Forskingsrådet vil gjere det vanskelegare for dei minste å få støtte
LUKK

Forskingsinstitutt:

Forskingsrådet vil gjere det vanskelegare for dei minste å få støtte

Av Johanne Landsverk

Publisert 21. november 2018 kl. 12:31

Forskingsrådet foreslår ei nedre grense på 40 årsverk for forskingsinstitutta for å få støtte. Og institutta må publisere meir.

– Det blir dramatisk for oss om dette forslaget går gjennom, seier Karl Gunnar Sanda, direktør i Telemarksforsking.

I ein ny rapport foreslår Forskingsrådet at den nedre grensa for at eit forskingsinstitutt skal få basisløyving, skal auke frå 20 til 40 forskingsårsverk. Dette er eitt av mange framlegg i den såkalla synteserapporten der Forskingsrådet kjem med ei oppsummering av evalueringane i sektoren. Her kjem også Forskingsrådet med tilrådingar til regjeringa om instituttpolitikken i framtida. Rapporten er sendt på høyring, og torsdag 22. november skal sektoren møtast for å diskutere forslaga.

Krev meir publisering

For at eit instiutt skal motta såkalla basisløyving, stillast det ein del krav ( sjå faktaboks). I dag varierer basisfinansieringa sterkt, særleg mellom dei ulike faginstitutta. Forskingsrådet foreslår difor at basisfinansieringa til institutta blir auka til minimum 15 prosent av FoU-omsetninga ved kvart institutt. Forskingsrådet vil også innføre eit krav om vitskapleg produksjon på minst eitt publikasjonspoeng per forskarårsverk i året.

– Vi kan bli tvinga inn i uheldige fusjonar, seier Karl Gunnar Sanda i Telemarksforsking. Foto: Telemarksforsking

Direktøren ved Telemarksforsking er bekymra. Basisløyvinga som instituttet får i dag, utgjer 12-14 prosent av omsetninga ved instituttet.

– Om det blir eit endeleg krav om 40 forskingsårsverk for å få basisløyving, blir det svært vanskeleg for oss. Det er også krevjande når Forskingsrådet ønskjer å legge ein mal for publisering på eitt poeng per forskingsårsverk. Vi ligg over denne grensa i dag, men det er ein omfattande jobb å halde dette nivået. Mykje av basisløyvingane går til å produsere artiklar, så om basisløyvinga vår blir borte, blir det ikkje mogleg å publisere vitskapleg på den måten vi har gjort, seier Sanda.

– Vil tvinge institutta

Direktøren er redd for at dei nye krava vil føre til tvangsfusjonar. 

Fakta
<

– Ved ei slik endring som er foreslått, risikerer ein at velfungerande institutt, som leverer godt på kvalitets- og relevanskrava vi har i dag, anten fell ut av sektoren eller blir tvinga inn i uheldige strukturendringar eine og aleine på grunn av eit endra strukturkrav, seier Sanda.

Han meiner også at forslaget i rapporten manglar ei skikkelig grunngjeving.

Problematisk for somme

Områdedirektør Anders Hanneborg i Forskingsrådet innrømmer at framlegget kan få konsekvensar for fleire mindre forskingsinstitutt.

– Vi meiner at ein storleik på 20 forskingsårsverk normalt er i minste laget for å vere eit sjølvstendig forskingsinstitutt. Om vi set ei grense på 40,  vil det nok vere problematisk for nokre av dei, seier Hanneborg.

Han presiserer at det kan gjerast unnatak for enkelte institutt med så smal innretning at dei ikkje har problem med å produsere vitskap eller å hevde seg i konkurransen.

– Det finst institutt med avgrensa verksemd som gjer det svært godt, så i tillegg til dei kvantitative krava vil vi gjere ei heilskapleg vurdering. Men for institutt på 25 personar som driv eit breitt spekter av aktivitetar, er truleg fagmiljøa ikkje robuste nok.

 

Saknar grunngjeving

Direktør i Vestlandsforsking Merete Lunde reagerer på grensa på 40 årsverk som er foreslått.

– Dette forslaget vil påverke oss, sjølv om det står at ein vil utvise skjønn, seier Lunde.

– Vi har funne vår nisje blant anna innan klima og miljø, reiseliv og teknologi og samfunn. Vi leverer godt på alle kvalitetsparametrane, blant anna når det gjeld publikasjonspoeng. Så lenge vi får gode tilbakemeldingar frå Forskingsrådet, vil vi fortsetje som før, seier ho .

Men også ho saknar ei grunngjeving for forslaget om å auke talet på årsverk frå 20 til 40.

– Vi saknar ei grunngjeving for forslaget, seier Merete Lunde i Vestlandsforsking. Foto: Vestlandsforsking

– I høyringssvaret vårt kjem vi til å stille spørsmål rundt dette talet.

Eit løft for mange

Hanneborg meiner nokre av institutta vil kunne tilby samfunnet meir ved å bli del av eit større forskingsmiljø, anten dei slår seg saman andre aktørar i regionen eller med institutt andre stader i landet.

– Det har i det siste vore mange samanslåingar i sektoren, og vi trur ikkje denne prosessen er heilt ferdig.

Han seier kravet om eitt publiseringspoeng per årsverk vil vere eit betydeleg løft for nokre institutt.

– Samtidig argumenterer vi for at basisløyvingane ved institutta skal auke. Det er jo nettopp fordi institutta skal få meir tid til å bygge opp eigen kompetanse. Så desse krava går hand i hand.

Vil endre arenaene

Forskingsrådet tilrår også at inndelinga i fire fagarenaer må vurderast på nytt. I dag er sektoren delt inn i miljøinstitutt, teknisk-industrielle institutt, samfunnsvitskaplege institutt og primærnæringsinstitutt.

– Det kan vere ganske stor forskjell mellom institutta innanfor kvar arena, og vi er usikre på om omfordelinga verkar slik den burde. Det er jo i dag ein konkurranse og omfordeling av basisfinansiering innanfor kvar arena, men ikkje på tvers av dei, seier Hanneborg.

Han meiner det er grunnlag for å sjå på inndelinga på nytt, og også på kriteria for kven som skal få basisløyving.

– Vi meiner basisfinansieringssystemet må lagast slik at det også kan opne for institutt med store forvaltningsoppgåver, som til dømes Havforskingsinstituttet. Basisfinansieringa til dei store forvaltningsinstitutta blir i dag løyvd direkte frå departementa.

Les også: