Tolv nye forskingsinstitutt inn i varmen
LUKK
Annonse
Annonse

Tolv nye forskingsinstitutt inn i varmen

Av Johanne Landsverk

Publisert 12. februar 2020 kl. 09:28

Forskingsrådet skal følgje opp tolv institutt eigd av ulike departement. – Spennande, seier Camilla Stoltenberg i Folkehelseinstituttet.

Då regjeringa i går la fram ein ny ny strategi for instituttpolitikk, var det éin nyheit som merka seg ut: Forskingsrådet skal ikkje berre følgje opp dei 37 forskingsinstitutta som er med i den statlege grunnfinansieringsordninga. Også tolv andre institutt under ulike departement som står utanfor grunnfinansieringssystemet, får kome inn i varmen (sjå faktaboks). Forskingsrådet skal opprette ein nettverksarena slik at alle institutt som instituttpolitikken gjeld for, inngår i ei felles oppfølging.

Grunnen er at regjeringa ønskjer ein meir heilskapleg instituttpolitikk, og også meir samarbeid på tvers av tradisjonelle grenser.

Viktige spørsmål på dagsorden

Fakta
Tolv nye institusjonar får oppfølging av Forskingsrådet
(departement i parentes)

Folkehelseinstituttet (HOD)
Havforskingsinstituttet (NFD)
Forsvarets forskingsinstitutt (FD)
STAMI (ASD)
Simula AS (KD)
Norsk polarinstitutt (KLD)
Meteorologisk institutt (KLD)
Noregs geologiske undersøking (NFD)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (OED)
Arkivverket (KUD)
Nasjonalbiblioteket (KUD)
Statistisk sentralbyrå (FIN)

Blant dei tolv som skal følgjast opp av Forskingsrådet, er Folkehelseinstituttet (FHI) som er eigd av Helse- og omsorgsdepartementet.

– Vi takkar for at vi har fått ein klubb å høyre til i. Dette er spennande, og det er bra å kunne samarbeide om felles interesser på tvers av eigardepartementa. Samtidig lurer vi på kva dette vil innebere, seier direktør Camilla Stoltenberg i Folkehelseinstituttet.

– Kanskje kan dette også vere ein anledning til å få ein del viktige spørsmål på dagsordenen, blant anna spørsmål knytt til uavhengig statistikk- og forskingsproduksjon. Statistisk sentralbyrå har statistikklova i botnen, og det er eit internasjonalt krav om at alle land skal ha ei statistikklov. Det er også krav om uavhengige risikovurderingar av mattryggleik. Men for dei fleste andre kunnskapsområda er det ikkje tilsvarande krav. Det er bra at vi i Noreg vil ha meir samarbeid mellom UH-sektoren og næringslivsaktørar, men ein har ikkje sett på korleis ein også kan sikre uavhengigheit i forsking når det gjeld økonomiske og statlege interesser, seier ho.

Felles rapportering

Stoltenberg meiner slike tema kan vere viktige å diskutere med dei andre institutta.

– Det er også interessant om vi kan få vere med på å formulere kunnskaps- og forskingspolitikken i Noreg, seier ho.

For forvaltningsinstitutta er det forskinga og ikkje forvaltningsoppgåvene som skal følgjast opp av Forskingsrådet. Ifølgje den nye strategien bør alle institutta rapportere på eit felles sett med nøkkeltal om forsking.   

Dei tolv institutta skal framleis styrast av eigardepartementa, og oppfølginga skal ikkje kome i konflikt med den formelle styringslinja, heiter det i strategidokumentet.

– Må ta med seg pengane

Direktør i Telemarksforsking Karl Gunnar Sanda er oppteken av at dei statlege forvaltningsinstitutta tek med seg pengane sine.

– Eg veit ikkje korleis dette er tenkt, men vi har sett tidlegare at ein har har henta fleire institutt inn i ordninga og så har det ikkje vore sett av nok ressursar, seier han.

  • Les også: