Klart om samfunnsvitskap
LUKK

Klart om samfunnsvitskap

Av Kjetil Vikene

Publisert 2. juni 2021 kl. 14:32

Ei nyttig bok om forskingsdesign, med ein god balanse mellom praksis, vitskap og teori.

«Sjølv om boka er retta mot samfunnsvitskapen spesielt, er dette god lesing også for forskarar i andre felt.»

Fakta
Oddbjørn Bukve

Forstå, forklare, forandre. Om design av samfunnsvitskaplege forskingsprosjekt.
Universitetsforlaget, 2021
240 sider
Veil. pris: kr 399

Oddbjørn Bukve, professor emeritus ved Høgskulen på Vestlandet, har skrive den læreboka om forskingsdesign han sjølv vil lese. Den beste oppsummeringa av kva boka handlar om, finn me i avslutninga på kapittel éin: Etter ei kort utgreiing om kva som skil vitskapleg kunnskap frå andre typar kunnskap, og kva premiss som ligg til grunn for ulike typar vitskapleg kunnskap, set forfattaren seg som mål å «beskrive korleis samfunnsvitarar i praksis går fram når dei prøver å utvikle ny kunnskap om eit samfunnsfenomen». Praksisperspektivet, som òg er framheva i undertittelen på boka, underslår at boka òg er ei god og presis framstilling av meir overordna vitskapsteoretiske premiss og ulike forskingslogikkar.

Sjølv om boka er retta mot samfunnsvitskapen spesielt, er dette god lesing også for forskarar i andre felt; ikkje minst trur eg mange naturvitarar kunne ha nytte av å sjå at såkalla «ikkje-eksakt» vitskap er prega av ein stringens som ikkje står tilbake for deira eigen, trass i at, eller kanskje nettopp på grunn av, at forskingsobjektet er meir flytande, og fordi samspelet mellom kvantitative og kvalitative storleikar er eit anna. (Denne oppdaterte utgåva av boka som først kom i 2016, er utstyrt med eit nytt kapittel om integrerte design som nettopp vektlegg dette samspelet, sett frå eit designperspektiv.)

Nettopp dette er ein viktig premiss i boka; fordi objektet ikkje utan vidare let seg halde fast, krev design av eit samfunnsvitskapleg forskingsprosjekt ei god forståing og oversikt over ulike logikkar og designval. Slik eg les ho, er det viktigaste føremålet med boka å gjere forskaren medviten om desse ulike vala. Eit sjølvforklårande døme frå diskursanalytisk forskingslogikk: «Innanfor sjukepleiediskursen kan vi skilje mellom evidensdiskursen og omsorgsdiskursen. Evidensdiskursen forstår sjukepleie som eit vitskapsbasert fag, der pleie og utvikling av ny praksis skjer på grunnlag av erfaringar som blir analyserte med hypotetisk-deduktiv logikk.

Omsorgsdiskursen legg vekt på dei direkte relasjonane mellom pleiar og pasient, på møtet med pasienten som menneske og som utgangspunkt for å hjelpe.» Kva diskurs ein ynskjer å analysere, og ut ifrå kva logikk, vert med andre ord avgjerande for designen. Dette er sjølvsagt, men Bukve er god til å vise oss korleis dei ulike delane – logikk, design, gjennomføring – heng saman, og gjev døme på korleis logiske og metodiske blindflekker kan gjere at forskaren ikkje vil vere i stand til å svare på sitt eige spørsmål.

Grunnleggjande for boka er forståinga av at forskaren både konstruerer og tolkar sitt eige forskingsobjekt; dette krev – om noko – ekstra stringens, fordi samfunnsvitskapen som alle andre må kunne etterprøvast og motseiast.

Bukve går etter kvart over til å gjennomgå ulike forskningsdesign, deira logikkar og tilhøyrande fallgruver, il dømes casedesign, komparative design, intervensjonsdesign. Gjennomgangen legg vekt på detaljerte og konkrete oversikter over teori- og analyseval som må gjerast – ofte i tabellform. Desse har sin eigen lærebokverdi – særleg kanskje for mindre erfarne forskarar. Men undervegs vekslar Bukve fint mellom dei konkrete råda og meir vitskapsfilosofiske diskusjonar som gjev boka ei ekstra verdi. Forfattaren skriv skarpt og klart; enkelt, men ikkje forenklande.