Annonse
Holbergprisen 980x150
Annonse
Holbergprisen mobil

Forskingsinstitutt:

– Finn ikkje hindringar for samarbeid mellom sektorane

Av Johanne Landsverk

Publisert 12. februar 2020

Statsråd Henrik Asheim seier det ikkje er funne uheldig konkurranse mellom institutta og UH-sektoren. Instituttdirektørar meiner noko anna.

– Eg erkjenner at politikken for universitets- og høgskulesektoren og instituttsektoren ikkje alltid har vore heilt samkøyrd. Det som difor var overraskande, var at vi ikkje fann ut at dette er noko problem. Om de finn noko, meld tilbake til meg, sa forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) då han presenterte regjeringas nye strategi for instituttpolitikk på Samarbeidskonferansen, som vart arrangert av Universitets- og høgskulerådet (UHR) og Forskningsinstituttenes fellesarena (FFA).  

Asheim viste til at Kunnskapsdepartementet nyleg har gjennomgått og samanlikna finansieringssystema i dei to sektorane, og departementet kunne ikkje finne at finansieringssystema fører til uheldig konkurranse.

Målet med den nye strategien er at instituttpolitikken skal bli meir heilskapleg og meir samkøyrd. Eitt av punkta er å betre samarbeidet mellom universitets- og høgskulesektoren og instituttsektoren. Regjeringa oppmodar difor FFA og UHR til å sjå nærare på om samarbeidet mellom sektorane bør styrkast.

– Viktig å bryte sektorgrensene

Norunn Myklebust, som er administrerande direktør i Norsk institutt for naturforskning (NINA), meiner strategien som er lagt fram er ein god start for ny instituttpolitikk.

– Eg har forventningar om meir samarbeid på tvers av sektorane, seier Norunn Myklebust ved NINA. Foto: Johanne Landsverk.

– Eg håpar dette vil vere med på å bryte med grensene mellom sektorane. Det blir sagt tydeleg i strategien at forskingsmidlar skal konkurranseutsetjast, og eg har forventningar til at det skal bli mogleg å samarbeide meir på tvers av sektorane, seier ho.

– I dag er det ikkje lik konkurranse, og mykje midlar blir ikkje konkurranseutsett i det heile. Så det blir spennande å sjå korleis Forskingsrådet vel å følgje dette opp, seier Myklebust.   

Ho meiner det er bra at ein no vil sjå heile forskingslandskapet under eitt.

– Vil ikkje bli like vilkår

Ellen-Marie Forsberg er administrerande direktør i Østfoldforskning, som er eit lite institutt med 27 medarbeidarar. Ho tvilar litt på beskrivinga av harmoni mellom institutta og universiteta.

– Det står i rapporten at vi opererer på like vilkår, men UH-sektoren profesjonaliserer seg dag for dag på område der instituttsektoren tidlegare har hatt ein konkurransefordel, som til dømes søknadsskriving. Dette kan dei gjere ved å ha tilgang på store midlar. Så på lengre sikt vil det ikkje vere like vilkår med mindre institutta får høgare grunnløyvingar til sektoren, seier ho.

– Vi opplever aukande grad av konkurranse, og ønskjer oss meir like vilkår, seier Ellen-Marie Forsberg ved Østfoldforskning. Foto: Johanne Landsverk

Forsberg meiner strategien regjeringa har lagt fram er som forventa.

– Generelt er strategien bra, men ikkje veldig overraskande. Det som står, er ganske overordna, men det peikar i rett retning. Som representant for eit lite forskingsmiljø synest eg signala er betryggande. Små forskingsmiljø som er sett på som robuste, skal få fortsetje, og det er veldig bra, seier ho.  

– Skal framleis vere arbeidsdeling

Direktør Karl Gunnar Sanda i Telemarksforsking er einig. Instituttet er no i forhandlingar med Universitetet i Søraust-Noreg (USN) om samanslåing.

– Det er framleis signal om at regjeringa støttar utviklinga mot konkurransedyktige og robuste institutt, anten gjennom samarbeid eller fusjonar. Men eg finn ikkje noko i rapporten som seier at ein ikkje kan halde fram som eit lite institutt.

– Vil du då helst halde fram aleine?

– Vi må sjå korleis det går med forhandlingane, om det er fordelar med å vere aleine eller om vi bør bli del av ei større eining.

Sanda seier han er ueinig med USN-rektor Petter Aasen som uttalte til Forskerforum at arbeidsdelinga mellom forskingsinstitutt og universitet på mange måtar er viska ut. 

– Eg er ikkje einig i at arbeidsdelinga mellom institutt- og UH-sektor har opphøyrd. Og slik eg oppfattar den nye strategien frå regjeringa, skal det framleis vere ei arbeidsdeling mellom sektorane, seier han.

  • Les meir: