Presis skriveglede på 889 sider pluss notar
LUKK

Presis skriveglede på 889 sider pluss notar

Av Oddgeir Osland

Publisert 16. desember 2019 kl. 14:05

Ei viktig bok om elitar og språkleg herredømme over eigne liv.

Av og til dukkar det opp bøker som kombinerer presis skriveglede med omfemnande innsikt. Men det er sjeldan dei er på 889 sider pluss notar, slik tilfellet er med Anders Johansen si siste bok Komme til orde. Om det kan vere dryg kost for ein bokmeldar, må lesaren i meg medgje at prosaen glid så presist og lettbeint over sidene at det kjennest fåfengt å peike på kor ho kunne eller burde ha vore korta ned.

Anders Johansen

Komme til orde. Politisk kommunikasjon 1814–1913

Universitetsforlaget, 2019

952 sider

Rettl. pris: kr 469

Eit startpunkt for å forstå kva ho handlar om, kan vere å kjenne på kjensla av at ein ikkje – «mere end Husdyrene paa Baasen» – har noko ein skulle ha sagt. Dei fleste av oss har kjent på denne kjensla, men for mange er ho ein vedvarande tilstand, slik det var for Camilla Collett, som brukte denne formuleringa i 1877, i ei tid då det beste for kvinner kunne være å «… Finde seg i Alt».

Boka handlar om korleis bønder, arbeidarar og kvinner braut opp frå «de stummes leir», skapte sine eigne samtalerom og inntok Stortinget og det offentlege ordskiftet. Tidsperioden er frå 1814 til 1913, det året då kvinnene – og dermed vi – fekk allmenn røysterett. Men ytringsfridom og politisk medborgarskap er ifølgje Johansen lite verd om ein ikkje har retorisk medborgarskap, det vil seie evne til å gjere seg gjeldande som myndig samtalepartnar med si eiga stemme på alle vesentlege samfunnsområde.

Dette er historia sett nedanfrå, gjennom orda og ordløysa til dei som gradvis samlar seg om å gjere den politiske arenaen til sin arena. Metoden er analyse av retoriske situasjonar, oftast munnlege situasjonar som er stenograferte eller nedskrivne på andre vis, gjerne illustrert med lengre sitat som både tek oss med inn Johansens eigen metode og inn i det språklege universet til talarane og tilhøyrarane.

Boka slår an tonen med skildringa av eit embetsmannssjikt som i 1814 målbar ein patriotisk ideologi prega av det ettertida ville omtale som svada og patos, nemningar som den tida hadde positiv valør. I den neste fasen tek den saklege kansellistilen over standen og staten, men denne blir gradvis nedkjempa av dei retoriske strategiane til leiarane av den folkeleg demokratiske opposisjonen som etter kvart nedkjempar embetsmannsstaten. Først gjennom bondeopposisjonen som hentar den retoriske krafta si utanfor Stortingssalen, men i avgrensa grad tek ordet i møtet med «den overhaandtagende Snakkesalighed». Deretter i alliansen mellom bøndene og den nye akademiske eliten, og endeleg i dei store folketalane si tid, med Bjørnson som begeistrande høgdepunkt. Slik er også boka ei oppdaging av ulike standardar for kva det vil seie å sameine språksans og moralsk truverd, standardar som pregar ulike fasar og felt i norsk politisk historie.

Det er ein særeigen kvalitet ved boka at Johansen stadig minner oss på at den politiske retorikken handlar om konkrete saksforhold, som tukthusdommane mot Hans Nielsen Hauge og Marcus Thrane, og spørsmålet om «Landets Intelligents», som representerer allmenninteressene, skal få fortsette å styre staten, eller om ein skal gje etter for krava frå «den store Hob, der aldrig handler efter klar Bevidsthed». Og at dette er konkrete saksforhold i eit samfunn prega av store klasseskilje. Slik sett er dette også ei bok om korleis dumskap og brutalitet er foreinleg med utdanning og talegåver, og historia om korleis den demokratiske opposisjonen braut med førestillinga om sambandet mellom retorisk og moralsk overlegenheit. Og om korleis medborgarskapen siviliserte grupper som tidlegare berre hadde tausheit eller sinne og vald som uttrykksformer.

Desse endringane vart nok drivne fram av menneske med særlege intellektuelle og sosialpsykologiske føresetnader for å kome til orde, som Collett og Aasta Hansteen, Aasmund Olavsson Vinje og Nikolaus Gjelsvik. Men endringane var først og fremst resultat av kollektiv sosial organisering på ei rad sosiale og politiske felt, også språkpolitisk, med framveksten av nynorsken og fornorskinga av dansken.

Den avsluttande delen om kvinnesaka og stemmeretten har liten plass i boka. Ei grunngjeving for det er at stemmeretten berre vart eit langt preludium inntil kvinnene først frå 1970-åra fekk ein sentral plass i Storting og regjering og skapte sin eigen retoriske medborgarskap. Dermed kan vi – vonar eg – sjå fram til neste bok frå Johansen si hand. Kor langt ho vil gå, står att å sjå. Men eg trur den boka han har skrive, også kan vere ei viktig bok i vår tid: Klasseskilja aukar. Nye grupper nordmenn med bakgrunn frå andre land skal skape og finne sin plass i den norske allmenta, også dei i opposisjon til utanforståande som ser ned på dei, også dei må skape eit eige språk i møtet med det overleverte majoritetsspråket, også dei gjer oppbrot frå tradisjonar dei har vokse ut av.

Då eg legg frå meg denne boka, tenkjer eg på den danske poeten Yahaa Hassan.