Foreslår undervisningsfritak etter fødselsperm
LUKK
Annonse
Annonse

Foreslår undervisningsfritak etter fødselsperm

Av Johanne Landsverk

Publisert 29. oktober 2017 kl. 09:10

– Om vi verkeleg ønskjer fleire kvinnelige professorar, må det takast nokre grep, meiner forskar ved UiS.

– Det nyttar ikkje berre å tilsette fleire kvinner. For sjølv om andelen kvinner aukar, blir det tilsett flest menn i professorstillingar, seier Ingvil Hellstrand i Nettverk for kjønnsforsking ved Universitetet i Stavanger (UiS). I ein kronikk i Forskerforum tek ho, saman med Marit Aure ved Institutt for sosiologi ved UiT, til orde for at arbeidsplassen må leggje til rette for strukturelle endringar for å oppnå større kjønnsbalanse.

Blant anna kan arbeidsgjevar gje tilsette som har vore i fødselspermisjon betre tid til å kome i gang igjen med å forske.

– I akademia er det særleg fordelinga av undervisningstid og forskingstid som blir avgjerande for karriereutviklinga. Eitt forslag til tiltak kan difor vere at tilsette som har hatt foreldrepersmisjon i meir enn seks månader, kan få fritak frå undervisningsoppgåver og komitéarbeid i ein periode. Då kan dei få tid til å konsentrere seg om å forske og ta igjen fagfeltet sitt, seier Hellstrand.

Les også: Fem utfordringer for likestilling i akademia

Ho presiserer at eit slikt tiltak ikkje berre skal gjelde for kvinner, men for begge kjønn.

– Dette vil kanskje også stimulere menn til å ta lengre fødselspermisjon.

– Kvinner leverer mindre

I forskingsprosjektet Barrierer og drivkrefter for kjønnbalanse ved UiS har Hellstrand og Aure intervjua tilsette i førstestillingar og ein del mellombels tilsette ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet ved UiS.

– Alle var einige i at det er skeiv kjønnsbalanse når ein ser kven som får professorstillingar. Men ingen ville seie at kjønn i seg sjølv hadde noko å seie for karrieren deira. Aller helst ville dei berre vere fagpersonar, og at kjønn skulle vere underordna. Då er det eit paradoks at kvinnene samtidig hadde større utfordringar enn menn når det galdt å få arbeidskvardagen og familiekvardagen til å gå opp, seier ho.

Hellstrand viser til tidlegare tidsbruksundersøkingar frå akademia der det har kome fram at normalarbeidsdagen ikkje strekker til.

– Arbeidsdagen er blitt tøffare, og ein får ikkje utteljing for å undervise eller gå på møte. Når det er få kvinner på eit fakultet, må dei gjerne sitje i alle slags utval. Dette kan bli ein vond sirkel, for då blir det ikkje tid nok til å forske, seier ho.

Hellstrand seier mange tilsette oppfattar krava til å produsere forsking som uoverkommelige, og dette gjeld både kvinner og menn.

– Det viser seg at kvinner i praksis ikkje leverer like mykje forsking som menn. Dette kan også ha samanheng med avbrott som barnefødslar.

Ubalanse heime og på jobb

– Om vi ikkje gjer noko, vil det gå 30 år før vi får fleire kvinner i professorstillingar, seier Curt Rice.

Curt Rice, som er leiar i Komité for kjønnsbalanse og mangfold i forskning (Kif-komiteen), er ikkje overraska over resultata.

– I ein forskarkarriere er publisering tidleg i karrieren utslagsgjevande. Det er gjennom dei tidlege artiklane og bygging av internasjonale nettverk ein etablerer forskarkarrieren, seier Rice.

Studien ved UiS viser at det er utfordringar med internasjonalisering, og at det er vanskelegare for kvinner å reise ut enn for menn.

– Forskarane peikar også på ubalanse heime som ein mogleg årsak til ubalanse på jobb. Dette ser vi gong på gong i internasjonale studiar, og vi veit at kvinner blir bedne om å gjere meir av det ikkje-meritterande arbeidet på jobb enn menn, som til dømes undervising.

Rice meiner difor det er eit interessant forslag kjønnsforskarane ved UiS kjem med her.

– Dette vil kunne treffe forskarar tidleg i karrieren, på eit tidspunkt då det er viktig å få etablert seg, få kontakt med eit internasjonalt nettverk og delta på konferansar.

– Er det noko institusjonane bør innføre?

– Det er fullt mogleg for institusjonane å gjere dette i dag, og eg håpar at forslaget kan munne ut i eit prøveprosjekt ved UiS, anten ved heile institusjonen eller ved eit fakultet. Dette vil kunne setje Universitet i Stavanger i ein leiande posisjon når det gjeld denne tilnærminga til likestilling, seier Rice, som også er rektor ved Høgskolen i Oslo og Akershus.

– Ville du som rektor prioritert eit slikt tiltak?

– Kvart år set høgskulen av tre prosent til strategiske tiltak, og dette vil vere eit forlag vi kunne vurdere i den samanhengen, seier Rice.

– Andre kan undervise meir

Rektor Marit Boyesen ved UiS synest forslaget er verdt å sjå nærare på.

– Om vi skulle gå inn på ei slik ordning, måtte vi vurdere kostnader og organisering. Eitt alternativ er at dei tilsette ved eit institutt blir einige om at dei som har vore i permisjon, får meir forskingstid og at andre må ta meir undervisning i ein periode.

– Det vil gå ut forskingstida til andre?

– Her er det snakk om å legge til rette for yngre tilsette som skal opparbeide seg nok kompetanse til å kunne bli professor. Ved fleire institutt ved UiS har ein fordelt arbeidstida på denne måten, særleg i ein periode då mange skulle ta doktorgrad. Då fekk stipendiatar og andre tilsette lengre periodar utan undervising, medan andre underviste meir.

Boysen meiner likevel forslaget må vurderast saman med andre tiltak som kan kvalifisere fleire kvinner til professorstillingar.

– Det er like viktig å høyre til i eit forskingsmiljø, slik at ein ikkje kjem tilbake etter eit halvt års permisjon og må sitje aleine. Er du aktiv i ei forskargruppe, blir det lettare å publisere. Vi må også jobbe for fleire postdoktorstillingar, slik at dei som har disputert kan få ei lengre forskingsperiode etterpå. Og vi må legge rette for forskingsopphald internasjonalt.

– Curt Rice meiner UiS bør ta forslaget om undervisings- og møtefritak vidare i prøveprosjekt?

– Ja, men det hadde det vore fint om vi hadde fått med fleire institusjonar i eit pilotprosjekt, for det kan ta lang tid før vi skaffar oss nok erfaring ved UiS, seier ho.

LES OGSÅ: