Forskerforum
Hamburgermeny
Forskerforum-logo
Mobilmeny
Forskerforum
Forskerforum-logo

– Opne tidsskrift treng høgare prestisje

Mange fryktar at krav om open tilgang skader karrieren til forskarane. Nye vurderingsmåtar for forsking kan vere ei løysing, men dei blir lite brukt.

– Eg har vanskeleg for å tru at målet om open tilgang innan 2020 er realistisk, seier Torbjørn Digernes. Foto: NTNU
nature-og-science-norrud-6

Mange forskarar opplever at karrieren deira avheng av publisering i prestisjetunge tidsskrift utan open tilgang. Foto: Erik Norrud

EU vil at all offentleg finansiert forsking skal vere open tilgjengeleg innan 2020. Her heime gjekk fristen nyleg ut for å levere høyringssvar til dei nasjonale retningslinjene for open tilgang til forsking, som peikar i same retning. Men mange er urolege over at slike målsettingar kan vere skadelege for forskarkarrierar, som i stor grad avheng av publisering i velrenommerte kanalar. – Ikkje enkelt Det er ikkje noka enkel løysing på spørsmålet, meiner NTNU-professor og tidlegare rektor Torbjørn Digernes. Han representerer Noreg i arbeidet med «open science», som skjer i European University Association og Cesaer, ei europeisk samanslutning av teknologiske universitet. LES OGSÅ: – I prinsippet burde overgangen til open tilgang vere enkel når dei som finansierer forskinga, stiller krav om det. Men ein vil ikkje øydeleggje karrieresjansane til forskarane. Dei prestisjetunge tidsskrifta er nettopp det  fordi ein trur at artiklane som blir publisert der, blir veldig mykje siterte, men det er ikkje tilfelle. Likevel sit dette i ryggmargen på folk, så vi jobbar trutt med å auke prestisjen til dei opne kanalane. I den samanhengen er useriøse tidsskrift som tek betalt for publisering og tek lett på fagfellevurderinga, eit stort problem, seier han. Alt kan teljast Forskarar arbeider meir og meir på digitale plattformer og nettverk. Det gjer at ein i dag kan måle nesten alt ein forskar gjer, og det har gitt opphav til mange ulike alternative målemetodar, eller «altmetrics», som kan utvide repertoaret av vurderingskriterium i forsking. EU-kommisjonen har nedsett ei ekspertgruppe som skal vurdere korleis slike «altmetrics» kan bidra til eit ope forskingssystem. Det er fleire utfordringar ved «altmetrics», fortel gruppemedlem Paul Wouters. Han leier senter for vitskap og teknologistudium  ved Universiteit Leiden. – Det ikkje alltid klart kva det ein måler, tyder. Kva har det å seie at du har så og så mange følgjarar på Twitter? Det akademiske sosiale delingsverktøyet Mendeley kan samanliknast med siteringar, medan Twitter handlar om å dele, ikkje å lese. Datadeling er noko heilt anna igjen. Og blogging ligg nærare journalistikk. Alt dette kan teljast, men kva seier det oss? Vanskeleg å tolke Ei anna utfordring er at mange av plattformene der forsking blir produsert og kommunisert, er eigde av kommersielle aktørar. – Så offentleg finansiert forsking produserer digitale data som kan seljast på marknaden. Personleg meiner eg at ein burde ha ein offentleg infrastruktur for dette, som kommersielle aktørar gjerne kan bidra til, men ikkje eige. Men det er ei politisk vurdering, seier Wouters. Han trur det er fleire grunnar til at «altmetrics» blir lite brukt i forskingsvurdering, sjølv om dei er lett tilgjengelege. – For det første veit ein ikkje korleis dei skal tolkast, og for det andre er forskingssystema konservative. Ein ung forskar kan nå ut til mange ved å utnytte digitale kanalar, men ho blir ikkje løna for det i akademisk forstand. Dette er nøydd til å endre seg fordi forsking no blir utført på så mange ulike arenaer, men det er ein langsam og smertefull prosess, seier han. Må flytte prestisjen Torbjørn Digernes er samd i at det tek lang tid å endre kulturane for publisering og vurdering. – Forlaga som har tidsskrift med høg prestisje, er ikkje interesserte i å tape den. Open tilgang kan også gjerast via «den grøne vegen», der forskaren etter ein viss periode kan lagre artikkelen i eit ope arkiv parallelt med at han blir publisert i eit tidsskrift. Mange tidsskrift tillèt dette, men ein del gjer det framleis ikkje. Samstundes prøver ein å etablere prestisjefylte opne kanalar. Lingvistikkfeltet har eit pilotprosjekt på dette. Fleire internasjonale lingvistikktidsskrift er gått saman om å flytte heile redaksjonen og fagfellevurderinga frå dei tradisjonelle forlaga over til nye, opne kanalar. Dei har sikra seg finansiell støtte i overgangsperioden, og på lang sikt vil drifta bli finansiert gjennom bidrag frå tidsskriftbudsjetta til universitetsbiblioteka. Modellen vil bli prøvd på fleire fagfelt. – Det hjelper å bevisstgjere forskarar på kvar dei publiserer, men eg meiner det er urimeleg å sende enkeltforskarane på barrikadane i denne krigen. Det er rått parti når ein veit kva midlar forlaga rår over. Så styresmakter og dei som finansierer forskinga, må på banen, seier Digernes. Utfordringane på vegen mot open tilgang var eit sentralt tema då Forskerforbundet arrangerte sitt årlege forskingspolitiske seminar 15. november. Både Universitetet i Oslo og Høgskulen i Oslo og Akershus etterlyser sterkare verkemiddel. Leiar av Brekke-utvalet for open tilgang svarar her.   LES OGSÅ:
LEIAR: Steg for steg mot open tilgang

− Lønna må vokse mer enn prisene, sier Unios Steinar Sæther før lønnsoppgjøret

Fire år har gått siden Ola Borten Moe stilte krav om færre midlertidige ansettelser. Slik har det gått.

Ekspertgruppe om ph.d.utdanningen får kritikk for å mangle stipendiater

Færre over 45 får jobb i svensk akademia

Minst 11 forskere må gå i TØI

Universitetet i Innlandet avvikler Østlandsforskning

Forsknings- og høyere utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap), Kontaktkonferansen 2026

Antall stipendiater faller kraftig, men Aasland er ikke bekymret

Ny undersøkelse: Nær halvparten av vitenskapelig ansatte har angst, nervøsitet eller rastløshet på grunn av jobben

Lukk meny