– Flytting av forskingsmidlar til fylka vil redusere kvaliteten
LUKK

– Flytting av forskingsmidlar til fylka vil redusere kvaliteten

Av Johanne Landsverk

Publisert 11. mai 2018 kl. 13:20

Ekspertutval foreslår å overføre næringsretta forskingsmidlar til fylka. Uheldig, meiner Forskingsrådet. Men forskingsinstituttet IRIS støttar forslaget.

– Skal det skal bli meir forsking i næringslivet, må noko gjerast annleis enn i dag. Vi støttar difor forslaget om at nokre av dei næringsretta forskingsmidlane blir flytta til regionale forskingsfond, seier Kristin Margrethe Flornes. Ho er direktør for International Research Institute of Stavanger (IRIS).

Nyleg gjekk høyringsfristen ut for å uttale seg om forslaga i rapporten til det såkalla Hagen-utvalet: «Regionreformen: Desentralisering av oppgaver fra staten til fylkeskommunene». Ekspertutvalet har blant anna foreslått at om lag halvparten av dei offentlege midlane til næringsretta forsking skal overførast frå Forskingsrådet til fylkeskommunane, etter modell av regionale forskingsfond (RFF).

I dag dekker regionale forskingsfond sju regionar, men som følgje av regionreforma vil fondsregionane bli identiske med ny fylkesstruktur, og talet på forskingsfond vil auke frå sju til elleve.

– Vil redusere kvaliteten

Forskingsrådet er sterkt kritisk til forslaget.

John-Arne Røttingen Foto: Forskningsrådet

– Elleve nye forskingsråd vil redusere kvaliteten og koordineringa av den nasjonale forskingsinnsatsen, seier John-Arne Røttingen, administrerande direktør i Forskingsrådet. Han meiner det er uheldig å dele opp ansvaret for næringsretta forsking på denne måten.

– I praksis vil ein då etablere elleve små næringsretta utlysingsarenaer, og vi trur ikkje det er klokt med ei slik fragmentering av forskingssystemet. Forskingsrådet har i mange år jobba for ei sterkare koordinering av dei ulike utlysingsarenaene på nasjonalt nivå, seier Røttingen.

– Må ha verkemiddel

Men IRIS-direktør Flornes er positiv til at ein større del av dei næringsretta forskingsmidlane kan bli overført til regjonane.

– Dersom regionane skal få større ansvar for næringsutviklinga, må dei også ha nokre verkemiddel. Samtidig må vi oppretthalde dei nasjonale verkemidla for forsking og innovasjon, og vi treng nasjonale og internasjonale konkurransearenaer. Men ser vi på systemet i dag, er det ikkje nødvendigvis slik at dei mest næringsretta nasjonale midlane hamnar på stader der næringslivet held til, seier Flornes.

Kristin Margrethe Flornes Foto: IRIS.

Ho meiner det er viktig å kunne tilpasse forskinga til næringslivet i kvar enkelt region.

– Det vi veit, er at eit tett samarbeid mellom forskingsmiljø og næringslivsaktørar i regionen er ein nøkkel til suksess.

Vil styrke samarbeidet

Forskingsrådet vil i staden gå inn for ein tettare dialog mellom regionalt og nasjonalt nivå.

– Vi samarbeider allereie godt med fylka gjennom dei regionale kontaktpersonane våre, og vi ønskjer å styrke dette samarbeidet endå meir, uttaler Røttingen.

Eitt av forslaga frå Forskingsrådet er at fylkeskommunane heller får ansvaret for «å mobilisere næringslivet til FoU».

Fakta
<
– Vi deler i dag ut såkalla mobiliseringsverkemiddel, det vil seie midlar til kompetanseheving, forprosjekt, nettverksmøte og mobilitet. Ansvaret for desse midlane kan bli overført til fylkeskommunane. I tillegg bør fylka jobbe meir aktivt for bedriftsretta kompetanseprosjekt som til dømes nærings-ph.d. og offentleg sektor-ph.d., seier han.

Forskingsrådet foreslår også at samarbeidet mellom det regionale og nasjonale nivået bygger vidare på ei utvikling av RFF-modellen, der fylka kan fastsetje målsettingane, men gje Forskingsrådet i oppdrag å gjennomføre søknadsbehandlinga.

– I ein slik modell vil FoU-midlane i fylkeskommunane bli lyste ut av Forskingsrådet saman med dei nasjonale FoU-midlane.

– Regionale utfordringar

Stortingpolitikar Kent Gudmundsen (H) seier det er viktig å få fram alle sider i debatten om overføring av ansvar til fylkeskommunane.

– Eg ønskjer ikkje å skyte ned tanken om satsing på regionale forskingsfond, for eg er oppteken av å bygge opp kompetanse og næringsmiljø over heile landet, seier Gudmundsen, som er nestleiar i Utdannings- og forskingskomiteen.

– For regjeringa har det vore viktig å få inn ulike høyringsutspel som kan peike på både sterke og svake sider ved modellen som er foreslått, men vi har nokre regionale utfordringar om vi skal bygge opp gode forskingsmiljø i alle landsdelar.

– Det er ikkje sikkert vi skal gå for elleve forskingsfond, vi kan også sjå ein landsdel, som til dømes Vestlandet, som ein næringsregion, seier Gudmundsen.

Han er oppteken av at forskingsmiljøa må vere store nok til å levere høg kvalitet.

– Vi må passe på at Noreg ikkje blir svekt i den internasjonale konkurransen.

Les meir: