Tilsette kan miste rettar i forskningsgiganten Norce

Av Johanne Landsverk

Publisert 10. september 2018

Fleire forskningsinstitutt slår seg saman til Norce: – Vi opplever vi at rettane vi har hatt lenge blir dårlegare for mange av oss, seier tillitsvald.

– I starten fekk vi høyre at fusjonen ikkje skulle få negative konsekvensar for dei tilsette. Men no opplever vi at dei rettane vi har hatt lenge, som pensjonsavtale og arbeidstidsordningar, blir dårlegare for mange av oss, seier Mai Camilla Munkejord, tillitsvald for Forskerforbundet ved Uni Research i Bergen. Instituttet har, i lag med Christian Michelsen Research (CMR), IRIS, Agderforskning og Teknova vedteke å slå seg saman og opprette forskingsselskapet Norce, som blir ei kjempe i forskingslandskapet med nærare 900 tilsette.

Fryktar dårlege vilkår

Men ei samanslåing av svært ulike institutt kan slå uheldig ut for mange tilsette.

– Det har vore dialog, men ikkje reelle forhandlingar om noko som helst, seier Munkejord.

– Norce har varsla at tariffavtalen og særavtalane som vart inngått med tidlegare arbeidsgjevarar (Uni Research, CMR, Agderforskning, IRIS og Teknova), fell bort når vi blir eitt nytt selskap. Fagforeiningane skal difor forhandle fram heilt nye avtalar når vi har fått tilsetjing i Norce. Det vi veit allereie, er at dei tilsette i Uni Research som har hatt YTP, det vil seie ytingsbasert pensjonsordning, mistar denne mot ein viss kompensasjon. Dei det gjeld, er svært skuffa over dette.

Både Uni Research og Agderforskning har i dag 37,5 timars veke.

– Det har kome signal om at Norce ønskjer at alle arbeidstakarane skal gå over til 40 timars veke. I tillegg har vi fått signal om at sommartida vil falle bort, og at vi vil miste gode som halve arbeidsdagar i romjula og i påska. Leiinga har rett nok signalisert vilje til å kompensere økonomisk for den auka arbeidstida, men berre delvis. Vi som er fagtilsette, er redde for at lengre arbeidstid også vil føre til ytterlegare auka innteningskrav, seier Munkejord.

Ho ser ei dreiing mot ein meir topptung organisasjon, som ikkje heilt forstår premissane som samfunnsforskarar må ta omsyn til.

– Vi fryktar at timeprisen vil auke, noko som fører til at vi vil stå svakare i konkurransen om å vinne anbodsprosjekt. Med auka timepris kan vi levere mindre forsking for pengane. Vi er også redde for at den gode administrative støtta vi har hatt hittil, blir sentralisert slik at det blir vanskelegare å få den hjelpa vi treng til å ekspedere anbodssøknadar og språkvaske artiklar og rapportar.

HR-direktør Christina Th. Brunner i Norce skriv i ein kommentar til Forskerforum at Norce er ein stor fusjon der fem forskingsinstitutt skal bli eitt selskap.

– I prosessen følgjer vi gjeldande regelverk, og det er etablert arenaer mellom arbeidsgjevar og arbeidstakarorganisasjonane der vi informerer, drøftar og forhandlar i tråd med lovverket for saka det gjeld, uttaler Brunner.

Fleire timar, ingen gevinst

Den siste tida har Norut, som er det største forskings- og innovasjonskonsernet i Nord-Noreg, vore i forhandlingar om å gå inn i Norce. Instituttet har om lag 130 tilsette, og held til i Tromsø, Alta og Bodø. I Norut har dei tillitsvalde førebels stått på utsida, fordi instituttet  enno ikkje er del av storselskapet. Geir Bye, som er tillitsvald i Forskerforbundet ved Norut, fortel at dei tilsette i Norut har 37,5 timars arbeidsveke.

– Fleire av institutta som har gått inn i Norce, har 40 timars veke i dag, men ikkje alle. Det er difor denne diskusjonen har kome. Ved ei verksemdsoverdraging får dei tilsette ta med seg individuelle lønns- og arbeidsvilkår inn i den nye verksemda. Då blir det fort litt komplisert å samordne arbeidstid på tvers av institutta, seier han.

Bye trur ikkje at auka timetal i seg sjølv vil gje nokon stor gevinst for institutta.

– Tvert imot blir det ei utgift for arbeidsgjevar, som må kompensere for utvida timetal med lønn utan at ein nødvendigvis får noko igjen for det. Problemet i sektoren er ikkje at ein jobbar for lite, men heller for mykje.

Trass i ulempene er han ikkje i tvil om at fusjon er til det beste.

– Dei tilsette i Norut ser positivt på å bli ein del av eit større samfunnsvitskapleg forskingsmiljø, og instituttet vil få ei sterkare stemme. Ikkje minst kan det bli lettare å få finansiering over EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, meiner han.

– Kan ikkje stå aleine

Forskingssjef Mai-Britt Ellingsen i Norut meiner instituttet må bli del av eit større fagmiljø for å styrke konkurranseevna.

– Eit lite institutt kan ikkje stå aleine på lang sikt. Vi merkar sterkare konkurranse frå universiteta om forskingsmidlar, og i oppdragsmarknaden konkurrerer vi mot konsulentselskapa. Det betyr at institutta konkurrerer på to frontar, noko som er svært krevjande, seier Ellingsen.

Ho peikar på at Forskingsrådet er ei viktig drivkraft for dei store strukturendringane som no skjer i sektoren.

– Ein aukande del av midlane i Forskingsrådet blir kanaliserte gjennom EU-systemet, og der må ein kjempe om veldig store forskingsprosjekt. Universiteta har eit stort apparat for å jobbe med EU-søknader og søknader til Forskingsrådet, men eit lite forskingsinstitutt er ikkje rigga for slikt. Om vi blir del av ein stor struktur, er det rom for å etablere tunge fellesfunksjonar for dette, seier Ellingsen.

Målet for Norut er å prøve å kome i land med fusjonsforhandlingane om ein månad.

Les også: