Nobelpris til norske hjerneforskarar
LUKK

Nobelpris til norske hjerneforskarar

Av Silje Pileberg

Publisert 6. oktober 2014 kl. 12:24

Edvard I. Moser og May-Britt Moser ved NTNU får nobelprisen i medisin for oppdaginga av ein indre GPS i hjernen.

Fakta
  • Arbeids- og sosialdepartementet fremmer forslag om adgang til midlertidig ansettelse for inntil 12 måneder på generelt grunnlag. Det må ikke foreligge særskilte grunner for at midlertidig ansettelse kan benyttes. Oppgavene som skal utføres kan være tidsavgrensede eller varige.
  • Den generelle adgangen til midlertidig ansettelse begrenses med en fast karanteneperiode i de tilfellene arbeidsforholdet opphører. Ved avtaleperiodens slutt, vil arbeidsgiver stå fritt til enten å avslutte arbeidsforholdet (uten å oppgi grunn), eller å videreføre ansettelsen i fast stilling, eventuelt som en midlertidig ansettelse, men på et annet rettsgrunnlag. Dersom arbeidsforholdet avsluttes, inntrer en karantene, det vil si et forbud mot å ansette noen midlertidig på generelt grunnlag i en periode på tolv måneder for å utføre arbeidsoppgaver av samme art.
  • Det foreslås også en kvotebegrensning for antall arbeidstakere som kan være midlertidig ansatt på generelt grunnlag i virksomheten. Det foreslås at kvoten settes til maksimalt 15 prosent innen virksomheten.

Kilde: Prop 39L: Endringer i arbeidsmiljøloven og sosialtjenesteloven (adgang til midlertidig ansettelse mv. og vilkår om aktivitet for stønad til livsopphold)

Nobelprisen i fysiologi og medisin for 2014 går til John O'Keefe og ekteparet May-Britt og Edvard I. Moser. Det kunngjorde Nobelförsamlingen ved Karolinska Institutet måndag. O'Keefe er professor ved University College London, og Moser og Moser er psykologiprofessorar ved NTNU, der dei leiar kvart sitt institutt.

Les eit tidlegare intervju med Edvard I. Moser i Forskerforum 

Annonse

Indre GPS 

– Årets nobelprisvinnarar har oppdaga eit posisjoneringssystem, ein slags «indre GPS» i hjernen som gjer det muleg å orientere seg i rommet. Arbeidet deira har vist korleis ein avansert intellektuell prosess utførast av hjernen sine nerveceller, skriv komiteen i si grunngjeving.

I 1971 oppdaga John O’Keefe den første komponenten i dette posisjoneringssystemet: Når ei rotte var på ein viss stad i eit rom, vart alltid visse nerveceller i den delen av hjernen som heiter hippocampus, aktivert. Når rotta var andre stader i rommet, vart andre nerveceller aktiverte. O’Keefe konkluderte med at desse «stadcellene» i hjernen byggjer eit slags indre kart av rommet.

Århundrelangt problem 

Over 30 år seinare, i 2005, oppdaga May-Britt og Edvard Moser ein annan nøkkelkomponent. Dei identifiserte ein type nerveceller, såkalla «rutenettceller», som skaper eit koordinatsystem for å finne posisjonen vår. Dei forska vidare og viste korleis dei ulike celletypene samverkar for at vi skal forstå kvar vi er og finne fram dit vi skal.  

– Prismottakarane sine oppdagingar har løyst eit problem som har sysselsett filosofar og forskarar i fleire århundre – korleis hjernen skaper eit kart av rommet som omgjev oss, og gjer det muleg for oss å finne vegen i kompliserte omgivnader, skriv komiteen.  

Les Nobel-komiteen si grunngjeving 

NTNU har heist flagget

Det er første gongen nobelprisen i medisin går til Noreg, og NTNU-rektor Gunnar Bovim synest ikkje det er overraskande at prisen går nettopp til ekteparet Moser.

– Arbeidet deira innan nevrovitskap er internasjonalt banebrytande, og dei har allereie motteke dei aller fleste internasjonale prisar som er muleg å få på sitt område, seier Bovim, som meiner at prisvinnarane er uvanleg unge mottakarar av Nobelprisen. 

– Det seier mykje om kva nivå forskinga deira er på, når dei blir tildelt verdas fremste, vitskaplege utmerking på dette stadiet i karriera. Dette er svært inspirerande for oss alle, og eg er utruleg stolt i dag, seier NTNU-rektoren, som no har heist flagget.