Publisert 28. januar 2020 kl. 12:43
Oslomet har hatt eigne norskkurs for utanlandske tilsette sidan 2016. Men i budsjettet for 2020 var tilbodet i fare for å bli redusert, og fleire av dei tilsette med utanlandsk bakgrunn har vore bekymra.
Det er Enhet for akademisk språkpraksis ved universitetsbiblioteket som driv norskkursa for tilsette.
– Vi har no fått beskjed om at rektoratet ønskjer at norsktilbodet skal oppretthaldast, så vi er i gong med å engasjere timelærarar som ikkje fekk fornya avtale ved budsjettbehandlinga i oktober, skriv bibliotekdirektør Lars Egeland til Forskerforum.
– Sjølv om vi ikkje kunngjorde nye kurs for dette semesteret, er vi ikkje i tvil om at behovet er stort, og at det blir deltakarar til kurs både for nybegynnarar og vidarekomne.
Ein av dei som ha engasjert seg, er professor Tom Griffiths, som kjem frå Australia og har budd i Noreg sidan august.
– Eg underviser i internasjonale studiar. All undervisning og akademisk arbeid føregår på engelsk, og vi snakkar berre engelsk på jobb. Nettopp difor er dette norskkurset så viktig for meg, seier han.
I eit brev til rektor Curt Rice skreiv Griffiths at å redusere norskkursa vil gje små innsparingar for Oslomet, men kostnadene for dei det gjeld vil bli store.