Er det rimeleg at ein femtedel vitskapleg tilsette ikkje har fast jobb?
LUKK
Annonse
Annonse

LEIAR

Er det rimeleg at ein femtedel vitskapleg tilsette ikkje har fast jobb?

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 8. januar 2016 kl. 09:27

Framlegg til lovendring gjev ny von om offensiv mot mellombels tilsetting.

er-det-rimeleg-at-ein-femtedel-vitskapleg-tilsette-ikkje-har-fast-jobb-


Kjetil Brottveit, redaktør

Eitt av emna som tykkjest å gå ein evig runddans i norsk akademia er mellombelse tilsettingar. Det vert sett ned utval etter utval, intensjonane er gode, og tiltaka er mange, men ein får ikkje bukt med problemet. Det er rimeleg at ein liten del vitskapleg tilsette ikkje har fast jobb, men ein femtedel?

Det siste året har prosentdelen mellombels tilsette forskarar auka frå 17,7 til 18,5. Dette gjeld statlege universitet, vitskaplege høgskular og høgskular. Høgskulane ligg på 13-talet, og har ein liten nedgang. Universiteta og dei vitskaplege høgskulane hamnar på om lag 21 prosent. Dei siste åra har ein større del av personalet i støttestillingar òg vorte mellombels tilsette – om lag 13 prosent. I sakshandsamar- og utgreiarstillingar er prosentdelen vel 14, alt ifølgje tal frå Norsk samfunnsvitskapleg datateneste. Etter fleire år med ei dalande kurve for vitskapleg tilsette, var resultatet skuffande. Kva kan årsakene vere? Les meir om dette her, og spesielt tilhøva ved universiteta i Stavanger og Bergen.

Det er lett å forstå at folk heller vil ha mellombels arbeid enn ikkje noko arbeid.

Ei av dei siste, viktige omdreiingane i mellombelsspørsmålet fann stad i 2010. Då la Rindal-utvalet fram innstillinga «Bruk av midlertidig tilsetting i universitets- og høyskolesektoren» til den dåverande forskingsministeren Tora Aasland. Problemfeltet vart nitid kartlagt, og ikkje minst understreka utvalet at ekstern finansiering ikkje i seg sjølv er god nok grunn til å tilsetje mellombels. Aasland konkluderte året etter med at ansvaret for å redusere bruken av mellombelse tilsettingar høyrde til institusjonane.

Og det har altså ikkje lykkast heilt. Tala er framleis høge, og debatten har stampa seg til. Arbeidsgjevarar viser framleis til risikoen ved å tilsetje fast når finansieringa er tidsavgrensa og ekstern. Dei trekkjer fram at det sterke stillingsvernet i staten er eit problem – har du fyrst teke inn folk, er det vanskeleg å verte kvitt dei. Arbeidstakarar kan òg ymte om at lovgjevinga kjem i vegen for fleksibilitet. Det er lett å forstå at folk heller vil ha mellombels arbeid enn ikkje noko arbeid. Parallelt med avvegingane om lovverket, kjem det gong på gong fram at mykje av problemet ligg i praksisen. At statlege arbeidsgjevarar bryt tenestemannslova, verkar stundom som ei rutinemessig sak. Forskerforbundet og andre årvåkne organisasjonar for tilsette må stadig gå til kamp mot ulovleg mellombels tilsetting.

Tenestemannslova regulerer tilsettingsvilkåra for svært mange av medlemmene i Forskerforbundet, nemleg statleg tilsette. Den uttrykkelege hovudregelen er at tilsettingar bør vere faste. Elles er lova mest kjend for fireårsregelen. Har ein vore samanhengande mellombels tilsett ein stad i over fire år, har ein krav på fast stilling. Regjeringa oppnemnde i fjor vinter eit utval som skulle gjennomgå tenestemannslova blant anna med tanke på reduksjon i bruken av mellombelse stillingar.

Rett før jol fann ei ny viktig omdreiing stad, då rapporten frå utvalet kom. Den skal ut på ei brei høyring i vår, men i denne omgang er det gledeleg å notere seg at eit samla utval føreslår ei «betydelig innstramming i adgangen til midlertidig ansettelse». Det vil seie at ei rekkje særreglar i tenestemannslova, som gjev høve til mellombels tilsetting, er føreslått fjerna. Og det som kan monne mest: Den omtalte fireårsregelen er føreslått endra til ein treårsregel: Etter tre år må arbeidsgjevar tilsetje fast. Avtroppande Unio-leiar Anders Folkestad kommenterte rapporten slik:   Lange og mange midlertidige ansettelsesforhold har vært et problem særlig i universitet og på høgskoler. Unio er derfor godt fornøyd med innstramminger på dette området, og Tjenestemannslovutvalget har dermed vist en riktig vei i forhold til hvordan arbeidsmiljøloven kan endres på dette området.

I mellomtida gjeld det å vere årvåken på praktiseringa av dagens lovverk, og fyrst er det altså høyringsrunde. Nei, fyrst er det éin ting til: Forskerforum tykkjer det er på sin plass å takke Anders Folkestad for ein framifrå leiarperiode i Unio. Vi vil òg ynskje den nyvalde Unio-leiaren Ragnhild Lied velkomen.

Godt nyttår!