Publisert 20. november 2019
I dag er det sju regionale forskingsfond (RFF) i Noreg, og i kvart av fonda har minst to fylkeskommunar samarbeidd om bruken av midlane. Men frå nyttår vil kvart fylke få sitt eige regionale forskingsfond, og midlane vil bli fordelte på elleve fylkeskommunar.
Jenny Følling (Sp), som er fylkesordførar i Sogn og Fjordane og avtroppande styreleiar for RFF Vestlandet, er blant dei som har reagert på det nye forslaget til fordeling av midlane.
– Dei fylka som Stortinget har vedteke å slå saman, blir straffa i den nye fordelingsnøkkelen. Når potten skal fordelast på fylka, vil dei som slår seg saman med andre, få mindre enn før, har Følling uttalt til Forskerforum.
I eit skriftleg spørsmål til Stortinget har stortingsrepresentant Heidi Greni (Sp) bede kommunal- og moderniseringsministeren om ein tabell som blant anna samanliknar kva den gamle fordelingsnøkkelen ville ha gjeve alle fylka med ny fylkesstruktur, og korleis fordelinga blir med ny fylkesstruktur og ny fordelingsnøkkel.
Slik det er i dag, blir 5 prosent av midlane sett av til fondsregion Nord-Noreg, medan 95 prosent blir fordelte til fondsregionene. 50 prosent av midlane blir fordelte etter talet på fylke i fondsregionen, og 50 prosent etter folketalet i desse fylka. Men i det nye forslaget til fordeling skal 60 prosent av midlane bli fordelte likt mellom kvart nytt fylke, og 40 prosent skal fordelast etter folketalet. Dette medfører ei omfordeling mellom fylka, der samanslåtte fylke kan få mindre enn dei fekk tidlegare.
I svaret, som kjem frå forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø, blir det blant anna vist til ein tabell som samanliknar den gamle fordelingsnøkkelen som gjeld ut året 2019 og den nye fordelingsnøkkelen som er foreslått frå 1. januar 2020.
Det fylket som vil tape mest, er Viken. Den nye fylkeskommunen vil få 2,5 millionar mindre med den nye fordelinga. Oslo vil få 663 000 mindre, medan Vestland tapar 505 000 kroner.
Til grunn for tabellen ligg Statistisk sentralbyrå sin statistikk for folketalet i 2019 og ei samla løyving til regionale forskingsfond for 2020 på 189,1 millionar kroner.
Fylke | Fordeling 50-50 | Fordeling 60-40 | Differanse ny og gamal fordeling |
Agder | 13 313 | 13 917 | 604 |
Innlandet | 14 690 | 15 019 | 329 |
Møre og Romsdal | 12 641 | 13 379 | 738 |
Nordland | 16 998 | 17 810 | 813 |
Oslo | 19 649 | 18 986 | – 663 |
Rogaland | 16 186 | 16 215 | 29 |
Troms og Finnmark | 16 992 | 17 806 | 814 |
Trøndelag | 15 990 | 16 059 | 69 |
Vestfold og Telemark | 15 322 | 15 524 | 202 |
Vestland | 18 860 | 18 355 | -505 |
Viken | 28 478 | 26 049 | -2 429 |
Det såkalla nordtillegget, det vil seie 5 prosent av den totale løyvinga som går til Nordland fylke og Troms og Finnmark fylke, er rekna inn i fordelinga. Dette utgjer i overkant av 4,7 millionar til kvar av dei to nord-norske fylkeskommunane.
Statsråd Nybø gjer i svaret sitt merksam på at andre fordelingar av forskingsmidlar slår annleis ut for fylka, og at desse midlane må sjåast i samanheng med fordelinga til regionale forskingsfond.
Blant anna kjem midlar frå Noregs forskingsråd i stor grad forskingsmiljøa i Oslo, Viken og Vestland til gode, skriv Nybø.