Rangeringar av dei beste universiteta kan avgjere kvar du får ta utdanning: – Som å bestemme kva som er den beste fisken i havet
LUKK
Annonse
Annonse

Rangeringar av dei beste universiteta kan avgjere kvar du får ta utdanning: – Som å bestemme kva som er den beste fisken i havet

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 13. juni 2021 kl. 23:05

Dei globale rangeringslistene set universiteta opp mot kvarandre i ein evig statuskonkurranse. Skal ein kjempe imot, eller tilpasse seg?

Tidleg i mars dumpa ei meldinga ned i e-postkassa til Atle Rotevatn, professor ved Institutt for geovitskap ved Universitetet i Bergen (UiB). Lett parafrasert sto det: «No har eg undersøkt, og dessverre ligg ikkje UiB innanfor dei topp 100 universiteta på QS World University Rankings. Eg set pris på om du kan foreslå ein rettleiar på same fagområde ved ein QS topp 100-institusjon, for det er eit vilkår for at eg skal få fortsetje å studere.»

Meldinga var eit svar frå ein potensiell ph.d.-kandidat til ein professor i England, som hadde foreslått fagmiljøet til Rotevatn som mogleg arbeidsplass for kandidaten sidan dei er leiande på det aktuelle fagområdet. Rotevatn sto på kopi. No hadde kandidaten sett nærare på tipset og konkludert med at UiB utgjekk.

– Det var jo ikkje kandidaten sin feil, det var finansieringsordninga. Der hadde dei altså sagt at du berre får pengar til å ta ph.d. ved eit universitet som ligg innanfor topp 100 på den QS-rangeringa, seier Rotevatn (sjå faktaboks).

Sjølv om det var første gongen han opplevde dette, har han høyrt liknande historier frå andre.

– Det verkar ikkje uvanleg. Det er problematisk at rangeringsorganisasjonar, med ein sterk kommersiell agenda, har greidd å skape ein myte om at dei er forvaltarane av kva som er eit godt universitet, og dermed i praksis avgjer kva for universitet menneske rundt om i verda får høve til å gå på.

Tidleg i mars dumpa ei meldinga over ned i e-postkassa til Atle Rotevatn. Foto: skjermdump frå Twitter

Opp som ei løve

Bjørn Stensaker er professor og leiar ved LINK – senter for læring og utdanning ved Universitetet i Oslo. Han har studert rangeringane meir inngåande enn dei fleste, og han meir enn antydar at det meste som kan seiast om dei, allereie er sagt, og at media er meir opptekne av dei enn universiteta er. Han kjem vi tilbake til.

Fakta
Universitetsrangeringar

Fleire organisasjonar lagar årlege lister over dei beste universiteta i verda, eller dei beste innanfor visse fagområde, regionar og andre kategoriar.

Nokre døme er Times Higher Education, Academic Ranking of World Universities (ARWU, også kalla Shanghai-rangeringa), QS World University Rankings, The Center for World University Rankings (CWUR) og U-Multirank.

Rangeringane blir kritiserte mellom anna for svake og uetterrettelege metodar, og for å medverke til einsretting av UH-sektoren.
Fleire rangeringsselskap sel også informasjons- og konsulenttenester til universitet som vil forbetre plasseringa si.

Det stemmer at i alle fall akademisk orienterte medium gjerne hiv ut ei oppdatering når norske universitet har flytta seg på rangeringslistene, men då har vi jo gjerne først fått vite om det frå universiteta sjølve. Då UiB som første og framleis einaste norske universitet vart rangert på Times Higher Education University Impact Rankings – ei nokså ny liste som rangerer universitet etter kor flinke dei er til å oppfylle FNs berekraftsmål – rykte kommunikasjonsavdelinga ut med ei pressemelding om kor nøgde dei var med plasseringa (nummer 53 av 467 universitet). Viserektor for globale relasjonar, Annelin Eriksen, meinte plasseringa reflekterte det strategiske arbeidet UiB hadde lagt ned over mange år for å få miljøomsyn og berekraft inn i forsking og undervising. Då UiB året etter fall til 85. plass, var Eriksen framleis «fairly pleased», men nytta også høvet til å peike på at slike lister må takast med ei klype salt.

World University Rankings rangerer dei beste universiteta i verda. På topp 100-lista for 2021 er det tre nordiske universitet, men ingen norske.

I april i år kom tredje utgåve av Impact-lista, og UiB dumpa ned i gruppa frå 201–300 (no av om lag 1100 universitet). I pressemeldinga er Eriksen denne gongen endå meir kritisk og framhevar dessutan at UiB arbeider med berekraft, ikkje for å kome høgt på rangeringslister, men fordi det er ein viktig del av samfunnsoppdraget.

Aksepterer logikken

Impact-rangeringa er ei av stadig fleire lister som Times Higher Education (THE) produserer. Den gjævaste av dei er World University Rankings, som rangerer dei beste universiteta i verda.

Den typiske reaksjonen frå norske rektorar er at det er hyggeleg å klatre, men at metodologien (som publikum berre får avgrensa innsyn i) er problematisk og ikkje femner alle dimensjonane ved eit universitet. Difor lyt ein også vere kritisk til listene.

Men når ein avgrensar seg til å kritisere metodane, viser ein aksept for premissen om at rangeringane gjev meining og må takast alvorleg, meiner Jelena Brankovic, som er postdoktor i sosiologi ved Universität Bielefeld i Tyskland.

– Dei som forskar på forsking og utdanning, vil gjerne forbetre universiteta. Difor er dei opptekne av rangeringslister, trur Jelena Brankovic. Foto: privat

– Debatten handlar om resultata stemmer eller ikkje. Ein innordnar seg selskapa sin logikk, uavhengig av kva metode som ligg bakom, seier ho.

Brankovic meiner det ikkje er uvesentleg at dei som studerer (og kritiserer) listene, sjølve arbeider i sektoren som blir målt. Det er ei av forklaringane på at forskarar fort endar med å diskutere metodane, i staden for å studere universitetsrangeringane med same intellektuelle distanse som ein ville ha studert idrettskonkurransar eller rangeringar av restaurantar.

– Rangeringane støttar ein ide om at vi heile tida skal optimalisere livet vårt. Når kritikarane seier vi må forbetre metoden, så er vi framleis fanga i den same bobla. Nei, vi treng ikkje tenkje nytt om rangeringslistene. Vi treng å tenkje nytt om UH-sektoren, seier ho.

Omdømme ikkje eit nullsumspel

Brankovic og kollegaene prøver i staden å studere universitetsrangeringar nettopp ved å samanlikne dei med rangeringar på andre felt, som det berre blir fleire og fleire av. Det viktigaste argumentet til rangeringsselskapa er at dei berre måler og samanliknar noko som allereie finst der ute, nemleg kvalitet, og presenterer det for folk på ein lett tilgjengeleg måte.

– Men rangeringar, særleg dei mest kjende og internasjonale, måler i røynda ikkje noko som eksisterer. Dei tek ein kvalitet og kvantifiserer han, set eit tal på han. Slik skapar dei den røyndomen dei hevdar å spegle, meiner Brankovic.

– Rangeringane fortel oss til dømes at eit godt omdømme er ein knapp ressurs. Det skjer fordi dei er eit nullsumspel der kvart universitet berre kan gjere det betre dersom eit anna gjer det dårlegare. Men slik er det jo ikkje. Dersom UiO tek grep som gjer dei til eit betre universitet, kvifor skal det ha nokon som helst effekt på eit vilkårleg anna universitet langt borte? Det er sjølvsagt absurd.

For å skape denne røyndomen er det avgjerande å publisere resultata med jamne mellomrom, hevdar Brankovic og kollegaene hennar. Berre slik kan ein skape den rette kjensla av konkurranse og av at alle kan «få det til» om dei berre legg ned nok innsats. Samstundes må listene sjå truverdige ut, og det gjer dei berre dersom nokre få, velkjende gjengangarar (les: Harvard og Oxford) alltid ligg på toppen.

Det overraskar ingen at verdas kanskje best kjende universitet,
University of Oxford, ligg øvst på lista til Times Higher
Education. Foto: Shutterstock

Og sjølv om listene ofte blir kritiserte for ikkje å fange kompleksiteten i ein universitetsorganisasjon, så er forenkling i realiteten mykje av poenget, meiner dei. Ein nullsumtabell er den enklaste måten å produsere den statuskonkurransen som rangeringsselskapa lever av.

Uklart publikum

Universiteta konkurrerer altså ikkje om tilgang til éin bestemt ressurs, som når to land slåst om same territorium. Dei konkurrerer om merksemd og velvilje frå eit tenkt publikum. Men kven er dette publikummet?

– Selskapa hevdar ofte at rangeringane skal vere til hjelp for studentar, seier Bjørn Stensaker ved UiO.

– Men undersøkingar tyder ikkje på at studentane bruker dei i særleg grad. Når Harvard stort sett alltid ligg på topp, tenkjer eg at det er heilt uinteressant informasjon for 99,99 prosent av studentane i verda, som jo korkje har karaktergrunnlaget eller den økonomiske ryggdekninga som trengst for å studere der.

Derimot ser ein at listene til ein viss grad blir brukte som bakgrunnsinformasjon for internasjonale samarbeid.

– Ein kan tenkje seg at universitetsleiarar skjeglar til slike rangeringar dersom det er aktuelt å inngå samarbeid med utanlandske universitet som ein kanskje ikkje veit så mykje om. Men samarbeid kjem neppe i stand på bakgrunn av rangeringar åleine, seier han.

Styrer finansiering

Men så er det slike tilfelle som Atle Rotevatn ved UiB kom ut for, då. Rykta går om at fleire organisasjonar som finansierer forsking og utdanning, brukar rangeringane som silingsmekanisme for å avgjere kva institusjonar dei finansierer stipend til. Anekdotar som gjeld finansieringskjelder frå Søraust-Asia og Midtausten, går att. Men også Lånekassen gjer det. Senior kommunikasjonsrådgjevar Hanne Bjertnes skriv i ein e-post til Forskerforum at rangeringslister spelar inn når det gjeld utvida stipend til skulepengar. Dette er ei ordning for norske statsborgarar som tek utdanning ved nokre utvalde, utanlandske lærestader av særs høg kvalitet. Lista over lærestader som kvalifiserer til utvida stipend, er utarbeidd av Diku (Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning). Ho byggjer på to globale universitetsrangeringslister: Times Higher Education og Academic Ranking of World Universities (ARWU), også kalla Shanghai-rangeringa.

– Alle universiteta som ligg på toppen av desse listene, er greie universitet, men det same gjeld sikkert også dei neste tusen på lista. Slike ordningar har neppe store kvalitetsmessige implikasjonar, men ein avgrensar jo norske studentars moglegheiter til å søke andre utdanningserfaringar, seier Stensaker.

– Det er ingen grunn til at staten skal styre meir enn i dag, seier Bjørn Stensaker. FOTO: Erik Norrud

For Forskingsrådet er ikkje rangeringar viktige, hevdar Kristin Danielsen, områdedirektør for internasjonalisering og forskingssystemet i Forskingsrådet.

– Vi brukar ikkje nokon av desse rangeringane i arbeidet vårt med finansiering av forsking eller prioriteringar. Universitetsrangeringane gjev ikkje noko presist bilete av kvaliteten på forskinga eller dei tilsette på eit universitet, seier ho.

Ignorere eller tilpasse?

Trass i all kritikken er den vanlegaste reaksjonen at «rangeringslistene er komne for å bli». Dermed er det også logisk at fleire meiner det beste ein kan gjere, er å tilpasse seg.

– Eg kan berre snakke for mitt eige fagområde, men der er det eit faktum at i utlandet er ein oppteken av rangeringane. Det ligg sikkert mykje økonomi bak, men det å kome høgt på listene er jo eit kvalitetsstempel, seier Terese Løvås. Ho er professor og instituttleiar ved Institutt for energi- og prosessteknikk ved NTNU.

– Og det vi merkar hos oss – utan at eg kan dokumentere det, for vi registrerer jo ikkje dei som ikkje kjem til oss – er at dei beste kandidatane som skal søke seg til ein ph.d., gjerne vil gå på dei beste universiteta. Nokre av miljøa våre er spydspissar på sitt fagfelt, og dei greier å rekruttere topp ph.d.-kandidatar basert på renomméet til forskingsleiaren, uavhengig av kvar NTNU er plassert på rangeringar. Medan mindre kjende miljø slit meir med å rekruttere kandidatar frå dei same universiteta, fordi vi ikkje ligg høgt nok på rangeringane.

