? Kvart einskilt av desse problema er viktige nok i seg sjølve, og – som dei tillitsvalde ved Oslomet skriv – ei felles utfordring for oss alle og eit spesielt ansvar for oss i leiarstillingar. Men å omtale slike problem som reelle trugsmål mot akademisk fridom i Noreg krev relativt lange argumentative sprang.

Og det blir neppe tatt særleg alvorleg utanfor akademia, blant dei som verkeleg arbeider ved yrkeslivets samleband, anten det er i konkret eller meir overført tyding: Ein av styrkane til norsk akademia er at vi er så tett på og gjennomskodlege for menneska i det samfunnet vi er del av. Det gjev dei innsyn i at det ikkje akkurat er eit økonomisk elitesjikt det er tale om, men også i at mange i akademia har det (etter mitt syn velgrunna) privilegiet å ha relativt frie stillingar.

Fellesskap av usemje

Ironisk nok kan slike heimlege diskusjonar også implisere sjølvoppfyllande sjølvsensursprofetiar. Diskusjonen om mellombelse stillingar kan vere eit døme. Tesen til dei som ser dette som eit ytringsfridomsproblem, er at det å ha velgrunna kontrære meiningar skulle verke diskvalifiserande – som om akademia er eit ortodokst religiøst fellesskap. Nokre fagmiljø kan nok vere slik, men det felles normative fundamentet vårt – som mange av oss lever etter – er at vi er eit usemjefellesskap. Vi verdset usemje og velgrunna motargument, det er heilt avgjerande for det vi driv med. Det er rett og slett karrierefremjande.

Med underlege forståingar av kva akademia og akademisk fridom er, spreier ein også eit feilaktig bilete til utanforståande som kjem inn i det norske akademiske feltet, anten det er nye studentar herifrå, eller dei som kjem til oss frå utlandet.

Skarp, men sakleg debatt

Her har debatten om Palestina og Israel vore lærerik for meg. Eg har dei siste åra fått høve til å arbeide saman med kollegaer frå Gaza, der dei akademiske institusjonane er jamna med jorda. Og eg har fått høve til å arrangere seminar og delta i mange samanhengar med kollegaer frå andre land.

Mange som kjem hit, antar at situasjonen liknar på den vi finn på ein del amerikanske og europeiske universitet, der styresmakter og universitetsleiingar set likskapsteikn mellom politisk kritikk av Israel og antisemittisme, med tilhøyrande restriksjonar på den akademiske fridommen og studentane sin ytringsfridom. Men dette skjer ikkje hos oss. Vi har ulike oppfatningar om mange sider av spørsmålet, som til dømes akademiske samarbeidsformer mellom Noreg og Israel.

Debatten kan vere skarp og kjensleladd, men gjennomgåande er tonen sakleg. Vi er samde om at usemje og meiningsbryting er bra, men for mange av dei som kjem hit, tar det tid å forstå at dette verkeleg er tilfellet her hos oss.

Bruk styrken!

Eit av våre klare komparative fortrinn her i landet er at den akademiske fridommen og ytringsfridommen står så sterkt.

Universitetsinstitusjonane fungerer som forsvarsline – i møte med dei trass alt små angrepa vi har stått overfor. Dette forsvaret, og den daglege røktinga av akademiske verdiar og akademisk fridom, er beredskapslageret vårt om politisk polarisering rundt oss skulle endre situasjonen til det verre.

Det er også styrken vår når vi samarbeider med kollegaer i land der den akademiske fridommen verkeleg er truga – slik mange norske kollegaer gjer. Då bør vi også framheve det, og bruke styrken vår, heller enn å relativisere kva reelle trugsmål mot akademisk fridom verkeleg handlar om.

Noe ved språket er i ferd med å forsvinne

Hva hvis KI er for kunsten som mikrofonen var for operaen?

Spørreskjemaer er en billig måte å samle mye data av lav kvalitet

Tyskland får islamsk fakultet – hva med Norge?

Spørreskjema gir en illusjon om måling

Man skal også møte en «irriterende» student med ydmykhet og respekt

Fellesskap handler også om hva vi risikerer å miste

Fellesskap blir ikke sterkere av karikaturer

Lukk meny