Her er fem tips til deg som skriv doktoravhandling
LUKK

Her er fem tips til deg som skriv doktoravhandling

Av Johanne Landsverk

Publisert 12. desember 2017 kl. 23:39

Doktoravhandlinga di må ikkje vere genial eller nyskapande, meiner Silje Bringsrud Fekjær.

Forfattaren Silje Bringsrud Fekjær, som no kjem ut med boka Ph.d.–en veiviser, skulle gjerne ha visst fem ting før ho begynte på doktorgraden:

1) Avhandlinga di må ikkje vere genial eller utrulig nyskapande. Det held om du flyttar ein bitte liten del av forskingsfronten eit musesteg framover.

2) Det finst ein norm for korleis ein skriv akademiske tekstar generelt og forskingsartiklar spesielt. Når du har lært deg denne, blir det neste du skriv mykje lettare å få til.

3) Som stipendiat kan du forvente og krevje oppfølging frå rettleiaren. Men god rettleiing føreset også at stipendiaten gjer sin del.

4) Det er vanleg å gå rundt og vente på at nokon skal avsløre at du eigentlig ikkje er flink nok og ikkje har noko i akademia å gjere. Dette treng ikkje å være ei objektiv sanning sjølv om det kjennest slik for deg.

5) På disputasen har du heile salen på di side: Det er vennene dine, familien din og kollegaene dine som er der. Viss ein disputas går bra, snakkar ein etterpå om kor bra kandidaten klarte seg. Viss disputasen går dårleg, snakkar ein om kor rare spørsmål opponentane stilte, og om dei eigentlig hadde lese avhandlinga godt nok.

Les også: Skrivetips: Pynter du deg med ord?

Fekjær er professor ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Ho er sosiolog med lang farts tid som rettleiar for doktorgradsstipendiatar, og i boka kjem ho med gode råd til stipendiatane før dei begynner.

– Mange stipendiatar startar opp med å ville noko stort. Men så ender alle opp med å lage ein bitte liten bulk inn i den store forskingsfronten. Og dette er heilt greitt, meiner ho.

– Utgangspunktet mitt for å skrive denne boka er først og fremst mi eiga oppleving då eg starta på doktorgraden. Det burde eigentleg ha vore ha ganske lett for meg: Eg var fødd inn i akademia, eg hadde eit godt prosjekt og ein god rettleiar, og eg hadde jobba i akademia i fire år. Men sjølv om eg hadde dei beste føresetnadene, syntest eg det var mystisk og vanskeleg. Eg trur mange stipendiatar i dag kjenner på det same, seier Fekjær.

Finst ikkje éin rett måte

I Noreg er det ikkje kome ut tilsvarande bøker for doktorgradsstipendiatar.

– Det finst ein del utanlandsk litteratur som inneheld råd til ph.d.-studentar. Det som har slått meg, er at den norske doktorgradsstipendiaten er svært ulik stipendiatar i andre land. I mange andre land er stipendiatane svært unge, og blir behandla som studentar. Norske stipendiatar er vaksne, reflekterte personar, som ein ikkje snakkar ned til.

Les også: – Skriv så bestemoren din kan forstå det 

Fekjær er oppteken av at det ikkje finst éin rett måte å gjennomføre doktorgraden på.

– Eg ønskjer å vise fram ulike alternativ. Og når du jobbar i akademia, er det så lett å ta for gitt den kunnskapen ein har. I boka fortel eg om nokre av dei hemmelege kodane.

– Kva er ditt beste råd for stipendiatar i startfasen?

– Det er å skaffe seg ei avhandling som minner om den du har tenkt å skrive, for å få ei aning om kvar du skal.

– Kva er det som oftast går feil undervegs?

– Mange fokuserer for lite på sjølve avhandlinga. Dei gjer for mykje ved sidan av, og mange bruker for lang tid på å kome i gang med skrivinga.

Ho viser til den siste undersøkinga frå NIFU frå 2017 om doktorgradskandidatar i Noreg.

– Ifølgje NIFU-rapporten opplever mange stipendiatar at til dømes pliktarbeid tek mykje meir tid enn avtalt. Så det er ikkje alltid stipendiaten som gjer feil.

Byter ikkje rettleiar

Fekjær meiner institusjonane som utdannar stipendiatar må ta større ansvar. Både rettleiarar og andre må sjå til at stipendiatane kjem raskt i gang, og at dei kjem seg gjennom.

– Vi ser på gjennomføringsgraden at det fortsatt er ganske vanskeleg å ta doktorgraden på normert tid. Mange blir forsinka, og ein del leverer aldri.

Ifølgje stipendiatundersøkinga frå 2017 er det svært få som byter rettleiar undervegs.

– Mange opplever at rettleiaren ikkje fungerer, men dei bytar likevel ikkje. Dette er urovekkande, meiner Fekjær.

Ho meiner det er laga ein norm, der terskelen for å byte rettleiar er for høg.

– Så her bør det bli ei endring, meiner ho.

Les også: