Forskerforum
Hamburgermeny
Forskerforum-logo
Mobilmeny
Forskerforum
Forskerforum-logo

Bokanmeldelse | Våpenproduksjon

Treffsikker nok

NTNUs Unni Eikeseth har skrive ei solid bok om våpenindustrien. Men slagkrafta vert svekt av eit overdrive reportasjepreg.

Dei som vil løyse verdsproblem som klimakrisa, kjempar i dag med våpenindustrien om ressursar og dyktige studentar. Slik rammar Unni Eikeseth inn den nye boka. Forfattaren kritiserer difor sin eigen institusjon, NTNU, for å la Kongsberg Gruppen profilere seg og lokke studentar til å skrive oppgåver knytte til våpenproduksjon. Med ei slik tydeleg haldning er det overraskande at boka tidvis får det til å verke kjekt å vere norsk deltakar i krigens laboratorium.

Velviljen verkar ikkje intendert, men snarare som eit resultat av framgangsmåten til forfattaren. Enten kjelda er ein internasjonal forskar, ukrainsk redningsarbeidar eller norsk våpenutviklar, er det intervju som gjeld. Dette gir eit preg av reportasjebok, som skapar nærleik, men òg ein tone som speler på lag med den som snakkar. Våpenprodusentane blir slik introduserte som «trivelege folk som eg tenker at eg gjerne kunne hatt som kollegaer», som «synest det er spennande å jobbe med eksplosiv». Kanskje det skal alminneleggjere våpenutviklarane, men forfattaren gir dei i overkant mykje styring over forteljinga.

Betre er det når forfattaren sjølv har kontrollen. Då er det både relaterbart og spenningsfylt, som når ho skriv om den «litt sveitte kjensla eg av og til hadde på laboratoriet då eg jobba med ting som hadde ein liten sjanse for å kunne gå gale». Ho kan òg gi grufullt presise skildringar av militære føremål, som når ei ny type kule «med militære auge hadde den ulempa at ho førte til mindre skade i menneske enn dei gamle blykulene som var så mjuke at dei blei deformerte og flate i møte med menneskekroppen, og dermed kunne føre til store sårkanalar og øydelegging av store bitar av bein».

Eikeseth er ein drivande forteljar, som kan skildre attentat med nervegift så levande at lesaren sjølv kan kjenne seg uvel. Med tydeleg kjemi- og fysikkekspertise teiknar ho dei historiske linjene frå utviklinga av nye drapsmetodar til internasjonale forbod. Det er tidvis overraskande kor vi endar opp, som når insektmiddel frå Nazi-Tyskland blir stridsgass som no blir sleppt frå russiske dronar på ukrainske soldatar.

Reportasjepreget gjer derimot at boka har i overkant mykje skildringar av intervjusituasjonar, som ikkje alltid er like vellykka. Her frå Nammo i Raufoss: «Utanfor bygget er det eit bed med vakre, raude blomar som blir pleidd av to gartnarar, ei ung dame og ein mann. Jenta sit på kne i bedet og ser ut til å vere i gang med å frisere bort det som er visna.» Dette skal ikkje ein gong skape klisjéfylt kontrast mellom blomar og krig, det får ingen funksjon utover å få lesaren til å tråkke med på ein planlaus rundtur.

Boka er best når det står noko meir på spel enn at forfattaren har vore ein stad, treft nokon og skriv derfrå. Særleg gjeld det dei siste tre kapitla, kor ho er modig, men varsam i kritikken av eigen institusjon, og avkler mytar om våpen som vegen til fred og menneske som ein krigersk art. Her lykkast ho med å gi etisk og eksistensielt tankegods både til studentar som vil bli våpenprodusentar, og til dei som kjempar mot.

Krigens laboratorium gir inntrykk av at våpenproduksjon både er uhyre komplisert og skremmande enkelt. Det er synd boka er skoren over ein populærvitskapleg leist som paradoksalt nok dempar slagkrafta og gjer den korte boka meir langdryg enn ho treng å vere.

Av Andreas Ervik

Unni Eikeseth

Krigens laboratorium

Skald forlag 2026

176 sider

Rettl. pris: kr 449

Ledig stilling


Krever at grunnleggende spørsmål må stilles på nytt

Viser kompleksiteten i makta KI-teknologien besitter

Det er når Siri Gullestad skriver om menneskets vesen at hun treffer en nerve

Et forsvarsskrift for langlesing

Følelsen jeg sitter igjen med etter å ha lest om norsk fotohistorie etter 1945, er mest av alt ømhet.

Øker spionasje spenningen mellom stater, eller er det en myte?

Jeg skulle ønske Sødal hadde gitt boken en tittel som reflekterte hans åpenbare kjærlighet til musikken

Kritikernes favorittbøker fra 2025

Lukk meny