Forskerforum
Hamburgermeny
Forskerforum-logo
Mobilmeny
Forskerforum
Forskerforum-logo

Instituttsektoren får ikkje krisestøtte før i slutten av mai

Det kom ingen pengar til forskingsinstitutta i revidert nasjonalbudsjett. Dei må vente på grøn omstillingspakke.

– Vi forventar at den grøne omstillingspakka vil møte behova i sektoren, seier Agnes Landstad i Forskningsinstituttenes fellesarena (FFA). Foto: Heidi Widerøe

– Vi var førebudd på at det som omhandlar forsking og utvikling ikkje ville kome med i revidert nasjonalbudsjett, men at dette ville kome som ei eiga pakke, seier Agnes Landstad dagleg leiar i Forskningsinsituttenes fellesarena (FFA).  

Då regjeringa i dag la fram forslag til revidert statsbudsjett, var det mange som håpa på å få del i dei 419 oljemilliardane som regjeringa vil dele ut for å handtere koronakrisa.

FFA har spelt inn eit ønskje om 700 millionar kroner i ekstra grunnløyvingar. Men for forskningsinstitutta kom det inga felles satsing i dag.

Lovar grøn omstillingspakke

I ei pressemelding seier næringsminister Iselin Nybø at regjeringa foreslår ei eiga grøn omstillingspakke, som skal leggast fram i slutten av mai.

– Pakka vil innehalde auka midlar til forsking, utvikling og innovasjon. Dette bidreg til at vi kan utvikle og behalde verdifulle høgteknologiske kompetansemiljø som er viktige i den grøne omstillinga, uttaler Nybø.

FFA vonar no på at pakka frå regjeringa vil hjelpe institutta.

– Vi forventar at den grøne omstillingspakka vil møte dei behova institutta har, og utnytte kapasiteten i forskingsmiljøa. Forskingsinstitutta og næringslivet må jobbe i tett samarbeid for å få til grøn omstilling, seier Landstad.

– Risikerer å stoppe opp

Administrerande direktør Elisabeth Maråk Støle i forskingskonsernet Norce er glad for signala om ei eiga omstillingspakke.

– Det er viktig at omstillingspakka bidreg til å halde tempoet i det grøne skiftet oppe og styrkar konkurransekrafta i norsk næringsliv både gjennom og etter koronakrisa. Vi har ei klar forventning om at omstillingspakka i mai vil bidra til å utnytte kapasiteten i det viktige omstillingsarbeidet som var i gang før Covid-19 ramma oss, seier Støle.

– Behovet for omstilling ved bruk av forsking er større enn nokon gong, seier Elisabeth Maråk Støle i Norce.

– Omstillinga, teknologiutviklinga og kompetansehevinga i norsk næringsliv risikerer å stoppe opp fordi bedriftene slit. Behovet for omstilling ved bruk av forsking og innovasjon er viktigare enn nokon gong, seier ho.

– Treng sterke teknologimiljø

Også Sintef har høge forventningar til ei eiga krisepakke.

– Vi forstår at det ikkje kjem pengar i revidert nasjonalbudsjett. Så då set vi all vår lit til at det kjem støtte i den grøne omstillingspakka og at denne vil rette seg mot FoU-avdelingar og forskingsinstitutt. Vi klarer ikkje denne omstillinga utan sterke høgteknologiske miljø, seier Vincent Wego Fleischer, som er strategi- og kommunikasjonsdirektør i Sintef.

  • Les også:

Doktorgradsutvalg: – Vi skal se på kontraktslengden

Få unge forskere vil anbefale andre å velge en karriere som forsker

Aasland ber universitetene vurdere skjermforbud

Tusenvis av studenter klager på sensur – flertallet får samme karakter etter klage

Nokut varsler Høyskolen Kristiania om krav på 155 millioner kroner

Regjeringen lanserer tinder for næringsliv og forskere

Forskerforbundet reagerer på høye lederlønninger på forskningsinstituttene

Eksperten svarer: Slik får du høyere lønn utenom oppgjøret

Lukk meny