– Vi merkar at dei beste kandidatane som skal søke seg til ein ph.d., gjerne vil gå på dei beste universiteta.

Terese Løvås, instituttleiar ved NTNU

Løvås har arbeidd ved fleire utanlandske universitet, og fortel at då ho kom tilbake til Noreg, vart ho overraska over den låge interessa for rangeringar norske universitetsleiarar legg for dagen.

– Nokre av dei evaluerer jo også utdanning, altså omdømmet til kandidatane vi uteksaminerer, og eg meiner vi bør vere opptekne av det. Vi kan vere samde eller usamde om kor godt kriteria reflekterer realitetane, men at det betyr noko, er det ikkje tvil om.

Lite å seie for styring

Løvås meiner NTNU burde ha ein strategi for å klatre på listene. Det har dei ikkje i dag, sjølv om dei har eit strategisk mål om å styrke forskingskvaliteten, fortel Morten Størseth i staben til rektor.

Men for nokre år sidan hadde NTNU eit abonnement på tilgang til grunnlagsmaterialet for rangeringa til Times Higher Education. For fleire rangeringsselskap er ikkje berre dommarar i konkurransen, dei sel også informasjons- og konsulenttenester til deltakarane.

– Det var for å forstå litt meir av kva som låg i dei ulike indikatorane, til dømes omdømmeundersøkinga som THE brukar. Vi fekk sjå resultata, men dei kunne jo ikkje brukast til å utforme konkrete tiltak. Dei som hamnar øvst, er store og rike universitet i USA og Storbritannia. Skulle vi ha køyrt ein målretta omdømmekampanje for å auke kjennskapen til NTNU hjå fagfellar rundt om i verda? Det er jo ikkje aktuelt, seier han.

– Generelt er rangeringane eit fenomen som vi må halde auge med, men som vi ikkje styrer etter.

Det stadfestar Stensaker ved UiO. Då han og kollegaer for nokre år sidan leita etter rangeringsretorikk i strategiske dokument frå nordiske universitet, fann dei lite. Det dei derimot fann, i ein annan studie av universitet frå 33 land, var at rangerte universitet gjerne blir meir internasjonalt orienterte og like kvarandre når ein ser på strategiplanane deira.

– Det verkar som om institusjonar som er så heldige å ikkje vere rangerte, står litt friare til å ha ein meir kreativ og regionalt basert strategi, seier han.

Atle Rotevatn i Bergen meiner norske universitet, som i motsetnad til mange andre ikkje er avhengige av studentbetaling, bør utnytte denne relative økonomiske fridomen til å aktivt ta avstand frå rangeringane.

– Dei er del av ein større trend i akademia med å koke ned alle kvalitetar til enkle måltal. Men eit universitet er ufatteleg mykje meir enn eit tal. Dersom vi i staden for å promotere den nyaste plasseringa vår kunne diskutere kva kvalitet eigentleg er, korleis vi skapar inkluderande og støttande studentmiljø, og løfte fram forskingsmangfaldet på universitetet, då er vi på veg mot noko.

Enquete

Var rangeringar viktig for valet ditt av studiestad?

Camilla Bratvold Bourhim

student på femårig master i rettsvitskap, Universitetet i Bergen

– Ikkje då eg valde studiestad i Noreg. Norske institusjonar ligg uansett ikkje så høgt på rangeringane. Men eg vurderte ei stund å studere vidare i utlandet, og då var det éin av fleire ting eg såg på.

Lise Amalie Christensen

førsteårsstudent, Industriell økonomi og teknologileiing, NTNU

– Ikkje i det heile. Eg studerer til ingeniør, og NTNU kjentest som det einaste naturlege valet i Noreg. Eg såg meir på karaktersnittet for dei aktuelle programma. Eg tykte det sa meir om kvaliteten på studiet.

Keerthana Balashankar

bachelorstudent i kjemi, Universitetet i Oslo

– Eg sjekka ikkje rangeringane då eg søkte, for eg trudde dei var stabile. Men skulle eg velje mellom to studiestader i dag og visste at den eine låg mykje høgare, ville det nok kjennast trygt å velje den.

Les også: