Forskerforum
Hamburgermeny
Forskerforum-logo
Mobilmeny
Forskerforum
Forskerforum-logo

Nordnorsk institutt ønskjer å fusjonere med forskingsgigant i sørvest

Forskingskonsernet Norut går truleg inn i det nye storselskapet NORCE på sørvestlandet. Saka kjem opp som styresak i dei to selskapa denne veka.

Norut bruker blant anna dronar til innsamling av miljø- og klimadata, her fra Antarktis. Foto: Andreas Tøllefsen/ Norut.
– Vi ønskjer å kome inn i ein meir robust struktur, slik at kompetansen i Norut kan utvikle seg vidare, seier Morten Hald, styreleiar i Norut Northern Research Institute. Norut er det største forskings- og innovasjonskonsernet i Nord-Noreg, med om lag 100 tilsette. Den største eigaren er UiT Noregs arktiske universitet. Gigantselskapet i sørvest, som har fått namnet NORCE, har frå før 900 tilsette etter at Uni Research, Christian Michelsen Research, IRIS, Agderforskning og Teknova har vedteke å slå seg saman. Hovudkontoret og leiinga blir i Bergen, men dette ser ikkje ut til å vere noko hinder for Norut.

– Vi har hatt ein lang prosess før vi gjekk i forhandling med NORCE, seier Morten Hald, styreleiar i Norut.

– Både  internasjonale evalueringar og Noregs forskingsråd har anbefalt at fleire av dei små institutta bør søkje saman, seier Hald. – Har det vore aktuelt å gå saman med Nordlandsforskning, som er det andre forskingsinstituttet i Nord-Noreg? – Vi har vurdert mange moglege samarbeidsløysingar, inkludert instituttet du nemner. Etter ei heilskapleg vurdering landa styret på å starte forhandlingar med NORCE, seier han.

Kontakta ikkje Nordlandsforskning

Nordlandsforskning har ikkje blitt kontakta om fusjonssamtalane. – Eg vart veldig overraska. Vi hadde nyleg årsmøte i Forskningsinstituttenes fellesarena (FFA), utan at det vart informert om desse samtalane, seier Iselin Marstrander, administrerande direktør i Nordlandsforskning.

– Eg vart veldig overraska over vedtaket, seier Iselin Marstrander i Nordlandsforskning.

Marstrander seier dei har hatt eit godt samarbeid både med Norut og alle dei regionale samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta i Noreg. – Nordlandsforskning har ikkje hatt noko ønske om å gå inn i NORCE. Det einaste vi har snakka om, er eit tettare samarbeid med den samfunnsfaglege avdelinga i Norut. Då kunne vi ha fått ei større tyngd i Nord-Noreg. – Korleis blir det å vere det einaste forskingsinstituttet som blir leia frå Nord-Noreg? – Det blir jo litt nytt for oss. Men vi har tru på at vi skal klare oss aleine også i åra framover. Vi har svært godt samarbeid med Nord universitet, utan at vi har planar om å fusjonere. Det er også fordelar med å vere små. Vi er fleksible og tilpassingsdyktige, og det er mykje positivt med å ha kort veg til leiinga.

Tilsette er positive

I det lokale Forskerforbundet i Norut har dei tru på fusjonen med NORCE. – Dei tilsette i Norut ser positivt på at dei kan bli en del av eit større samfunnsvitskapleg forskingsmiljø. Ved ei samanslåing får vi ei sterkare stemme, og ikkje minst kan det bli lettare å få finansiering over EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, seier Geir Bye, som er tillitsvald i lokallaget. Han trur dei mindre institutta kan få ei usikker framtid når Forskingsrådet kjem med nye retningslinjer for statleg basisfinansiering. – Det er ei ønskt utvikling frå Kunnskapsdepartementet og Forskingsrådet at vi skal ha større og sterkare forskingsinstitutt. Det er difor heilt naturleg at Norut er på leit etter gode samarbeidspartnarar. Samtalane med NORCE har siste tida pågått for fullt. – Det går veldig fort i svingane, og noko av utfordringa er at vi kjem seint inn i prosessen. Det er sett i gang harmoniseringsprosessar av arbeidsforhold og vilkår ved dei fem institutta som no er inne i NORCE, seier Bye. Saka om fusjon er på sakskartet i styremøte både hjå Norce og Norut denne veka.
  • Les meir:
– Flytting av forskingsmidlar til fylka vil redusere kvaliteten

Pris til forskningsbasert definisjon av kyssing

portal med teksten Pusan National University

Sør-Korea satser over to milliarder på desentraliserte universiteter

Aasland feilinformerte om ansattes persondata

– Det er våre medlemmer som tar imot studentene fra videregående, som ser hva de trenger og hva de mangler

UiO: 2,4 prosent lønnstillegg til alle fagorganiserte

Anders Malthe-Sørenssen underviser i Store fysiske auditorium UiO.

Her får studentene bruke KI helt uhemmet

Oslo-universiteter avlyser aktivitet under gravferden: – Studentene vil være involvert i oppdrag

Dataangrep mot flere universiteter

Lukk meny