Drøymer du om EU-stipend? Her er dei beste tipsa.
LUKK

Drøymer du om EU-stipend? Her er dei beste tipsa.

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 7. september 2018 kl. 10:48

Får du eitt av dei store EU-stipenda, er karrieren sikra. Ann-Cecilie Larsen nådde opp på andre forsøk.

Norske forskarar må søke meir pengar frå EU, seier regjeringa. Særleg må vi søke meir frå Det europeiske forskingsrådet (ERC), for der ligg både søknads- og gjennomslagsraten klart lågare enn land vi gjerne vil samanlikne oss med. ERC-stipend skal gå til forskardrivne prosjekt der vitskapleg kvalitet er einaste kriterium. Men kva skal til for å få dei? 

Fakta
<

Søk på nytt

Det vonar dei å få svar på, dei unge forskarane som sit i eit auditorium på Blindern og høyrer på Mette Skraastad frå konsulentfirmaet Yellow Research. Skraastad har reist frå Amsterdam til Noreg, slik ho gjer fleire gonger i året, for å halde kurs for forskarar som kan tenkje seg å søke på anten «Starting Grant» eller «Consolidator Grant», to av stipendordningane i ERC.

– ERC dreier seg om å søke på nytt, seier ho.

– Og det er der norske søkarar fell frå. Ein må søke igjen og igjen, for det er slik ein får støtte. Panelet ser om du har søkt tidlegare, og om du har teke til deg tilbakemeldingane du fekk i førre runden.

Det kan Ann-Cecilie Larsen, forskar ved Fysisk institutt ved Universitetet i Oslo (UiO), stadfeste.

– Eg søkte første gong i 2012, fortel ho. Larsen fekk sitt Starting Grant i 2014, på andre forsøk. Ho studerer korleis atomkjernar oppfører seg i ekstreme situasjonar, som når nøytronstjerner kolliderer med kvarandre. Ho byrja tenke på prosjektet under doktorgraden. Søknaden vart vurdert til B: God kvalitet, men ikkje tilstrekkeleg.

Då ho søkte på nytt i neste runde, starta ho på nytt: Kva vitskaplege spørsmål var det som brann for henne? Denne gongen hadde ho erfaring frå laboratorium i utlandet, og ho reiste mykje for å sparre med kollegaer og diskutere kva som kunne la seg gjennomføre.

– Panelet må få kjensla av at dersom prosjektet er godt, så er det berre éin forskar som kan gjennomføre det, og det er du, seier konsulent Mette Skraastad. Foto: Kjerstin Gjengedal

Mette Skraastads tips:

  • Søknaden bør innehalde ei overrasking, noko som fangar interessa hos lesarane. Sjekk nøkkelorda for kvart av fagpanela.
  • Av og til vil du oppdage at søknaden høyrer heime hos eit anna panel enn det du først trur.

 

Blås i trompeten

May-Britt Tessem, forskar ved Institutt for sirkulasjon og bildediagnostikk ved NTNU, fekk sitt Starting Grant i fjor, på første forsøk. Det skal ho bruke på å leite etter biologiske markørar som kan gje betre diagnostisering av prostatakreft.

– Eg hadde høyrt om ERC-stipenda som noko stort som dei flinke kan søke på. Men eg trong rett og slett pengar, elles ville eg ikkje få forska. Eg måtte prøve alle kanalar.

For å søke ERC måtte ho lære seg ein annan skrivemåte enn ho var vand med.

– Der fekk eg god hjelp av Emma Walton ved fakultetsadministrasjonen, som las og kommenterte søknaden. Til tider tykte eg at eg framheva meg sjølv så mykje at eg vart heilt kvalm, seier Tessem.

– Vi har eit uttrykk på engelsk: To blow your own trumpet, seier John Birks, professor emeritus ved Universitetet i Bergen (UiB).

Det vil seie å snakke høgt og tydeleg om kva ein kan og har oppnådd, noko som altså kan kjennest både unorsk og uengelsk.

– Eg er ikkje så flink til å blåse i trompeten min. Det fekk eg god hjelp med av kollegaer som såg på søknaden min.

Det gav resultat. Birks har akkurat starta på sitt femårige Advanced Grant-prosjekt. Det fekk han i fjor, to og eit halvt år etter at han fylte 70 og gjekk av med pensjon, utan tankar om å bli leiar for eit prosjekt til over 20 millionar kroner.

– Risiko er innebygd i forskinga mi. Eg driv grunnforsking, og vil ein finne noko nytt, er ein nøydd til å ta sjansar, seier May-Britt Tessem. Foto: Geir Otto Johansen / St. Olavs hospital

May-Britt Tessems tips

  • Vis akkurat kva du meiner er banebrytande. Spørsmål og kommentarar frå andre er uhyre viktig for å få fram poenga.
  • Du må vise at du er ein sjølvstendig forskar og ikkje berre går i spora til rettleiaren din.

 

Må få hjelp

For kreftforskaren Tessem var det avgjerande at ho kunne isolere seg heime og jobbe med søknaden heile dagar i strekk: skrive, planleggje pilotforsøk og gjere avtalar med partnarar.

Ein må ha hjelp, understrekar ho, skal ein få fram poenga godt nok.

– Mitt prosjekt involverer dessutan så mange ulike teknologiar og metodar at det er heilt uråd å vere ekspert på alt sjølv.

Det same seier Skraastad frå Yellow Research gong på gong i løpet av kurset på Blindern. Dei mest brukte uttrykka i presentasjonen hennar er: Få hjelp. Og snakk med folk.

– Ein kan ikkje skrive ein slik søknad åleine. Veldig få greier det, seier ho til Forskerforum i pausen.

– Administrasjonen ved institusjonane veit kva som trengst, og kan stille dei dumme spørsmåla som avslører svake punkt. Men bruk også kollegaer. Hugs berre at ein ikkje kan bruke fagsjargong, for det sit folk i panelet som ikkje kjenner fagfeltet. Feilen mange gjer, er at dei skriv søknaden med tanke på folk som er lik dei sjølve.

Viktig med erfaring

Birks, emeritusen ved UiB, er paleoøkolog og har lenge arbeidd med pollenanalyse og vegetasjonshistorie. I ERC-prosjektet sitt spør han om forhistoriske menneske påverka dei store økologiske prosessane på jorda eller ikkje. Men at han ville få stipendet, trudde han ikkje.

– Eg trudde alderen ville tale mot meg, seier Birks.

Ideen hans spirte frå ein Nature-artikkel som tok opp det same spørsmålet.

– Artikkelen var riv ruskande galen på alle måtar, og kollegaene mine og eg skreiv eit motsvar. Men spørsmålet var interessant, og eg byrja fundere på korleis eg sjølv ville ha løyst det. Eg nemnde ideen min for Eystein Jansen, tidlegare direktør for Bjerknessenteret for klimaforsking, og han sa at eg burde søke pengar frå ERC-panelet for Earth System Science.

Mykje av suksessen skriv han på kontoen for akkumulert erfaring.

– Straks eg kom til USA etter gjennomført doktorgrad, vart eg beden om å lese og kommentere på ein søknad professoren min, som var etablert og dyktig, hadde skrive. Det hjelpte meg å lære triksa tidleg.

John Birks’ tips: Det første avsnittet må selje prosjektet. I andre avsnitt er lesaren allereie blitt lei. Ver lidenskapeleg og tydeleg. Om du ikkje viser at du har lidenskap for ideen din, kvifor skal då panelet tru deg?

John Birks’ tips:

  • Det første avsnittet må selje prosjektet. I andre avsnitt er lesaren allereie blitt lei.
  • Ver lidenskapeleg og tydeleg. Om du ikkje viser at du har lidenskap for ideen din, kvifor skal då panelet tru deg?

Passeleg ambisiøst

I auditoriet på Blindern snakkar konsulenten Skraastad om kva fagpanela i Brussel ser etter når dei vurderer søknadane. «High risk / high gain» er eit nøkkelomgrep.

– Søker du Starting Grant, skal ideen vere ambisiøs, men ikkje for ambisiøs. Sidan du ikkje har ei lang merittliste enno, må du sannsynleggjere at ideen din er oppnåeleg. Panelet vil vite om du er påliteleg i omgang med halvannan million euro, peikar ho på.

– Søknaden min vart lesen av seks eksterne fagfellar, og det var godt å merke at eg kunne svare på innvendingar, seier Ann-Cecilie Larsen. Foto: Erik Norrud

Ho fortel korleis panela er på utkikk etter forskarar som vil kunne bli leiarar på sitt felt og ta faget sitt i nye retningar. Korleis søknaden må formidle at prosjektet har potensial til å vere banebrytande, men utan å bruke dette ordet i teksten. Korleis du må ha ein plan for alle dei fem åra prosjektet varer, for då kan panelet kjenne seg trygge på at du også veit korleis du kan endre på planen om noko ikkje går som venta. Kva

type risiko du kan tillate deg.

– Det tek seg dårleg ut å måtte stogge eit stipend fordi forskaren møter veggen i prosjektet sitt, minner ho om.

 

– Ja, dilemmaet er at ingen skal ha gjort noko tilsvarande før, men på same tid skal prosjektet vere gjennomførleg, seier Larsen ved Fysisk institutt.

– Det var ein kjempefordel for meg at mange av eksperimenta kunne gjerast ved laben her på UiO. Det gjorde meg trygg på at eg i det minste kunne levere eitt eller anna.

– Vanlegvis er risiko det siste du vil nemne i ein prosjektsøknad. Igjen var eg heldig, for eg har vore fagfellevurderar ved andre sine ERC-søknader og hadde sett at risiko er nemnd heilt eksplisitt, seier paleøkologen Birks.

– I vårt tilfelle er det slik at kva vi enn finn, så har vi oppnådd noko. Finn vi at forhistoriske menneske har hatt innverknad på økosystema, så er det eit funn. Har dei det ikkje, så er det også eit funn. Så risikoen består i at noko skjer som gjer at vi ikkje får utført forskinga. Til dømes har ein del av databasane vi vil nytte, ikkje så god kvalitet som vi kunne ønskje, og det er risiko knytt til å bruke dei.

– Fagpanela set pris på intellektuell og teknologisk risiko, fortel Skraastad til dei frammøtte i auditoriet.

– Prosjektet ditt skal generere ny innsikt, nye konsept, ny teori. Samstundes bør du syte for at du kan levere resultat også i startfasen. Det er ein balanse som er vanskeleg å finne.

Ann-Cecilie Larsens tips:

  • Søknaden må vise at du har ein plan B, om noko skulle gå gale.
  • Du må få fram at «the time is now» – dette prosjektet blir ikkje gjennomført om du ikkje får pengane no.

Ber folk om å søke

– Frå vårt fakultet sender vi 20–25 søknader ved kvar utlysing i dei tre kategoriane til saman: Starting, Consolidator og Advanced Grant. Så går det litt opp og ned kor mange vi lukkast med, fortel seksjonssjef Ingse Noremsaune ved forskingsseksjonen ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet ved UiO. Ho gjev råd og hjelp til forskarar som Ann-Cecilie Larsen, som vil søke ERC-stipend.

– Etter kvart opplever vi at forskarar sender e-post til oss og seier «vi har ein god forskar i gruppa mi som eg meiner burde søke».

EU-eininga har også oversikt over kven som har vore på ERC-kurs slik som dei Mette Skraastad held. Og forskarar som har fått FRIPRO- og Toppforsk-midlar frå Forskingsrådet forpliktar seg implisitt til å søke ERC seinare. På denne måten har eininga alltid ei dynamisk liste over potensielle søkarar som dei kontaktar individuelt i god tid før kvar utlysingsfrist.

– Det er ikkje så mange av dei unge forskarane som føler det er naturleg for dei å søke heilt av seg sjølv, men når dei blir bedne om det, så oppfattar dei det som eit kvalitetsstempel, seier Noremsaune.

– Ein ERC-søknad skal vere veldig gjennomarbeidd, men også ha noko ekstra, ein snert, som tenner interessa, seier Ingse Noremsaune. Foto: Erik Norrud

 

Fekk fagleg tryggleik

Ein må bestemme seg for å kunne handtere kritikk, meiner kreftforskaren Tessem.

– Når ein søkar kjem til andre runde, med intervju, set NTNU saman eit treningspanel som les søknaden og stiller spørsmål. Det gav meg tryggleik til å stå på mitt og forklare kvifor eg meinte det eg gjorde. Mot slutten av søknadsprosessen visste eg at eg hadde gjort det beste eg kunne, og då tenkte eg at går det ikkje no, så er det faktisk heilt greitt.

Før presentasjonen hadde Tessem rikeleg tid til å gå omkring i Brussel og kvi seg.

– Men då eg først sto der inne, så var det ikkje skummelt. Dei er forskarar og menneske, dei stilte gode vitskaplege spørsmål, som eg kunne svare på, og kom med refleksjonar om prosjektet mitt.

UiO har tilsvarande treningsopplegg for sine søkarar.

– Det kan vere veldig artig å sjå korleis presentasjonane utviklar seg frå treningspanelet her ved UiO og til sjølve intervjudagen. Då Ann-Cecilie Larsen kom tilbake frå Brussel, tenkte eg at no må ho då få pengane. Eg kunne sjå at det hadde vore ein stor opptur for henne, seier Noremsaune ved EU-eininga.

 

Må ha lidenskap

Intervju er ikkje ein del av prosessen ved Advanced Grant, og Birks slapp difor den biten.

– Men ein må i staden skrive ein «track record» over kva ein har drive med dei siste ti åra, og den tok eg veldig alvorleg. Eg ville fått problem om eg berre hadde sete med beina på bordet etter at eg vart pensjonist.

Nøkkelen er å vise at du trur på ideen din, meiner han.

– Du må ha lidenskap. Punchlinja min i samandraget var å prøveå overtyde panelet om det.

Også Skraastad frå Yellow Research legg vekt på dette.

– Du skal vise panelet at det hastar med å få finansiering, innprentar ho deltakarane på kurset.

– Kva for spørsmål er det som må løysast for å kome vidare på forskingsfeltet ditt akkurat no? Du må kunne forklare kvifor det er eit behov for forskinga di, og kvifor du er den rette til å gjere det.

– Det viktigaste for meg var å oppdage drivkrafta hos meg sjølv. Eg tykte dette prosjektet var så spennande at eg berre måtte ha pengane, og eg trur det skein igjennom i teksten, seier Larsen.

Dei som ikkje får

Ikkje alle finn det bryet verdt å søke på nytt, fortel Noremsaune ved fakultetsadministrasjonen.

– Ein del fell frå etter å ha søkt første gong, nokre fordi dei er unge og mellombels tilsette og flyttar andre stader. Eg trur ein kan ta det tungt å få avslag. Men mange har nytte av tilbakemeldingane dei får, og søknadsskrivinga er med på å klarne tanken og hjelpe med forskinga likevel. I administrasjonen har vi tenkt at vi må bli flinkare til å debriefe søkarane som har fått avslag og spørje dei kva dei vil gjere i etterkant. Vi kan ikkje gje all merksemda til dei som får pengar.

Det tenkjer dei neppe på, dei unge forskarane i auditoriet på Blindern. Atmosfæren er utolmodig og stinn av ambisjonar, som i ein idrettsmeisterskap rett før startsskotet går. For den som får eit ERC-stipend, har sikra seg ein plass i sola, seier Skraastad.

– Etterpå kan du halde fram med å gjere akkurat det du er interessert i.

Kvifor bør norske forskarar søke ERC? 

Per Ivar Høvring, seniorrådgjevar, Forskingsrådet:

– Det er ein enormt god sjanse til å drive eiga forsking utan tematiske eller andre føringar. Eit slikt stipend gjer deg synleg i forskingsverda, og det opnar moglegheiter utover det konkrete prosjektet.

 

Helge K. Dahle, dekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, UiB

– Forskinga vår er internasjonal, og det er eit kvalitetsstempel at vi når opp i verdas viktigaste internasjonale forskingsprogram. Det gjev også tilgang til nettverk som hjelper oss å heve kvaliteten ytterlegare.

 

Marianne Synnes, stortingsrepresentant for Høgre:

– Å konkurrere mot dei beste i Europa gjer oss betre som forskingsnasjon, og let oss bidra til å løyse viktige problem for oss og resten av Europa. Det sikrar fornying og relevans i forsking og innovasjon.

 

 

Les også: