Reisereglar ved Oslomet: – Tek ikkje faglege omsyn, meiner forskar
LUKK
Annonse
Annonse

Reisereglar ved Oslomet: – Tek ikkje faglege omsyn, meiner forskar

Av Johanne Landsverk

Publisert 19. mai 2021 kl. 18:11

– Det er inga endring med tanke på å be om lov til å dra på konferanse, seier viserektor. – Om alt er som før, hadde vi vel ikkje behøvd dei nye reglane, seier Bengt Andersen.

Den nye reisepolicyen ved Oslomet har skapt reaksjonar, og då Khrono skreiv om dei nye reisereglane, var Bengt Andersen raskt ute på Twitter:

«Har jeg som OsloMetter deltatt på min siste internasjonale konferanse? Vår nye reisepolicy vektlegger bærekraft og økonomi, ikke faglige formål/hensyn?» skreiv Andersen, som er forskar 1 ved Oslomet. Han stiller også spørsmål ved den nye regelen der det heiter at: «Reiser i og utenfor Europa begrenses til det antall reiser som anses strengt nødvendig.»

For kva er eigentleg «strengt nødvendig»? Rektor Curt Rice svarar slik på spørsmålet:

– Vi har bede dei tilsette om å vurdere sjølve kva som er strengt nødvendig. Reising for offentlege midlar skal godkjennast av arbeidsgjevar på førehand, slik som i dag. Men vi bed kvar enkelt om å ta ein ekstra runde med seg sjølv med tanke på berekraft. Det vi har lært under pandemien, er at vi klarer oss med langt mindre reising, seier Rice.  

– Tek ikkje faglege omsyn

Men Andersen reagerer på at det faglege ikkje er tillagt meir vekt i den nye policyen.  

– Det står at forskarane sjølve skal vurdere om ei reise er strengt nødvendig. Men om det er administrasjonen som til slutt skal avgjere kva som er nødvendig, blir ikkje det faglege teke omsyn til, seier Andersen til Forskerforum.  

Han reiser som oftast på to internasjonale konferansar i året. Og dette har vore viktig for forskinga hans.

– Fleire av presentasjonane mine og diskusjonane på konferansar har vore svært viktig for å kunne utvikle dei vitskaplege publikasjonane mine.  

– Forskaren sjølv må avgjere

Per Martin Norheim-Martinsen, som er viserektor for forsking og utvikling ved Oslomet, seier reisene skal godkjennast av nærmaste leiar i forkant, slik kravet er for reiser i staten.

– Leiarane skal ikkje overprøve faglege vurderingar, seier Per Martin Norheim-Martinsen. Foto: Sonja Balci/Oslomet

– Det er inga endring med tanke på å be om lov til å dra på konferanse. Den bekymringa er nok overdriven, seier Norheim-Larsen. Han seier det er forskaren sjølv som må ta avgjerda.

– Om ein forskar skal presentere eit paper på ein konferanse, stiller vi ikkje spørsmål ved dette. Det er ei fornuftig grense for kor mykje ein bør reise. Men det er ikkje intensjonen at leiarane skal sitje og overprøve dei faglege vurderingane til dei tilsette.

– Men det står at «reiser til Europa og andre land skal vere strengt nødvendige?»

– Mange forskarar har hengt seg opp i dette. Føresetnaden for reisa er at ein har noko fagleg å utrette.

– Vart nekta refusjon av utgifter

Andersen er likevel skeptisk. Han var stipendiat ved tidlegare Høgskolen i Oslo og Akershus.

– Då var det ein kontrollerande administrasjonen som fleire gonger nekta å refundere utgifter eg hadde på feltarbeid og liknande. Og då blir ein litt skremd.

– Men viserektor Norheim-Martinsen seier søkeprosessen ikkje er endra?

– Om alt skal vere som i dag, forstår eg ikkje kvifor ein skriv at dette er nytt og meir strengt. Og om alt er som før, hadde vi vel ikkje behøvd dei nye reglane? Så dette heng ikkje på greip, seier Andersen.

– Forskarar må vise ansvar

Men ikkje alle tilsette er einige med Andersen. «OsloMet are certainly «walking the walk» & not just «talking the talk». Agree that it’s a brave & strong move», skreiv Clare Shelley-Egan på Facebook. Ho seier dette til Forskerforum:

– Som forskarar må vi vise ansvar, fordi vi bidreg sterkt til miljøforureining ved flyreiser til utlandet. Eg tenker særleg på konferansar der ein ofte reiser til Paris eller Milano berre for ein dag eller to, seier Shelley-Egan, som er forskar II ved Arbeidsforskingsinstituttet ved Oslomet.

– Etter mitt syn er det for mange konferansar nå, og dei fremjar ikkje alltid den faglege diskursen. Det er også viktig for forskinga, og ansvaret vi har overfor skattebetalarane, at vi blir meir selektive.

Ho meiner det er bra at Oslomet viser ansvar.

– Det er viktig at eit universitet i ein storby i eit geografisk isolert land som Noreg, kjem med eit signal om å ta miljøet på alvor, og nokre gonger er det nødvendig å ta ein sterk posisjon. Eg trur at implementeringa av politikken vil gå bra, og at det blir ein god dialog mellom meg og dagleg leiar om eg bør reise på konferanse eller ei, seier Shelley-Egan. 

– Bør unngå alle dagsmøta

Norheim-Martinsen trur forskarane allereie tenker seg om to gonger med tanke på tidsbruk og om det er nødvendig  å dra på ein konferanse.

– Fleire er uroa over konsekvensane for forskinga om det blir vanskelegare å reise?

– Eg trur folk er litt bekymra for at vi endrar praksisen, men det er einingane som har ansvar for budsjettet som avgjer dette.

– Men bør dei tilsette reise på færre konferansar enn tidlegare?

– Det kjem heilt an på kor mange konferansar ein tidlegare har dratt på, seier Norheim-Martinsen.

Han seier det ikkje er fagkonferansane som er den store endringa i policyen.

– Det er alle dagsmøta ein bør unngå, at ein heller legg opp til lengre møte og ikkje treng å møtast så ofte. I Noreg og Norden er det ei endring i haldningane med tanke på at mykje kan takast over nett. Det store klimaavtrykket er jo dei lange flyreisene. Elles er hovudregelen vår at ved reiser i Sør-Noreg skal ein ta tog heller enn fly.

  • Les også: