Fleirtalet uvitande om norskkrav
LUKK
Annonse
Annonse

Språk:

Fleirtalet uvitande om norskkrav

Av Johanne Landsverk

Publisert 10. februar 2020 kl. 15:39

Utanlandske tilsette kjenner ikkje plikta og retten dei har til å lære norsk, ifølgje eit forskingsprosjekt. Men Diego Praino var ikkje i tvil om at han ville lære språket.

– Steg for steg har leiinga gjeve meg større ansvar for å ta i bruk det norske språket, og eg har hatt kollegaer som har hjelpt meg med vokabular i forkant av førelesingane, seier Diego Praino, som er førsteamanuensis i juss ved Handelshøgskolen ved Oslomet.

Praino kjem frå Italia, og har jobba ved universitetet i fire år. I dag held han førelesingar på norsk, og han brukar norsk når han rettleier studentane.

– Eg har fått god informasjon om norsktilbodet på Oslomet, og eg fekk mykje hjelp frå kollegaer og leiing, seier han.

Uvitande tilsette

Erfaringane til Praino er likevel ikkje særleg typiske for utanlandske tilsette i Noreg. Tvert imot står det dårleg til med informasjonen, skal ein tru forskarar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar ved Universitetet i Bergen (UiB). Nyleg har dei kartlagt praksis og språklege erfaringar blant såkalla internasjonalt tilsette ved tolv universitet og høgskular. Omgrepet internasjonalt tilsette er i prosjektet brukt om tilsette som ikkje har norsk, svensk eller dansk som førstespråk.

– Det vi fann ut, er at internasjonalt tilsette ikkje var klar over rettane og pliktene dei har til å lære norsk. Med få unnatak visste dei lite om dette. Og av dei som ikkje kunne norsk då dei begynte i jobben, svarar eit fleirtal at språk ikkje var eit tema under jobbintervjuet, seier prosjektleiar Ann-Kristin Helland Gujord. Ho er førsteamanuensis og forskar til vanleg på tileigning av andrespråk. I forskingsprosjektet samarbeider ho med tre forskarkollegaer ved instituttet.

Gujord, Ann-Kristin Helland
– Det er viktig at behova til internasjonalt tilsette blir trekte inn diskusjonar om norsk fagspråk i akademia, seier Ann-Kristin H. Gujord. Foto: Eva Lene Gilje Østensen

Sovande retningsliner

I prosjektet har over 1700 tilsette som ikkje har eit skandinavisk førstespråk, svart på elektroniske spørjeskjema, og i tillegg er 55 tilsette intervjua.

– Rundt 45 prosent av dei som var utan norskkunnskapar då dei starta i jobben, meiner dei ikkje fekk tilrettelegging for norskopplæring, medan nesten like mange svarar at dei fekk tilrettelegging.

Gujord fortel at fleire av institusjonane som deltok i undersøkinga, har språkpolitiske retningsliner.

– Men så lenge retningslinene berre er sovande, hjelper det ikkje stort. Det er nok ikkje uvilje som ligg bak, men situasjonen for dei internasjonalt tilsette har gått under radaren, seier ho.

– Arbeidsgjevar må legge til rette

Rektor Dag Rune Olsen ved UiB er skuffa over resultatet.

– Arbeidsgjevarar må ta eit større ansvar for at tilsette lærer seg norsk. Vi skal ikkje berre stille krav, men legge til rette for at norskopplæringa let seg gjennomføre. Dette bør stå tydeleg i arbeidskontrakten, så forventningane om å lære norsk burde vere openberre, seier han.

Olsen trur arbeidsgjevarane i altfor liten grad har følgt opp:

– Dette har det rett og slett ikkje blitt snakka om.

UiB laga nye språkpolitiske retningsliner i fjor haust. Der blir det stilt krav om at dei tilsette skal beherske norsk, og dei som ikkje kan norsk når dei blir tilsette, må lære seg norsk innan tre år.

– Ein gjensidig avtale

Ved UiB er det krav om at tilsette skal beherske norsk på nivå B2, det ein kallar høgare mellomnivå.

Fakta
Europarådets nivåskala for språk
A1 ‒ nybegynnar
A2 ‒ litt øvd
B1 ‒ mellomnivå
B2 ‒ høgare mellomnivå
C1 ‒ høgare nivå

– Om ein ikkje oppnår B2-kravet, kan det faktisk vere ein grunn til å avslutte tilsetjingsforholdet. For dette er ein gjensidig avtale mellom arbeidsgjevaren og den tilsette.

– Har nokon måtta slutte fordi dei ikkje har lært norsk?

– Nei, det trur eg ikkje. Som arbeidsgjevar kan vi ikkje avslutte eit arbeidsforhold om vi ikkje følgjer opp og legg til rette.

I eit innlegg foreslår Gunnar Skirbekk, som er emeritus ved UiB, at norskkrava burde bli nasjonale, og at tilsette burde få prøvd norskkompetansen sin, for eksempel i form av ei førelesing på norsk, der ein eksamenskommisjon kunne godkjenne eller underkjenne prestasjonen.

Olsen stiller seg positiv til eit slikt forslag.

– Ein språktest på B2-nivå er svært allmenn og tek ikkje nødvendigvis opp i seg fagterminologi. Så med tanke på undervisning kan det vere meir relevant å halde ei prøveførelesing enn å ta ei ordinær språkprøve, seier han.

Underviser sjeldan eller aldri

I undersøkinga ved UiB kom det fram at svært mange av dei utanlandske kan litt norsk, men på eit så grunnleggande nivå at dei ikkje kan undervise på det norske språket.

– Heile to tredjedelar av dei det er relevant for, svarar at dei sjeldan eller aldri rettleier eller underviser på norsk, seier Gujord.

– Eit anna funn er at det lett oppstår konfliktar mellom dei utanlandske tilsette som er gode i norsk, og dei som ikkje beherskar språket. Dei som ikkje kan norsk, slepp nemleg lettare unna administrative oppgåver og får meir tid til forsking.

Gujord seier internasjonalt tilsette skil seg frå andre innvandrargrupper utanfor UH-sektoren, fordi dei har kome i jobb før dei har tileigna seg språket i samfunnet.

– Det engelske språket har ein særskild posisjon i sektoren dei høyrer til, og dei møter ikkje same kravet til norskopplæring som innvandrarar elles i samfunnet opplever, seier ho.

Framleis norskkurs ved Oslomet

Forskerforum har kontakta alle universiteta, og mange av dei har liknande retningsliner som UiB. Ved Oslomet heiter det at tilsette innan tre år frå tilsetjingspunktet skal kunne vise til norskkunnskapar tilsvarande nivå B2. Oslomet har hatt eigne norskkurs sidan 2016 som er tilpassa nytilsette ved universitetet. Tilbodet har stått i fare, og var foreslått redusert i budsjettet for 2020. Difor har fleire av dei tilsette med utanlandsk bakgrunn vore sterkt bekymra. Ein av dei er professor Tom Griffiths, som kjem frå Australia og har budd i Noreg sidan august i fjor.

– Eg underviser i internasjonale studiar. All undervisning og alt akademisk arbeid føregår på engelsk, og vi snakkar berre engelsk på jobb. Nettopp difor er dette norskkurset så viktig for meg, seier Griffiths.

No har rektoratet ved Oslomet gjeve beskjed om at tilbodet likevel skal førast vidare.

– Det blir ei løysing for norsktilbodet for dei tilsette, opplyser direktør Lars Egeland ved universitetsbiblioteket, som har ansvar for kursa.

– Har fått mykje hjelp

Diego Praino ved Oslomet var viss på at han skulle lære seg norsk.

– Eg er jurist, og eg visste at eg måtte ha eit rimeleg norsknivå for å kunne vere ansvarleg for eit emne der det skal undervisast på norsk, seier han.

Han seier det ikkje var eit spørsmål om å måtte lære seg norsk.

– Dette var noko eg ville gjere, og eg hadde støtte frå leiinga. Eg har fått svært mykje hjelp frå kurshaldarane på norskkurset, men også frå kollegaene mine. Vi har snakka saman på norsk i pausane, og dei har vore tolmodige med meg, seier Praino.

  • Les også: