Av Gunnar Skirbekk, professor emeritus, Filosofisk institutt og Senter for vitskapsteori ved Universitetet i Bergen
Publisert 10. februar 2020 kl. 15:29
Eit norsk universitet er ikkje ein frittståande, einfagleg forskingsinstitusjon. Fast tilsette i ordinære vitskaplege stillingar ved statleg finansierte norske universitet skal (i) forske, sjølvkritisk og nyskapande, og (ii) undervise i fagfeltet dei høyrer til, men også (iii) ta del i institusjonsinterne komitéar og kommisjonar, og dessutan (iv) bidra til å oppfylle universitetets samfunnsoppdrag, både ved innverknad (‘impact’), til dømes i form av vitskapsbasert rådgjeving (‘science advice’), for eksempel ved å vere med på å utarbeide offentlege utgreiingar (til dømes NOU-ar), og ved å ta del i den offentlege samtalen. Det er dette dei er betalte for, dei som er tilsette i faste ordinære vitskaplege stillingar ved norske universitet.
For å kunne utføre dette må dei tilsette i slike stillingar ha den kompetansen i norsk som trengst for å kunne gjere alt dette. Dei som ønskjer å bli fast tilsette i ordinære vitskaplege stillingar ved norske universitet, må derfor innan rimeleg tid kunne dokumentere at dei har den norskspråklege kompetansen som trengst, i det aktuelle fagmiljøet, med tilhøyrande institusjonelle ordningar.
Korleis kvar og ein oppnår ein slik norskspråkleg kompetanse, må vere opp til den enkelte. Men på nasjonalt nivå bør det vere visse allmenne reglar og rutinar som sikrar at fast tilsette innan ei rimeleg tid er i stand til å utføre alle dei arbeidsoppgåvene som dei er betalte for å utføre.
Dersom det ikkje skjer, vil det oppstå ei skeivfordeling av arbeidsoppgåver på dei enkelte institutta: Vi får eit A-lag av utlendingar utan tilstrekkeleg norskkunnskap som kan konsentrere seg om eiga forsking og relatert undervisning, og eit B-lag av norskkunnige som i tillegg gjer alt det andre. Dette vil vere ein usolidarisk og uhaldbar tilstand – og naturlegvis også ei fagforeiningssak, mellom anna for Forskarforbundet.
Derfor treng vi visse allmenne reglar om norskkompetanse for fast tilsette i ordinære vitskaplege stillingar ved norske universitet.
Slike allmenne krav må sjølvsagt handhevast med skjønn, både med omsyn til arbeidsoppgåvene i ulike fagmiljø, og også med tanke på om vedkommande har spesielt attraktive faglege kvalifikasjonar: Dersom Einstein skulle gjenoppstå og søkje fast stilling ved eit norsk universitet, måtte han sjølvsagt få ytre seg på tysk eller engelsk!
Dessutan, testen bør gjelde fagrelevant, funksjonell norskkunnskap, med tanke på dei arbeidsoppgåvene som stillinga omfattar. Det bør i så måte ikkje vere ein allmenn språktest, der kravet om ordtilfang kan vere meir oppfattande.
På nasjonalt nivå bør det derfor etablerast visse allmenne reglar og rutinar, som blir tydeleg omtala i utlysingsteksten, slik at dei som søkjer på faste vitskaplege stillingar ved norske universitet, er klar over kva dei går til.
Til dømes, som eit forslag: Etter to år melder det universitære datasystemet automatisk at det blir tillyst ei prøve i fagleg relevant norskkompetanse, i form av ei open offentleg førelesing på norsk, om eit oppgitt fagleg tema, etterfølgd av ein norskspråkleg diskusjon med ein oppnemnd eksamenskommisjon av norskspråklege fagkollegaer, som på denne bakgrunnen anten godkjenner eller underkjenner den norskspråklege prestasjonen.
Dersom resultatet er negativt, stoppar lønsutbetalingane og tilsettingsforholdet blir avslutta – så sant det ikkje er klare og eksepsjonelle grunnar for at vedkommande likevel kan tilsetjast i ei fast vitskapleg universitetsstilling, og ikkje berre engasjerast på åremål med eit spesialoppdrag.