Museumstilsette meiner forskingsutval er for smalt
LUKK
Annonse
Annonse

Museumstilsette meiner forskingsutval er for smalt

Av Johanne Landsverk

Publisert 27. januar 2020 kl. 09:16

I eit utval som skal gje råd om forsking i musea til Kulturdepartementet, kjem nesten alle frå universitetssektoren. Fleire regionmuseum reagerer.

Diskusjonen har gått på Facebook etter at Kulturdepartementet oppretta eit utval som skal gje råd om forsking i musea. Utvalet er sett ned i samband med museumsmeldinga som no er under arbeid i departementet.

Fakta
Medlemer i utvalet

Leiar Brita Brenna, professor, museologi ved Universitetet i Oslo
Hans Dam Christiansen, professor, Københavns Universitet
Håkon Glørstad, direktør, Kulturhistorisk museum, Oslo
Ketil Gjølme Andersen, førstekonservator, Norsk Teknisk Museum
Helene Larsson Pousette, Ansvarleg for samlingar, forsking og progressiv arkivering, Stockholm Kvinnohistoriska
Trude A. Fonneland, professor, Noregs arktiske universitetsmuseum.
Mange reagerer på samansetninga av utvalet, som har flest representantar frå universitet og universitetsmuseum. Berre éin kjem frå eit av Kulturdepartementets eigne museum, Teknisk museum i Oslo.

På facebookgruppa Forskning i museene kom straks kommentarar av typen «ingen fra små og mellomstore museum!» og «utvalget er ´skeivt´ sett sammen». Særleg har fleire museumstilsette i regionane reagert.

– Berre auge for dei store

– I slike utval kjem berre universitetssektoren og dei store i Oslogryta, seier Hanna Mellemsether.
Foto: MiST

Hanna Mellemsether ved Museene i Sør-Trøndelag (MiST) er ein av dei som har engasjert seg.
– Eg synst utvalet er for smalt. Samtidig er vi vane med at det er vitskapsmusea og dei største musea i Oslo som blir representerte når denne typen utval blir sett ned, seier Mellemsether.

Ho presiserer at utvalet har dei aller beste folka.
– Men om målet er å satse på forsking i alle musea, er det rart å ha auge berre for dei store. Det er likevel bra at det har vorte ein diskusjon, for no kan ikkje utvalet gløyme oss, seier Mellemsether.

Må forstå kvardagen i regionane

Ho får støtte av Kristian Reinfjord, som er leiar i Forskerforbundet ved museer og kulturminnevern (FMK), ei fagpolitisk foreining i Forskerforbundet.
– Vi meiner representasjonen er ubalansert. Utvalet burde bestått av personar som kjenner dei regionale musea under Kulturdepartementet frå innsida, seier han.
– Det er ingen tvil om at utvalet har fagleg kompetente og svært dyktige personar. Men når det gjeld museumsforsking, er det viktig å forstå kvardagen i dei mindre musea i regionane. Det finst mykje kompetanse i musea, men dei tilsette møter svært mange ulike krav, og forsking er dessverre ofte det som er lettast å prioritere bort, uttaler Reinfjord.

Også Kristin Øye Gjerde, som er leiar i fagseksjon for forsking i Museumsforbundet, reagerer.

– Eg er svært glad for at det er sett ned eit utval som skal kartlegge situasjonen for forsking i musea. Men det burde vore minst éin representant til som kunne representert museum under Kulturdepartementet, for eksempel ein frå dei konsoliderte musea. Teknisk museum er veldig stort og har fleire tilsette forskarar. For mange av dei mindre konsoliderte musea er situasjonen heilt annleis, seier Gjerde.

– Kan bida til å styrke sektoren

Jan-Christian Kolstø, som fram til fredag 24. januar var statssekretær i Kulturdepartementet, svarar på e-post at utvalet skal vurdere kva forskingspolitiske verkemiddel som i dag er tilrettelagt for forskingsarbeidet ved musea og korleis desse eventuelt kan betrast. Kolstø skriv at universitetsmusea har betydelege forskingsmiljø og er ein del av universitetsstrukturen.

– Utvalet skal foreslå tiltak som kan bidra til å styrke forskinga ved musea, seier Jan -Christian Kolstø. (Foto: Mona Lindseth/Venstre)

– Utvalet skal sjå på korleis universitetsmuseas nærleik til infrastruktur for forsking kan bidra til å styrke forskinga i sektoren som heilskap. Systematisk samarbeid mellom universitetsmusea og dei andre musea har vore eit tema i tidlegere meldingar, og vi har difor bede utvalet om å sjå nærare på dette. Vi har også med utvalsmedlemer frå andre skandinaviske land for å hauste nokre andre erfaringar frå samspelet mellom museum og forsking enn dei vi har i Noreg.

Invitert til å møte utvalet

Ifølgje Kolstø er Kulturdepartementet godt orientert om utfordringane ved deira eigne museum, også når det gjeld forsking.

– Utvalgsleiaren har erfaring frå styrearbeid ved ulike museum, også museum som får tilskott frå Kulturdepartementet. Vi er glade for at utvalet har teke på seg oppgåva, og har tillit til at dei vil orientere seg breitt i sektoren.

Gjerde i Museumforbundet er allereie invitert av Kulturdepartementet til å møte utvalet.

– Eg har fått tilsendt ei rekke spørsmål. Det er bra, for då får vi høve til å legge fram planane våre for forsking i musea og kva vi legg vekt på, seier ho.

  • Les meir: