Forskerforum
Hamburgermeny
Forskerforum-logo
Mobilmeny
Forskerforum
Forskerforum-logo

Meninger

Den forsømde fagfellevurderinga

Forskinga blir ikkje betre enn det svakaste leddet i kjeda, og slik det er no, er det utan tvil fagfellevurderinga, skriv Svein Ølnes.

Alle forskarar har opplevd avslag på artiklar til tidsskrift eller konferansar. Det er ein naturleg del av kvardagen. Eit avslag på ein artikkel nyleg fekk meg til å tenkja gjennom den viktige, men ofte nedprioriterte jobben med fagfellevurdering. Det heiter at du skal omfamna avslaga dine («embrace your rejections»), men det føreset at du får gode og konstruktive tilbakemeldingar. Det er dessverre ofte ikkje tilfelle. Temaet har vore oppe fleire gonger i Forskerforum, mellom anna skreiv dosent Hilde Larsen Damsgaard i desember i fjor om ein tendens til å jakta på feil og manglar og oversjå sterke sider. Temaet er likevel så viktig at det etter mitt syn fortener endå meir merksemd.

Dugnadsinnsats

Forsking kviler på den viktige dugnadsinnsatsen i miljøet. Me publiserer artiklar og evaluerer kvarandre sine artiklar. Det meste av arbeidet går sjølvsagt til eiga publisering, og dessverre blir det ofte lite tid att til å evaluera andre. Det er også lite merksemd om denne viktige delen av forskararbeidet i akademia generelt, og lite eller inga systematisk opplæring og kursing.

Fagfellevurdering er, trass openberre svakheiter, det beste me har. Men arbeidet må prioriterast høgare på alle hald: av arbeidsgjevarar, tidsskrift og den enkelte forskaren. Her er nokre innspel til både kortsiktige tiltak og tiltak med ein lengre tidshorisont.

Tiltak på kort sikt

Evalueringsarbeid må inn som del av forskarutdanninga på linje med opplæring i artikkelpublisering. Å evaluera vitskaplege artiklar er ikkje det same som å publisera, sjølv om ein forskar som er god til å publisera, som regel vil ha eit betre utgangspunkt også for evalueringsarbeidet.

Sjølv brukar eg denne veldig enkle strukturen i evaluering av artiklar:

  1. Kva handlar artikkelen om?
    Alt her syndar mange fordi dei stuper inn i kritiske kommentarar utan å setja seg skikkeleg inn i innhaldet.
  2. Kva er sterke sider ved artikkelen?
    Igjen er det freistande å fokusera på det negative og utelata positive sider ved artikkelen.
  3. Kva er dei svake sidene ved artikkelen?
    Denne er enklare, dei fleste har negative ting å seia om ein artikkel. Men utfordringa er å gjera det på ein konstruktiv måte.
  4. Forslag til forbetring
    Dette heng saman med punktet over. Ein bør også ta med argumentasjon for kva som kunne vore gjort annleis for å løfta artikkelen.
  5. Innstilling
    Dei fire punkta fører så fram til ei innstilling, men gjerne også ei totalvurdering.

Tiltak på lengre sikt

Dei kortsiktige tiltaka er viktige for å gjera noko med problemet no, men på lang sikt er det ikkje nok. Eg meiner me må tenkja nytt om fagfellevurderinga og opna opp prosessen, som er ganske lukka i dag. Me må dra nytte av dei mulegheitene internett har gitt oss, og gjera prosessen meir open.

Når open tilgang til publikasjonar («open access») blir stadig meir vanleg, bør open evaluerings­prosess følgja naturleg. Det vil skjerpa fagfellevurderingane ved at dei blir synlege for fleire enn forfattar(ar) og redaktørar. I tillegg må godt vurderingsareid meritterast for å stimulera denne viktige delen av publiseringsprosessen.

Forskinga blir ikkje betre enn det svakaste leddet i kjeda, og slik det er no, er det utan tvil fagfellevurderinga.

  • Les også:

Når ble velpolerte søknader synonymt med ambisiøse og originale søknader?

Noe ved språket er i ferd med å forsvinne

Arbeidsvilkår og nedskjeringar høyrer knapt heime i debatten om akademisk fridom

Hva hvis KI er for kunsten som mikrofonen var for operaen?

Spørreskjemaer er en billig måte å samle mye data av lav kvalitet

Tyskland får islamsk fakultet – hva med Norge?

Hvor lenge kan jeg regne med at studentene hegner om en allment og vitenskapelig akseptert konsensus, for ikke å si virkelighetsforståelse?

Spørreskjema gir en illusjon om måling

Lukk meny