Publisert 18. desember 2019 kl. 10:06
Oslomet har hatt eigne norskkurs sidan 2016. Men i budsjettet for 2020 står tilbodet i fare for å bli redusert, og fleire av dei tilsette med utanlandsk bakgrunn er bekymra.
– Eg har ikkje kome til Noreg bare for å jobbe, men også for å leve. For å ha eit bra liv, må du kunne språket og skjøne kva som skjer rundt deg, seier professor Pavel Zemliansky, som har vore tilsett ved Oslomet i eitt år. Han har tidlegare jobba i USA og underviser no i engelsk ved Enhet for akademisk språkpraksis.
Universitet og høgskular i Noreg har plikt til å gje tilsette som ikkje kan norsk eller skandinavisk eit tilbod om opplæring i norsk, og ved mange av institusjonane blir det stilt krav om at tilsette skal lære seg norsk innan to eller tre år. I dei språkpolitiske retningslinjene ved Oslomet heiter det at tilsette innan tre år frå tilsetjingspunktet skal kunne vise til norskkunnskapar tilsvarande nivå B2.
Sjølv har Zemliansky gjennomført norskkurs på nivå A1 og A2, som er for nybegynnarar og litt øvde.
– Ein viktig grunn til at eg tok jobben ved Oslomet, var at arbeidsplassen ville tilby gratis kurs i norsk. Alle møta føregår på norsk, og eg lærer ein del ved å lytte. Men for å kome opp på eit høgare nivå, må ein ha eit strukturert opplegg, seier Zemliansky.
Professor Tom Griffiths, som kjem frå Australia, har budd i Noreg sidan august, og har gjennomgått norskkurs på nivå A1 saman med kona si.
– Eg underviser i internasjonale studiar. All undervisning og akademisk arbeid føregår på engelsk, og vi snakkar berre engelsk på jobb. Nettopp difor er dette norskkurset så viktig for meg, seier Griffiths.
– Eg vil gjerne bli lenge i Noreg, og då må eg sjølvsagt lære norsk for å kunne bli integrert og delta i det sosiale livet. Det er ein veldig stor overgang å kome hit frå Australia, og norskkurset er også viktig for partnarane våre. Dei blir fort isolerte så lenge dei ikkje har norskkunnskapar til å få seg jobb.
Griffiths er redd for at kurstilbodet ikkje lenger vil gjelde for partnarar, og har skrive brev til rektor Curt Rice. Han skriv i brevet at innsparingane for Oslomet er svært små, men at kostnadene for dei det gjeld er store.
– Om Oslomet ønskjer å rekruttere internasjonalt, er det flott. Men ein må vere klar over konsekvensane det har for dei internasjonalt tilsette som har tenkt å bli buande i Noreg. Det er ei forventning om at vi skal snakke norsk, seier Griffiths.
At norskkursa har vore viktige, er Diego Praino eit eksempel på. Han kjem frå Italia, og har jobba ved Oslomet i fire år.
– Eg har fått svært mykje hjelp frå kurshaldarane, men også frå kollegane mine. Vi har snakka saman på norsk i pausane, og dei har vore tolmodige med meg, seier Praino, som er førstamanuensis i juss ved Handelshøgskolen ved Oslomet. I dag held han førelesingar på norsk, og han brukar norsk når han rettleier studentane.
– Steg for steg har leiinga gjeve meg større ansvar for å ta i bruk det norske språket, og eg har hatt kollegaer som har hjelpt meg med vokabular i forkant av førelesingane.
Praino seier det spesielle med norskkursa ved Oslomet er at dei blir haldne på campus i arbeidstida, og at dei er tilpassa nytilsette ved universitetet.
– Det er dessutan svært positivt å møte andre i same situasjon, seier Praino.
Det er Enhet for akademisk språkpraksis ved universitetsbiblioteket som driv norskkursa for tilsette. Bibliotekdirektør Lars Egeland seier eininga har fått 250 000 kroner mindre i 2020.
– Dette er ikkje eit stort beløp, men vi må kvitte oss med mange timelærarar og redusere kapasiteten. Eg har rekna ut at om fakulteta skal kjøpe desse kursa utanfor huset, vil det koste 700 000. Så dette vil bli ei dyrare løysing for Oslomet, seier Egeland.
– Korleis vil de redusere på kursa?
– Vi har sagt at vi fortset med B-kursa, men kuttar A-kursa. Dei som har begynt på A-kursa, skal likevel få gjere desse ferdig.
– Fleire tilsette Forskerforum har prata med redde for at dei sjølve må betale kurs utanfor huset?
– Nei, då må fakulteta betale, og det blir som sagt dyrare å kjøpe kursa enn å arrangere dei sjølve, seier Egeland.
Ifølgje rektor Curt Rice stemmer det ikkje at universitetsleiinga har gjort vedtak om å redusere norskundervisninga til utanlandsk tilsette.
– Saka er fortsatt til diskusjon, og vi må vurdere dei ulike moglegheitene vi har for å imøtekome nødvendig språkopplæring av tilsette, seier Rice.
– I ei tid med effektiviseringskutt frå regjeringa er det naturleg at alle som forvaltar eit budsjett må finne moglege stader å kutte.
Rice seier dette er bakgrunnen for at direktør for universitetsbiblioteket Lars Egeland har foreslått å kutte omfanget av norskopplæringskurs.
– Eg anerkjenner Egeland sitt forsøk på å gjere effektane av regjeringas kutt synlege, men det er mogleg vi heller må kutte andre stader, seier Rice.
I dei språkpolitiske retningslinjene til Oslomet står det: «Personer som på ansettelsestidspunktet ikke har tilstrekkelige ferdigheter i norsk eller annet skandinavisk språk, skal gis tilbud om opplæring i norsk, og skal innen tre år fra ansettelsestidspunktet kunne vise til norskferdigheter minimum tilsvarende nivå B2.»
– Kven har ansvaret for å følgje opp at dei tilsette verkeleg lærer norsk?
– Det primære ansvaret for å lære seg norsk ligg naturleg nok først og fremst hos den enkelte tilsette, seier Rice.
– Det er hardt arbeid å lære seg eit framandspråk, og ein som takkar ja til ei stilling hos oss må vere førebudd på å bruke mykje av fritida si til å lære seg norsk raskast mogleg. Vi har språkpolitiske retningslinjer, også når det gjeld krav til språkkompetanse ved tilsetjing.
Rice seier det er eit mål å kunne bidra til nødvendig opplæring.
– Som sagt har vi ikkje bestemt korleis omfanget av tilbodet i norsk som framandspråk blir framover, seier han.