– Det er ikkje vår oppgåve å skreddarsy doktorgradsutdanningane så dei passar til næringslivet
LUKK

Etter doktorgraden:

– Det er ikkje vår oppgåve å skreddarsy doktorgradsutdanningane så dei passar til næringslivet

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 13. mars 2025 kl. 11:39

Doktorgradsutdanningane skal gagne både forskinga og resten av samfunnet. Korleis handterer dei som tildeler gradene, dette ansvaret?

Får samfunnet maksimalt ut av den investeringa ei forskarutdanning er? Vi har funne fram eit stipendiatkull som disputerte for doktorgraden ved Universitetet i Bergen (UiB) våren 2019. Seks år seinare ventar sektoren på ei stortingsmelding om forskingssystemet, der mellom anna doktorgradsutdanninga vil bli tema.

Behov for forskingskompetanse

Då dåverande forskingsminister Oddmund Hoel møtte sektorens representantar på kontaktkonferansen i januar, sa han at «talet på doktorgradsutdanna har auka mykje dei siste tiåra, men vi spør oss om denne utviklinga i stor nok grad er styrt av samfunnets behov for forskingskompetanse».

Hoel peika mellom anna på at mange talent forsvinn til utlandet etter ferdig doktorgrad, og at mange doktorandar som finn jobb utanfor akademia, er overkvalifiserte. Hoel varsla at ei ekspertgruppe skal utnemnast for å vurdere om ph.d.-utdanningane møter samfunnets behov, men i tillegg forventa han at institusjonane ville gjere sine eigne «grundige vurderingar».

– Vi er opptekne av vår autonomi som institusjon. Det er ikkje slik at vi hoppar berre fordi statsråden seier noko. Våre lange linjer blir påverka av mykje meir grunnleggjande prosessar, seier viserektor for forsking ved UiB, Benedicte Carlsen.

Etter øyremerkinga

Lenge fekk universiteta og høgskulane midlar frå Kunnskapsdepartementet (KD) som var øyremerkte til rekrutteringsstillingar. Dette tok slutt i 2023, så no er det opp til kvar institusjon å bestemme kor mange stipendiat- og postdoktorstillingar dei vil finansiere. Mange har frykta at det vil gjere rekrutteringsstillingane til ein hendig salderingspost i tronge tider.

Men førebels har UiB ikkje tenkt slik, fortel Carlsen.

– Vi er opptekne av breidda i institusjonen, av rekruttering og internasjonalisering. I fjor laga vi vår eigen finansieringsmodell der vi heldt på alle stipendiatstillingane, både talet og fordelinga mellom fakulteta, seier ho.

UiB har altså ingen planar om å endre på sjølve dimensjoneringa. Men så er det det andre mantraet i tida: arbeidslivsrelevans. I regjeringas strategi for forskarrekruttering og karriereutvikling frå 2021 blir det slått fast at doktorgradsutdanningane skal gje solid forskarkompetanse i tillegg til fagleg spisskompetanse. Dei skal også gje generiske ferdigheiter som arbeidsgjevarar på tvers av sektorar etterspør.

Relevant kompetanse

Ifølgje SSBs statistikk om doktorandane frå norske institusjonar jobbar nesten 60 prosent av dei som tok doktorgrad i Noreg i 2019, og som framleis lever og arbeider i Noreg, i akademia. Av dei i dette kullet som jobbar utanfor akademia, jobbar 49 personar med forskings- og utviklingsarbeid i næringslivet. Resten er spreidde i alle arbeidslivssektorar.

I den ferskaste spørjeundersøkinga UiB har gjennomført blant sine eigne ph.d.-kandidatar, svarar nesten to tredelar at dei ønskjer seg ein vidare akademisk karriere. I 2023 gjorde UiB også ei undersøking mellom tidlegare doktorgradskandidatar. Nesten alle som svara, var i jobb, og dei tykte også at kompetansen dei hadde skaffa seg, i det store og heile var relevant. Unntaket var leiing og formidling, som ein god del tykte dei kunne ha fått meir opplæring i.

– Vi lyttar mykje til stipendiatane våre både medan dei er hos oss, og når dei er ferdige. Men vi ser jo på det som vår oppgåve å gje ei forskarutdanning. Det er blitt meir vanleg å tilsette folk med doktorgrad i andre delar av arbeidslivet, men det er ikkje vår oppgåve å skreddarsy doktorgradsutdanningane så dei passar til næringslivet, seier Carlsen.

Det vanskelege næringslivet

Den sistnemnde undersøkinga frå UiB samsvarar med resultata frå NIFUs doktorgradsundersøking frå 2019. Der svara også dei ferdige doktorandane at dei jamt over var nøgde med kompetansen sin, men at doktorgraden kjendest særleg relevant for dei som ønskte ein akademisk karriere. Og sjølv om berre éin av fem doktorandar som jobba utanfor akademia, oppgav at arbeidet deira kravde doktorgradskompetanse, svara dei fleste at det var ein stor fordel å ha denne kompetansen.

I 2022, det siste året med øyremerking av stipendiatstillingar, var om lag 70 prosent av stipendiatane i Noreg finansierte av institusjonane sjølve, om lag 20 prosent av Forskingsrådet og resten frå andre kjelder. Eitt av Forskingsrådets verktøy er nærings- og offentleg sektor-ph.d.-ar, som finansierer eit doktorgradsprosjekt utført av ein tilsett i næringslivet eller i offentleg sektor. Ordningane er blitt omtala som viktige verkemiddel for å sikre arbeidslivsrelevans og kunnskapsflyt mellom sektorar, men Carlsen er ikkje overtydd om at dei representerer den beste løysinga.

– Våre erfaringar er litt blanda. Det er ikkje alltid at arbeidsgjevaren forstår arbeidsrytmen i eit ph.d.-prosjekt, særleg i den hektiske innspurten. Dessutan er det ikkje vi som har medarbeidarsamtalar med desse kandidatane, og det er avgrensa kva vi kan gjere med arbeidsvilkåra deira. Alt i alt trur eg det er betre at vi har arbeidsgjevaransvaret, seier ho.

Sjølv om talet på internt finansierte stipendiatstillingar blir bestemt av styret, så er det fagmiljøa som avgjer fordelinga innanfor fakultet og institutt. Og på nokre fag, som jus og medisin, er det mykje vanskelegare å rekruttere stipendiatar enn på andre fag, ifølgje Carlsen. UiB har etablert forskarlinjer ved begge fakultet, med mål om å utvikle fleire forskartalent allereie på masternivå.

– Særleg på juss er problemet at lønnsnivået er altfor godt utanfor akademia. Men der det er vanskeleg å rekruttere stipendiatar, har vi i alle fall betre sjanse til å inspirere våre eigne studentar til å forske, enn studentar frå andre institusjonar, seier ho.

Tapte talent?

Det var 440 utanlandske statsborgarar som tok doktorgrad i Noreg i 2019. Av desse er det 227 som i dag er rubriserte under kategorien «ukjend», det vil seie at dei mest sannsynleg bur og jobbar i eit anna land. Er det for mange?

Benedicte Carlsen er ikkje utan vidare samd i påstanden om at talenta «forsvinn til utlandet».

– Slik opplever ikkje vi det, seier ho.

– Sjølvsagt vil vi gjerne halde på dei beste, men vi føler ikkje at vi mister dei – tvert imot. Folk som har teke doktorgraden hos oss, blir ofte gode samarbeidspartnarar sjølv om dei går til ein institusjon i utlandet.

Gode kontaktar ved utanlandske institusjonar er verdifullt for forskinga ved UiB, understrekar ho.

– Dei er ofte sentrale i store EU-søknader som våre forskarar set i gang, eller i utvekslingsavtaler og liknande.

Digital satsing

Signal som talen til Oddmund Hoel på kontaktkonferansen endrar lite over natta. Dei skal innarbeidast i strategiar og handlingsplanar, diskuterast i dialogmøte mellom institusjonane og departementet og på andre måtar operasjonaliserast i styringa av sektoren.

– Men noko nytt vi har gjort, og som vi dessutan er heilt samde med styresmaktene om, er at vi må tilby meir utdanning innanfor det digitale, seier Carlsen.

– Det er veldig viktig for ph.d.-utdanningane, sjølv om det varierer litt mellom fakulteta. På UiB har vi laga mange digitale mikroemne som både tilsette og studentar kan ta, og som er kjempepopulære. Dette er noko som både er viktig for arbeidslivsrelevansen, og som styresmaktene ønskjer. Så det er absolutt ikkje slik at ph.d.-utdanningane ikkje utviklar seg.

  • Les også: