Forskerforum
Hamburgermeny
Forskerforum-logo
Mobilmeny
Forskerforum
Forskerforum-logo

Leiar | Budsjettforhandlingar

Den vesle budsjett-taparen

Tek du den, tek du den òg.

Publisert 09. november 2026 kl. 11:59

«Det vert tydelegare styring, men mindre i detalj.» Sitatet frå Eileen Fugelsnes, ny minister for forsking og høgare utdanning, står i eit intervju på Forskerforum.no. Formuleringa får meg til å tenkje på to ting. For det fyrste: Ein slåande likskap med denne: «Vi skal styre i det store og ikkje i det små». Opphavsmann? Ein tilsynelatande politisk konkurrent, nemleg Henrik Asheim (H), som hadde same statsrådspost under Erna Solberg i 2020–2021. For det andre: Kor dekkjande er bodskapen for framlegget til statsbudsjett, som kom kort tid etter intervjuet?

Den aktuelle diskusjonen om styring av universitet og høgskular har eit nøkkelord. Hint: Begrepet reduserer oss – slik i forbifarten – fyrst til kva vi kan, og så til kva vi kostar. Eg siktar til nyskapningen kompetansebudsjettet, som ifølgje Kunnskapsdepartementet skal bidra til å sikre kompetansen Noreg treng. Regjeringa vil prioritere utdanningane det er størst behov for gjennom langsiktig planlegging, budsjett og arbeidsdeling mellom institusjonane.

Tankegangen er ikkje ny, og eg vil atter trekkje linene tilbake til Solbergs regjeringstid. Torbjørn Røe Isaksen (kunnskapsminister 2013–2018) øyremerkte til dømes studieplassar til IKT og realfag. Han var oppteken av arbeidslivsrelevans som eit mål for høgare utdanning. Begrepet har iallfall to sider: nærare kontakt med praksis under utdanninga og å satse på utdanningar som arbeidslivet treng. Då Asheim var statsråd i 2021, kom «styringsmeldinga». Ifølgje denne skulle institusjonane ha hovudansvaret for studietilbodet, men departementets styringsdialog og utviklingsavtalar var viktige verktøy for å puffe institusjonane i politisk ynskt retning.

Spørsmålet om i kva grad, og på kva grunnlag, politikarane skal styre tilbodet i høgare utdanning, har vore tema for ei rekkje utval. Her er eit par: Hatlen-utvalet leverte i 2022 ei melding om finansieringssystemet for universitet og høgskular. Utvalet åtvara mot å dimensjonere utdanningane etter dagens arbeidsmarknad og ville ikkje ha premiering av studieplassar som gav jobb etterpå. Men utvalet opna for meir strategisk styring: å møte framtidas behov gjennom budsjett og dialog mellom departement og institusjonar.

At det er vanskeleg å føreseie framtida og framskrive kompetansebehov, er eit poeng i regjeringas utsynsmelding frå 2023. Like fullt varsla regjeringa der ei meir aktiv prioritering av utdanningane, og at institusjonane sjølve måtte omdisponere ressursar frå andre fag for å auke kapasiteten på prioriterte område.

Kva fridom sit lærestadene att med? Fridomen til å kutte sjølv.

Om vi ikkje no er ved vegs ende, er vi iallfall framme ved statsbudsjettet for 2027. For regjeringa la nøgd fram dette talet: Universiteta og høgskulane får ein auke i rammeløyvinga på om lag 290 millionar, utover justeringa for prisvekst. Auken er reell og betimeleg. Som i fjor er budsjettet prega av løyvingar til særskilte satsingar ved utvalde universitet og høgskular. Det gjeld blant anna fleire studieplassar innanfor helse. Realfag, teknologi og romforsking skal styrkast. Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet får størst auke. Men kostnaden til særskilte satsingar må dekkast inn, både frå andre delar av dei tilgodesette institusjonane og frå andre. 20 av 36 statlege og private institusjonar får redusert rammeløyving.

Forskerforbundet har rekna ut at løyvingane til forsking og utvikling utgjer 3,37 prosent av statsbudsjettet, den lågaste prosentdelen av budsjettet sidan 2005. Steinar A. Sæther, leiar i Forskerforbundet, meinte at problemet ikkje berre var den nye nedgangen, men den akkumulerte effekten av å vere ein liten budsjett-tapar gong på gong. Eg vil leggje til at ei slik endring i det store – løyvingane totalt – slår smertefullt ned i mange ikkje nemnde detaljar, mellom anna fagmiljøa som no må «skaffe inndekning». Dersom det store er éin ting, som kan delast opp i ein million detaljar, kan det ligge meir styring i å endre den store – totalløyvinga – enn å endre fem tusen små.

Styring i det store verkar tilforlateleg. Med alle dei spesifikke postane knytt til særskilte satsingar ved enkelt-universitet og -høgskular, kan ein diskutere om det er treffande. Kor pengane skal hentast frå, er i liten grad detaljstyrt, og med det slepp statsråden den politiske kostnaden ved upopulære kutt. Men kva fridom sit lærestadene att med? Fridomen til å kutte sjølv.

Mens myndighetene mangler en politikk, fortsetter antallet stipendiater å falle

Korleis er det å vere forskar i ein mikrostat?

Hva føles som en fornuftig og farbar vei inn i voksenlivet, akkurat nå? 

Epstein var besatt av akademia. Hva betydde det for hans image?

Lukk meny