Forskerforum
Hamburgermeny
Forskerforum-logo
Mobilmeny
Forskerforum
Forskerforum-logo

Kritikk | Bokanmeldelse

Kampskrift for dyra

Med for mykje moralsk indignasjon, meiner vår bokmeldar.

kampskrift-for-dyra
Fakta
<

Sjeldan har eg lese ei meir normativ bok. Forfattarane dømmer menneskeslekta for vår stadig råare tingleggjering av dyra, og dommen er ikkje nådig. Alle dyreslag på jorda er no underlagde menneska si målsetjing om å gjera livet godt for menneska. Dette styrkeforholdet er korkje naturleg eller moralsk haldbart, seier forfattarane.

Dette er ein antologi skriven av fjorten norske forskarar innanfor kriminologi, filosofi, biologi, veterinærfag og økologi. Alle arbeider på ulike vis med dyrevern, dyrevelferd og dyrerettar, og dei er rørande samstemte i verdisyn. Omtrent alle er imot å gjera dyra til objekt, og dei meiner dyra heller må få leva det livet naturen hadde tiltenkt.

Fyrst er det fleire filosofiske refleksjonar over menneskets eigenart samanlikna med dei andre dyra på planeten. Her vert det forklart korleis Descartes på 1600-talet etablerte sanninga om at dyr kan ikkje tenkja, og er «ting» som me trygt kan ha eit instrumentelt forhold til. Forfattarane tek eit oppgjer med denne haldninga. Dag O. Hessen siterer Peter Wessel Zapffe på at det som er biologisk rett for dyret, også er moralsk rett.

Utover i boka kjem det mange kapittel om stoda for ulike dyreslag, og detaljar om dei ulike dårlege behandlingane dei får. Det er ubehageleg å lesa om overfylte kyllingfarmar, industriell slakting med konstant vokalisering frå slaktedyra, og dyreforsøk utan bedøving. Flokkdyr som hest står åleine på stallen, hundar og kattar vert nekta å utfolda sine naturlege utforskingsbehov, og både jaktinstinkt og virilitet vert undertrykte hjå alle dyr i fangenskap. Ragnhild Sollund skildrar korleis selskaps- eller kjæledyr vert utsette for omsorgssvikt og mishandling, og ofte vert drepne når sommaren kjem – og så kjøper familien seg eit nytt etter ferien. Her grunngjev forfattarane godt kvifor me må ta dyrehelse på større alvor.

Dyr kan 1) føla smerte, 2) er subjekt i eit liv, og 3) strevar for sjølvopphalding.

Etter denne utpsykinga kjem det fleire kapittel som diskuterer korleis me best kan endra vår oppfatning av dyra i ei meir rettferdig retning. For det er gode grunnar til at dyra har rett til å bli behandla betre, skriv forfattarane. Dyr kan 1) føla smerte, 2) er subjekt i eit liv, og 3) strevar for sjølvopphalding. Grensa for kva eit dyreindivid er, går vanlegvis ved ordenen tifotkreps, som rekene tilhøyrer. Dei er ikkje individ, og har ikkje dyrerettar.

Dei tre punkta gjer at alt dyreliv har ei moralsk samhøyrsle som gjer det uakseptabelt at mennesket utset dei andre dyra for ting som skaper smerte, frykt, nervøsitet og angst.

Eg vart veldig engasjert då eg las denne boka, og det kom av den krystallklare normative haldninga som gjennomsyrer så godt som alle artiklane. Men likevel vart eg ikkje overtydd om at det går an å behandla dyra slik forfattarane vil. Reint materielt føreset det ein prisauke på mat og klede, dyrare driftsmetodar og mindre kjøt på menyen for oss alle. Intellektuelt føreset det ei storskala haldningsendring hjå millionar og milliardar av menneske. Dette er den vanskelegaste jobben. Hvem er villest i landet her? har for mykje moralsk indignasjon og for få alternative løysingar til å kunna verta særleg effektiv i den norske offentlegheita.

 

Krever at grunnleggende spørsmål må stilles på nytt

Viser kompleksiteten i makta KI-teknologien besitter

Det er når Siri Gullestad skriver om menneskets vesen at hun treffer en nerve

Eikeseth skildrer attentat med nervegift så levande at lesaren sjølv kan kjenne seg uvel

Et forsvarsskrift for langlesing

Følelsen jeg sitter igjen med etter å ha lest om norsk fotohistorie etter 1945, er mest av alt ømhet.

Øker spionasje spenningen mellom stater, eller er det en myte?

Jeg skulle ønske Sødal hadde gitt boken en tittel som reflekterte hans åpenbare kjærlighet til musikken

Lukk meny