
Vi startar med mistanken: Finst det rom for fri og kritisk forsking på norsk utanrikspolitikk? Eller er nesten alt styrt av dei som fører politikken og sit på pengesekken og kjeldematerialet?
Kritikken mot den utanrikspolitiske semja har kome frå høgre, venstre og sentrum, frå sosialistar som Sigurd Evensmo på 1950-talet til den konservative statsvitaren Asle Toje i dag. «Forskning på norsk utenrikspolitikk skjer i en tåke av konsensus», skreiv Bergens Tidende på leiarplass i 2009. Slik kritikk var råkande, meiner eksdiplomat og eksforskar Henrik Thune. Men no er problemet eit anna, slik han ser det: Den utanrikspolitiske forskinga har blitt mykje friare, med meir grunnforsking, men samtidig mindre relevant for politikken.
– I eit land som Noreg er det alltid ein risiko for å få konsensussirklar. Men vi ser ikkje lenger så mykje samansmelting av forsking og politikk. Problemet er at vi som land har mista dei strategiske romma for å diskutere utanrikspolitikk, seier Thune.
CV-en hans dekker det meste av feltet: doktorgrad i statsvitskap ved Universitetet i Oslo (UiO) og London School of Economics, forskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI), seniorrådgjevar i Utanriksdepartementet (UD), direktør for NOREF Senter for internasjonal konfliktløysing, statssekretær for Ap. I dag er han forfattar og deltids rådgjevar tilknytt NOREF. Thune har skrive fleire bøker, mellom anna Hva Norge kan være i verden ogStrengt fortrolig – Norges hemmelige forsøk på å stanse krigen i Libya. Dette intervjuet er ein invitasjon til å tenke høgt og fritt om den utanrikspolitiske forskinga i Noreg.

Ein angrepsvinkel til feltet er synspunkta til samfunnsgeografen Terje Tvedt, som i mange år har kritisert det såkalla humanitærpolitiske komplekset: ei særnorsk blanding av utanrikspolitikk, bistand, forsking, aktivisme og journalistikk, med kvelande konsensus som resultat.
– Du har levd i det utanrikspolitiske systemet i snart 30 år. Kjenner du at kritikken frå Tvedt er råkande?
– Som eit historisk bilete hadde framstillinga hans mykje for seg. Det var rett nok ikkje så mange personar som Jan Egeland, som gjekk att og fram mellom forsking, politikk og bistandsorganisasjonane. Problemet var meir økonomisk og strukturelt. Men kritikken av den norske modellen for såkalla engasjementspolitikk stemte bra.
Modellen Thune siktar til, innebar eit nært og ofte uformelt samarbeid mellom styresmakter, bistandsorganisasjonar, fagrørsle og forskingsinstitusjonar.
– Kva meiner du er endra?
– Det Terje Tvedt kritiserte, var eit nasjonalt regime. Det utanrikspolitiske feltet har blitt meir internasjonalt dei siste 10–15 åra, og det kunnskapspolitiske regimet er endra. Dette høyrest kanskje ut som eit slags sjølvforsvar frå mi side, men eg trur at det er mindre elitesirkulasjon og ryddigare relasjonar enn det var, seier Thune.
Da Thune vart forskar ved NUPI på slutten av 90-talet, var det i stordomstida til freds- og forsoningspolitikken. Oslo-avtalen var rekna som ein stor suksess, og ambisjonsnivået for norsk diplomati var skyhøgt. Institusjonar som NUPI og Chr. Michelsens Institutt (CMI) vart flittig brukte av UD som kunnskapsleverandørar, og vart i stor grad finansierte av departementet. Det same var tilfellet med PRIO senter for fredsforskning, som før hadde spela ei meir opposisjonell rolle.
Symbiosen mellom utanrikspolitikk og forsking fekk nye former medan Jonas Gahr Støre var utanriksminister frå 2005 til 2012. Støre sette mellom anna i gang Refleks-prosjektet, ein gjennomgang av norsk utanrikspolitikk med forskarar, embetsfolk og sivilsamfunn involvert. Somme såg Refleks som ei sunn opning av ordskiftet, andre var kritiske: «Den store debatten om norsk utenrikspolitikk skulle aldri vært ledet av staten selv», skreiv statsvitar Helene Sjursen i Morgenbladet. Henrik Thune var ein av dei to prosjektleiarane for Refleks.
– Kva slag kunnskapsproduksjon var dette?
– Om eg skal svare kritisk, vil eg vel seie at det var av det legitimerande slaget. Prosjektet var drive av embetsverket, og målet var å dra forskarar inn for å få i gang tenkinga. Det var ei gjennomtenking av kva Noreg skulle vere i verda. Men eg vil ikkje kalle det forsking, og det vart ikkje presentert som det.

Dei som ville drive kritisk forsking på utanrikspolitikken, kunne møte hard motstand. Til dømes Hilde Henriksen Waage, som i dag er historieprofessor ved UiO. I mars i år fekk ho Fritt Ord-prisen. I takketalen fortalde Waage at ho alt som hovudfagsstudent i 1987 vart kalla inn på teppet av UD og truga med injuriesøksmål fordi oppgåva hennar dokumenterte intern strid i departementet om anerkjenninga av Israel i 1948.
– Det er ikkje så mykje ein kan seie om den historia, anna enn at ho er utillateleg. Det vil vere naivt å tru at det ikkje kan kome press frå statlege institusjonar overfor forskarar framleis. Men eg er sikker på at UD har endra seg sidan da. Det Waage skildrar, var ei stygg side av kulturen som no er endra. Blant anna blir mykje meir av forskingsmidlane no forvalta av Forskingsrådet, med breie, opne utlysingar, seier Thune.
– Seinare skapte forskinga på Oslo-prosessen problem for Waage. Det var ikkje enkelt å vere PRIO-forskar og ligge i strid med ei sentral finansieringskjelde?
– Det er klart. For 25 år sidan kom ein ganske stor del av finansieringa til både PRIO og NUPI rett frå fagavdelingane i UD. Så skal det seiast at det aldri har vore konsensus internt i UD om Noregs rolle i Midtausten. Den har vore omstridd også i departementet, fortel Thune.
– Da eg byrja å arbeide i UD i 2006, la eg merke til at motstanden mot Noregs rolle i Midtausten var større i viktige avdelingar der enn i samfunnet elles. Mykje av konsensusbygginga vår om krig og fred har alltid vore kopla til nasjonsbygging og nasjonalt sjølvbilete. Offentlegheita har ofte vore meir oppblåst på dette feltet enn dei diplomatiske miljøa.
Røtene til den breie konsensusen går attende til etableringa av norsk utanrikspolitikk rundt 1905, og heldt fram gjennom den kalde krigen, meiner Thune: For eit land som Noreg vart det lenge sett på som ein styrke å ha semje om utanrikspolitikken. Dette påverka også akademia.
– I politikken var det semja mellom Ap og Høgre som var tyngdepunktet, og dei fleste norske medium har vore lojale til hovudlinene. Det er fordelar med dette, som at Noreg kan føre ei konsekvent line over tid. Men det er tøft å utfordre politikken offentleg. Du risikerer å legge deg ut med mange.
– NUPI-forskar Julie Wilhelmsen har fått hard medfart for synspunkta sine på Russland dei siste åra?
– Ja, og det er enda verre å utfordre konsensus i tryggingspolitikken enn i utanrikspolitikken elles. Der er forskingsinstitusjonane enda meir samanvevde med statsapparatet. Institutt for forsvarsstudium og Forsvarets forskingsinstitutt er jo direkte underlagde høvesvis Forsvarets høgskule og Forsvarsdepartementet. Og den tryggingspolitiske konsensusen er ekstra sterk når vi no opplever at Noreg er truga. Da blir vilkåra for kritikk ekstra vanskelege.
Som statssekretær i 2022 og 2023 opplevde Thune at takhøgda i embetsverket var større enn i det offentlege ordskiftet.
– Eg var i UD da storinvasjonen av Ukraina skjedde, og debattane der var ganske frie. Men ein del synspunkt som vart framførte ope internt, var ikkje comme il faut når Julie Wilhelmsen eller Asle Toje framførte liknande innvendingar offentleg. Somme av spørsmåla deira vart framstilte som nærast illojale. Dette er noko som skjer når folk opplever at ein krig angår oss direkte. Da slår det inn ei særeigen einsretting som ikkje gjev stort nok rom for samtalen vi treng for å bu oss på ei uføreseieleg framtid.
Semja i tryggingspolitikken gjev ekstra grunn til å vere på vakt, meiner Thune.
– Her vil eg setje opp ein varseltrekant. Har vi eigentleg nok fri og kritisk forsking på det tryggingspolitiske feltet? Dette er det feltet der vi kan bomme mest alvorleg. Eg synest kritikken til Terje Tvedt i dag er mest råkande for tryggingspolitikken.
– Der er det òg svært kostbart å gjere feil val?
– Ja. Om vi bygger ein dårleg struktur eller kjøper inn feil våpen på grunn av dårlege analysar, eller fordi vi let ideologi og lojalitet styre, blir det enormt dyrt. Her er kontrære og kritiske synspunkt heilt avgjerande. No brukar vi mykje på forsking som ser ut til å stadfeste semje, og for lite på å invitere inn kritisk forsking og motstemmer. Historia viser at dette kan slå feil. Eit døme er semja om kva slag forsvar Norge trong etter at den såkalla krigen mot terror tok til i 2001.

I den reint utanrikspolitiske forskinga meiner Thune at den akademiske fridomen har blitt mykje større. Det har mest med pengane å gjere.
– Dei siste 20 åra er finansieringsmodellen for utanrikspolitisk forsking heilt endra. Før løyvde fagavdelingane i UD meir direkte til institusjonar som NUPI eller PRIO. I tillegg var grunnløyvingane frå staten langt større. No kjem mykje meir av pengane via Forskingsrådet og EU, og insentiva er heilt annleis. Det er publisering av fagfellevurderte artiklar i gode internasjonale tidsskrift som blir premiert. Det betyr ikkje at prioriteringa er politisk nøytral. Men inntrykket i statsforvaltinga er at globale trendar er viktigare enn spissa politiske samfunnsmål. Eg trur dette kan være eit problem for Noreg og dei særlege utanrikspolitiske behova våre.
Samtidig som dreiinga av pengestraumane har gjort forskinga friare, har ho blitt mindre relevant for dei som fører utanrikspolitikken, meiner Thune.
– Norsk utanrikspolitikk er jo ikkje så veldig interessant for dei store fagtidsskrifta. Dermed får vi færre forskarar som er kompetente på dette. UD tingar framleis ein del rapportar frå forskingsmiljøa, men omfanget er mindre. Slike oppdrag har òg fått mindre verdi for forskarane. Spørsmålet er: Har vi nok kunnskapsproduksjon om norsk utanrikspolitikk, med dei store endringane som skjer rundt oss?
Thune heller mot at svaret er nei. Og når norske forskingsmiljø ikkje lenger kan levere den kunnskapen som trengst, finst det andre tilbydarar.
– Det er svære kunnskapsprodusentar i tenketankane i Washington og Brussel. Dette er jo ein internasjonal diskurs. Særleg i USA er det tett samband mellom tenketankmiljøa og den utøvde utanrikspolitikken, og folk går att og fram mellom politiske verv, forskingsinstitusjonane og tenketankane.
Ideane frå slike miljø er i dag viktigare i den norske statsforvaltinga enn det som skjer ved norske forskingsinstitusjonar, meiner Thune.
– Mykje av policyproduksjonen skjer i USA. Når det dukkar opp nye utanrikspolitiske konsept der, blir det kjapt plukka opp her òg. Norske politikarar og embetsverk i UD les dei same tinga som folk les i USA.
– Om du vender perspektivet: Korleis ser forskinga på utanrikspolitikk ut frå innsida av politikken?
– I diplomatiet og som statssekretær såg eg ikkje mykje innverknad frå forskinga. Eg har ikkje inntrykk av at forskingslitteraturen blir lesen i særleg grad. UD tingar enno rapportar frå forskingsinstitusjonane, men eg trur ikkje dei blir mykje lesne, seier Thune.
Han meiner utanrikspolitikken i røynda er langt mindre strategisk enn dei fleste ser for seg.
– Frå utsida ser mange for seg at dette er langsiktige, kalkulerte og strategiske greier. Tenk på figurar som dei amerikanske strategane Henry Kissinger og Zbigniew Brzezinski (rådgjevar for president Carter, red.mrk.), det mytiske, den lange, djupe analysen.
Under den kalde krigen var faktisk norsk utanrikspolitikk basert på meir langsiktig analyse, meiner Thune.
– Etter den andre verdskrigen og opprettinga av Nato var det lenge politisk konsensus om dei store linene. Men no treng vi nye liner, og politikken er for sterkt prega av nyhendeagendaen.
– Da treng kanskje ikkje UD så mykje vitskapleg kunnskap lenger?
– Jau, behovet er stort. I dag har vi ikkje lenger ordentlege strategiske rom for å diskutere utanriks- og tryggingspolitikk – ikkje i UD, ikkje i partia og ikkje i forskingsinstitusjonane. Forskarane har masse kompetanse, men dei manglar insentiv for å gjere kunnskapen sin relevant. Behovet er stort. Det står ikkje på viljen, men på rett finansiering.
– Kva treng UD forskinga til, da?
– Vi treng den djupe, sakte forskinga også for å få kunnskap som er nyttig for politikken. Når vi manglar djupna, går det ut over evna til å tenke kritisk. Og no treng vi å tenke nytt om både utanrikstradisjonen og tryggingspolitikken. Vi har ein ny geopolitisk situasjon: Kina ekspanderer, USA er uføreseieleg. Vi må finne ut kva slags land vi skal vere i verda.
Å berre hente inn kjappe rapportar for å dekke akutte behov er ikkje nok, meiner Thune.
– Dette gagnar oss ikkje på lang sikt. Mange andre land tenker mykje meir strategisk enn vi gjer. Forskingssektoren vil gjerne delta i strategisk tenking, og embetsverket treng det. Likevel skjer det ikkje.
– Det burde vel finnast spennande tema å forske på i norsk utanrikspolitikk?
– Absolutt. Men i dei internasjonale tidsskrifta er det mykje lettare å få publisert artiklar om USA, Kina eller Europa enn artiklar som er direkte relevante for Noregs særmerkte situasjon.

I hovudsak er framstillinga til Henrik Thune rett, meiner Iver B. Neumann, direktør ved Fridtjof Nansens Institutt.
– Instituttsektoren har fått eit tyngre forskingspreg enn før, sjølv om han framleis leverer ein del nyttige saksspesifikke ting til UD. Men endringa er i hovudsak av det gode. Vi går i pluss, samanlikna med fortida, seier Neumann.
Han meiner forskarane kunne gjort meir sjølv for å gjere arbeidet sitt relevant i det offentlege ordskiftet.
– Altfor mange skriv berre for ho som sit på kontoret ved sida av. Mange forskarar klarer ikkje å formidle funna sine. I dag har vi kanskje eit dusin forskarar på utanrikspolitikk som klarer å legge av seg fagsjargongen og spisse bodskapen. På andre sida: Det er fleire enn vi har hatt nokon gong før.
Forskarane kan òg formidle kunnskapen sin direkte til avgjerdstakarane via formelle eller uformelle kanalar, påpeikar Neumann.
– Forsvarsdepartementet gjer dette langt meir systematisk enn UD gjer. Dei har årlege konferansar der forskarane kan spele inn forslaga sine direkte til departementet. Men å setje i gang eit ordskifte gjennom ein kronikk er ofte vel så effektivt.
Foto: Bård Gudim/FNI
Julie Wilhelmsen er leiar for Forskingsgruppa for Aust-Europa og Asia ved NUPI. Ho er ikkje samd i at forskinga på utanrikspolitikk har blitt verkeleg fri.
– Forskinga er nok ikkje like politisk styrt som før. Men når departementet gjev pengar via Forskingsrådet, er det jo samtidig styring på det. No når det er fokus på tryggingspolitikk, blir det til dømes utlyst mykje pengar til tryggingspolitiske studiar, seier Wilhelmsen.
– Samtidig er det nok ein viss mismatch. Når UD gjev pengar via Forskingsrådet, ønsker dei seg kanskje noko spesifikt, medan Forskingsrådet ser etter framifrå forsking og vurderer om søknadene er akademisk banebrytande. Da blir det ikkje alltid den forskinga UD vil ha.
Også innteningsplikta avgrensar den faglege fridomen, meiner Wilhelmsen.
– NUPI har hundre prosent innteningsplikt. Alle forskingsmidlar må ein konkurrere om. Når institutta har så lite basisfinansiering, blir det feil å hevde at forskinga er fri.
Wilhelmsen kan skrive under på at det er krevjande å utfordre den tryggingspolitiske semja medan krigen rasar i Ukraina. – Når vi snakkar om Russland og Ukraina, skjer det i ein situasjon der mange opplever at den norske staten og nasjonen er truga. Da er det tøft å prøve å sjå konflikten frå meir enn eitt perspektiv. I ein slik situasjon er konsensusen sterk.
Foto: NUPI


«Henrik Thune har gode poeng. Det er krevjande at forskinga om utanrikspolitikk samstundes skal vere uavhengig og relevant. Men grunnforsking og oppdragsforsking heng saman og utfyller kvarandre», skriv statssekretær Eivind Vad Petersson i Utanriksdepartementet på e-post.
Han viser til at UD støttar grunnforsking gjennom årlege løyvingar til Forskingsrådet.
«Det er ikkje gjort over natta å utvikle solid og etterprøvbar kunnskap. Difor er det viktig å investere i brei og uavhengig grunnforsking. Når grunnforskinga er sterk, blir det også enklare for UD å tinge raske analysar når vi treng det. Difor har UD nyleg inngått rammeavtalar med sju norske forskingsinstitusjonar. Det gjer det enklare å hente inn kunnskap raskt. Grunnforsking og oppdragsforsking utfyller kvarandre. Saman gir dei oss kunnskapen vi treng for å ta gode avgjerder.»
Peterson viser òg til at UD i 2023 tok initiativ til Senter for geopolitikk, der forskarar frå fleire institusjonar skal gje perspektiv på store utanrikspolitiske spørsmål.
Foto: Sturlason
Saken ble først publisert i Forskerforum nr. 4/2026.