Det studentane vil ha, er ikkje alltid det dei lærer mest av. Nye digitale læringsformer kan blåse liv i passive førelesingar.
p--nett-med-studentane

– Vi ønskjer å finne ut om praksis bør vere ein del av utdanninga i biologi, seier Torstein Nielsen Hole (t.v.) og Gaute Velle.

p--nett-med-studentane

– Alle har jo mobiltelefon med seg, så no stiller eg heller spørsmål som dei svarar på via telefon, pc eller nettbrett, fortel Christian Jørgensen.

– Eg likar ikkje å undervise. Eg synest førelesingssituasjonen er ubehageleg, seier førsteamanuensis Christian Jørgensen ved Institutt for biologi ved Universitetet i Bergen (UiB). Likevel har han fått fleire prisar for undervisninga si. I fjor fekk han læringsmiljøprisen ved UiB, og i januar i år fekk han pris for framifrå undervisning av Olav Thon Stiftelsen, blant anna for å ha utvikla studentaktive, dialogbaserte undervisningsformer.

No sit Jørgensen på kontoret sitt på Institutt for biologi. Han har undervisningsfri eit heilt semester.

– Sjølv om eg ikkje likar å undervise, likar eg ikkje å gjere ein dårleg jobb heller. Ein må også respektere tida til studentane. Om ein har 150 studentar i to timar, er det 300 verdfulle timar som kan gå rett i vasken.

Les også kronikk: Digital bakevje.

Ved universiteta har det ikkje vore nokon kultur for å lese seg opp på det siste nye innan undervisning.

Instituttet hans er knytt til Senter for framifrå utdanning i biologi, eller bioCEED. Senteret starta opp i 2014, og er eitt av fire senter for framifrå utdanning (SFU). Nyleg lyste Nokut ut midlar for oppretting av frå tre til seks nye slike senter.

Så kva driv dei med ved bioCEED, og korleis påverkar senteret læringsmiljøet?

– Vi er heldige som har dette senteret, meiner Jørgensen.

– Blant anna er vi på «Teachers retreat» ein gong i året. Då dreg vi på hotell og diskuterer ting som har med undervisning å gjere. Det var heilt merkeleg den første gongen då vi sat og drakk raudvin utover kvelden og alle snakka om undervisning og undervisningsmetodar. Det hadde vi aldri gjort før. Undervisning har vore eit slags personleg traume som mange universitetstilsette har gått rundt med. Det er noko vi må gjere, men mange synest ikkje dei får det heilt til.

Berre kultur for forsking

På nabokontoret sit professor Øivind Fiksen, som tidlegare var undervisingsleiar ved instituttet.

– Vi er jo forskarar, og som forskar må du heile tida lese deg opp på det siste nye innan forskingsfeltet. Men når det gjeld undervisning, er det så lett å gjere det same som du alltid har gjort. Ved universiteta har det ikkje vore nokon kultur for å lese seg opp på det siste nye innan undervisning. Dette ønskjer vi no å endre på, seier Fiksen.

Jørgensen seier han har fått mykje hjelp av den tidlegare undervisningsleiaren.

– Han har pusha meg og sagt at eg ikkje må skru av forskarhovudet når eg går inn i klasserommet. Eg må bruke dei same kriteria som eg brukar når eg forskar for å finne ut kva som fungerer, og prøve å påvise effektar av undervisninga. Det finst mykje litteratur som viser kva studentane lærer av, og kva som gjev læringseffekt i motsetnad til hyggeeffekt.

 

[wip4: photo=759088 width=512 align=middle]

For Jørgensen er av dei som eksperimenterer med førelesingane sine.

– Det finst mykje forsking som seier at ein berre kan halde på konsentrasjonen til studentane i eit kvarter, så eg prøver å snakke maks eit kvarter før eg finn på noko anna. Då eg begynte å undervise for tre år sidan, la eg merke til at det berre var nokre få som rekte opp handa då eg stilte spørsmål i timen. Og det var dei same som svarte heile tida, kanskje berre fem–seks av 120 studentar. Resten sat vel og sjekka Facebook, kva veit eg? Alle har jo mobiltelefon med seg, så no stiller eg heller spørsmål som dei svarar på via telefon, pc eller nettbrett. Når studentane kan svare anonymt, blir terskelen låg. Fleire blir med, og vi kan diskutere svara i plenum.

– Færre duppar av

Jørgensen hentar fram mobiltelefonen og viser korleis ein kan klikke på ulike svaralternativ. Vassrette søyler kjem fram på veggen, der ein ser kor mange som har svart rett, og kor mange som tek feil.

– Søylene flyttar seg heile tida, og om mange svarar feil, kan eg be studentane gå saman og diskutere og bli einige om eit nytt svaralternativ. Det fine er at eg kan plukke opp kvar problemet ligg der og då, og så justere undervisninga etter det. Studentane er med på å påverke det som skjer, og det er færre som duppar av i timen.

Men kva meiner studentane? Vi går inn på laben, der studentar sit konsentrerte over mikroskopa. Dei fleste her hadde Jørgensen som lærar sist semester.

Jessica Anne Hough og Hedda Victoria Barfod Ørbæk synest Jørgensen har fortent prisane for god undervisning.

– Det er ikkje berre bruken av mobiltelefon og tilbakemeldingssystemet som er bra. Han har god struktur på førelesingane, slik at stoffet blir lett å forstå. Når han bruker PowerPoint, går han direkte «to the point», seier Hough. Og dei to er einige om ein ting:

– Han er inspirerande og verkar lidenskapleg interessert i det han snakkar om. Det set vi studentar veldig pris på.

Men Jørgensen ser litt skeptisk ut:

– No blir eg jo litt redd, for eg ønskjer ikkje at det skal bli for mykje underhaldning på førelesingane. Det er ikkje nødvendigvis det studentar lærer av.

Problemet er ikkje å få til undervisning med høg hallelujafaktor, spørsmålet er kva studentane lærer.

– Førelesing er behageleg

Professor Vigdis Vandvik, som er leiar for senteret, seier studentar flest er glade i førelesingar.

– Det kjem også fram i ei stor ny undersøking her ved senteret. Studentane vil ha slike David Attenborough-typar som kan fortelje om spennande ting. Det er jo behageleg, for då kan dei slå på den mentale skjermspararen. Men sjølv om studentane synest dei lærer mykje av tradisjonelle førelesingar, så veit vi at dei ikkje gjer det. Det har vi visst i 20 år, seier Vandvik.

Likevel er det mange som held på som før.

– Det er lettvint, og mange likar å førelese, det har vi tal på. Universitetsprofessorar er som regel ganske sjølvopptekne. Og det å få stå framfor ein gjeng med unge menneske som synest det du seier, er gøy, er så klart ein egotrip. Eg er sjølv blant dei som elskar å førelese. Så problemet er ikkje å få til undervisning med høg hallelujafaktor, spørsmålet er kva studentane lærer.

Ho fortel at studentane gjerne blir meir misnøgde om undervisninga blir lagd om frå ei passiv førelesing til ei undervisning som krev meir av dei.

– Om vi berre måler kor nøgde studentane er med undervisninga, vil ei meir aktiv undervisning få dårlegare resultat.

– Kjenner seg aleine

Ved senteret er dei inspirerte av ei internasjonal retning som heiter Scholarship of Teaching and Learning. Ifølgje Vandvik er undervisninga til Jørgensen eit typisk døme, fordi han aktiviserer studentane og jobbar målretta med å finne ut kva studentane får med seg.

Senteret jobbar også mykje med lærarkulturen.

– Som forskarar samarbeider vi og kritiserer kvarandre. Vi har ein veldig open kultur. Men når det gjeld undervisning, er vi i auditoriet aleine med studentane. Tilbakemeldingane vi får, er ikkje frå kollegaene, men frå studentane, og dei går som regel meir på kva studentane likar eller ikkje likar, enn på kva dei lærer.

Ho er difor oppteken av at dei som underviser, må jobbe meir saman og gje tilbakemeldingar til kvarandre.

– Om du får dårlege tilbakemeldingar som førelesar, er det lett å ta kritikken personleg: Studentane likar meg ikkje! Men vi må heller stille spørsmålet: Lærer dei? Med ei forskande tilnærming er det lettare å tenke at det ikkje er meg det er noko gale med. Det er undervisningsmetoden som ikkje fungerer.

– Men alt dette tek vel mykje tid?

– Vi skal ikkje bruke meir tid på undervisning, vi skal bruke tida annleis. I staden for å telje kor mange timar undervisning vi har med studentane, tel vi timar vi jobbar med undervisning. Målet er at vi skal ha 20 prosent mindre reine førelesingar om fem år. Då får vi meir tid til å planlegge og jobbe saman med studentane.

bioCEED

  • står for Center of Excellence in Biology Education
  • er knytt til Institutt for biologi, Universitetet i Bergen og Arktisk Biologi, Universitetssenteret på Svalbard (UNIS)
  • er eitt av fire senter for framifrå utdanning (SFU)
  • vart oppretta i april 2014 for ein periode på fem år

Lite forsking i Noreg

Senteret er integrert i undervisninga ved Institutt for biologi, og det er dei tilsette ved instituttet som held kursa og prøver ut undervisningsformene.

Øyvind Fiksen er i gang med teambasert læring dette semesteret.

– Vi prøver ut veldig mange nye ting her no, seier han.

– Eg skal prøve ut teambasert læring for første gong, og det er ei heilt anna tilnærming til undervisning, i den forstand at studentane må møte førebudde og arbeide i timen, og ikkje berre sitje og lytte. Studentane får utdelt problem dei skal løyse, og får nesten ikkje tradisjonelle førelesingar.

Vandvik seier det er mange i Noreg som jobbar med metodar som problembasert læring, teambasert læring og andre undervisningsteknikkar.

– Men det er få som forskar på læring i høgare utdanning i Noreg, så her ved senteret bygger vi mest på internasjonal forsking.

– Er det verkeleg slik at alle professorar kastar seg inn i nye eksperiment?

– Nei, nokre meiner nok dei er så flinke at dei ikkje treng dette. Men samtidig har det vore eit stemningsskifte ved instituttet det siste året.

Forskar på studentane

Vanvik brenn for at biologistudentar skal få med seg eit praksiskurs i løpet av biologiutdanninga.

– Det at vi jobbar med å få studentar ut i praksis, var nok ein viktig grunn til at vi fekk dette senteret, trur Vandvik.

Vi har videoopptak av alle førelesingane som ligg på nett. Det er veldig ubehageleg.

Verre var det då ho første gong la fram forslaget for dei tilsette.

– Ein av professorane sa: «Vi er då ikkje nokon yrkesskule heller!» Men eg håpar då verkeleg at vi er ein yrkesskule, i den forstand at studentane våre kjem ut i jobb etter dei er ferdige. Noko anna ville vore trist. Men mange biologistudentar synest det er uklart akkurat kva dei kan bli, og difor har vi inngått avtale med bedrifter og organisasjonar om at studentane får kome ut i praksis. Dei jobbar i 200 timar som biolog og får ti studiepoeng.

Gaute Velle har ansvar for praksiskurset. Han er forskar ved forskingsorganisasjonen Uni Research og professor II ved UiB. I dag skal han møte studentane for første gong og fortelje kva som blir forventa av dei i praksisperioden.

I klasserommet sit spente studentar som får tildelt praksisplassane sine: Dei blir spreidde til ulike verksemder som Havforskingsinstituttet og Naturvernforbundet.

– Vi kjem ikkje til å leggje vekt på kva de har gjort, men kva de har lært. De må sjølve fortelje kva de lærer undervegs som de ikkje ville ha lært på skulebenken, seier Velle til studentane.

Dei skal nemleg skrive blogg under praksisopphaldet, og til slutt ein rapport.

– Vi forskar også litt på dykk, seier Velle. For vi lurer på om det er ein god ide med praksis som del av biologiutdanninga. Og kva har de lært her som de vil få bruk for i arbeidslivet?

 

[wip4: photo=759091 width=512 align=middle]

Ser på karakterane

Stipendiat Torstein Nielsen Hole forskar på bloggen, og jobbar med kvalitative metodar.

Men går det an å måle læring ut frå ein blogg?

– Eg analyserer kva dei skriv. Dette er tredje semesteret vi har kurset, og vi har alt ein del resultat. Studentane får med seg svært ulike former for læring, avhengig av kvar dei kjem, og kva dei jobbar med. Praksisen gjev mykje ny kunnskap og erfaring, som evne til samarbeid, seier Hole.

Senterleiar Vandvik seier studentane kjem med svært gode tilbakemeldingar på praksisopphaldet, og det gjer også bedriftene. Senteret har to stipendiatar og ein postdoktor som forskar på læring i biologi, og dei følgjer opp nye tiltak som til dømes praksiskurset. Dei har også ansvar for den store spørjeundersøkinga som er send til alle biologistudentane og dei fleste undervisarar i heile Noreg, i tillegg til mange bedrifter.

– Her blir studentane blant anna spurde om å vurdere ulike typar undervisning, og fleire studentar har gjeve løyve til å kople svara til karakterane dei får. Då vil vi kunne sjå korleis studentane sine oppfatningar av læring påverkar læringsutbyttet deira, seier ho.

Filmar undervisninga

Også eit anna prosjekt er nytt av året:

– Vi skal filme undervisninga under førelesingane og på laben: Er det einvegskommunikasjon eller interaksjon mellom førelesar og studentar?

– Filmar de også studentane?

– Nei, på grunn av det etiske regelverket filmar vi berre førelesaren. Men vi har på lyd, så vi høyrer kva studentane gjer, og om dei diskuterer seg imellom. Vi skal studere filmane for å få betre data på kva som faktisk skjer i undervisninga.

Men Jørgensen, han skal ha eit halvt års pause.

– Ja, det er eg glad for, for eg gruar meg så lenge i forkant av undervisninga. Eg trivst ikkje med å stå framfor så mange menneske, som veg alt eg seier. Vi har videoopptak av alle førelesingane som ligg på nett. Det er veldig ubehageleg.

– Dette semesteret skal eg forske, og det gler eg meg til!