Forhandlar om samanslåing av Universitetet i Søraust-Noreg og Telemarksforsking
LUKK
Annonse
Annonse

Forhandlar om samanslåing av Universitetet i Søraust-Noreg og Telemarksforsking

Av Johanne Landsverk

Publisert 7. februar 2020 kl. 10:59

– Arbeidsdelinga mellom forskingsinstitutt og universitet er på mange måtar viska ut, seier rektor Petter Aasen.

Dei to styra ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN) og Telemarksforsking, som er eit regionalt forskingsinstitutt i Bø, har begge gjort samsrøystes vedtak om å starte forhandlingar med tanke på å slå dei to institusjonane saman. Denne veka kom forhandlingane i gang.

– I utgangspunktet har vi tru på at dette kan vere ei god løysing. Så får forhandlingane vise om vi kjem i mål, seier rektor Petter Aasen ved USN.

– Må behalde oppdragskulturen

Universitetet har hatt samtalar med Telemarksforsking i over eit år. Etter at Forskingsrådet i ein rapport foreslo at institutta måtte ha minst 40 forskarårsverk for å få grunnløyving, såg det ei stund mørkt ut for Telemarksforsking. Instituttet har nemleg berre 30 årsverk. Men tidlegare statsråd Iselin Nybø avviste kravet om ei nedre grense på 40 for institutta.

– Då vi innleia samtalar med USN, var det mykje på grunn av dette kravet. Men initiativet kom frå universitetet, seier Karl Gunnar Sanda, direktør ved Telemarksforsking.

– Styret i Telemarksforsking er opptekne av at vi framleis skal fungere som eit oppdragsinstitutt, seier Karl Gunnar Sanda. Foto: Telemarksforsking

– Vil instituttet aller helst vere aleine om de kan?

– Vi har jo hatt gode resultat som sjølvstendig institutt både økonomisk og fagleg, men verda rundt oss er i endring. Det viktigaste for oss no er å sjå om vi kan få til gode faglege synergiar med USN, og at universitetet kan by oss vilkår som tek vare på oppdragskulturen om vi blir del av ei større, statleg eining. Tanken er å finne ut om dei to institusjonane samla sett kan stå sterkare som aktør innan forskings- og utgreiingsarbeid. Universitetet verkar veldig interessert i å få til ei ordning som blir bra for oss. Men det står igjen å sjå, seier Sanda.

– Vil beite i same marknad

Studiestad Bø ved USN og Telemarksforsking er nære naboar. Rektor Aasen trur at universitetet kan dra fordelar av å få instituttkulturen inn i huset.

– Eg trur også at ein del av dei som jobbar ved Telemarksforsking i dag vil har stor interesse av å bli engasjert i undervisning og rettleiing ved universitetet. Samtidig er det ein del forskarar hjå oss som allereie jobbar i oppdragsmarknaden.

Aasen seier at USN har eit mål om å samarbeide med omgjevnadene i privat og offentleg sektor.

– Finansieringssystemet gjev sterke insentiv til høgskular og universitet som vil drive med bidrags- og oppdragsaktivitetar (BOA). Eksterne føringar og forventningar, og også våre eigne ambisjonar, fører til at vi vil beite i same marknad som forskingsinstitutta. Arbeidsdelinga mellom forskingsinstitutt og universitet er på mange måtar viska ut, seier Aasen.

– De blir altså konkurrentar i same marknaden?

– Ja, det er fare for det. Det vi først skal finne ut, er om vi kan oppnå faglege synergiar ved å slå oss saman. Om vi ikkje får det, må vi finne andre modellar for samarbeid der det er ein premiss at vi også er konkurrentar.

Spente på ny strategi

Neste veke skal regjeringa legge fram ein ny strategi for instituttpolitikk i Noreg. Strategien er utarbeidd av ei tverrdepartemental prosjektgruppe, og er no behandla i regjeringa.

– Vi er spente på kva den nye instituttstrategien til regjeringa vil innehalde. Eg har ikkje fått signal om at til dømes krav til storleik på institutta vil bli fremja på nytt, seier Sanda.

Aasen er spent på om den nye strategien for institutta vil kunne påverke forhandlingane med Telemarksforsking.

– Eg går ut frå at insentiva i finansieringsmodellen i UH-sektoren vil ligge fast framover. Men eg er spent på korleis den nye instituttstrategien vil slå ut for oss i samanheng med mogleg samanslåing, seier Aasen.

  • Les også: