Forskarane treng gulrøter
LUKK

Forskarane treng gulrøter

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 5. april 2016 kl. 11:01

Noreg skal vere eit føregangsland for open tilgang til forsking, har regjeringa bestemt. Snart kjem forslag til nasjonale retningsliner for institusjonane.

forskarane-treng-gulr-ter


– Ved open publisering er det viktig å halde på systemet med fagfellevurdering, seier Torkel Brekke. Foto: Kjerstin Gjengedal

Fakta
<
– Det må ikkje ende med store ord som ikkje blir gjennomførte. Så vi har fått signal om å vere dristige og tenkje nytt, seier professor i religionshistorie ved Universitetet i Oslo, Torkel Brekke.
 
Brekke leiar arbeidsgruppa som skal kome med framlegg til nasjonale retningsliner for open tilgang til forskingsartiklar i midten av juni.
 
– Ser ikkje relevansen
 
At resultata av offentleg finansiert forsking bør vere fritt tilgjengelege, er noko «alle» er samde om. Brekke viser til det urettferdige i at til dømes offentleg tilsette og bedrifter ikkje har tilgang til forsking som kunne ha hjelpt dei å gjere jobben sin betre. Det er blitt vanleg at aktørar som finansierer forsking, krev at forskarar som får støtte, må publisere forskinga si med open tilgang. Likevel går ikkje utviklinga så fort som mange håpa på.
 
– Eg trur hovudgrunnen er at forskarane ikkje ser spørsmålet om open tilgang som relevant i kvardagen. Dei blir heile tida målte og vegne og opplever det som viktig å publisere i dei rette tidsskrifta. Det finst sterke konserverande krefter i forskingsfinansieringssystemet og i karrieretenkinga hos forskarar. Vil ein endre på det, må ein gjere grunnleggande endringar i denne prestisjeøkonomien, seier Brekke.
 
Han legg til:
 
– Men eg trur vi har ei regjering som vågar å gjere slike endringar.
 
Fagfelt manglar tidsskrift
 
Dei siste åra er det utvikla infrastruktur som gjer at forskarar i norsk UH-sektor no, reint teknisk, lett kan publisere forskinga si med open tilgang. Det fortel rådgjevar for open tilgang, Jan Erik Frantsvåg ved universitetsbiblioteket ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet.
 
– Eit femtitals institusjonar har no sine eigne vitenarkiv. Fleire institusjonar tilbyr teknisk infrastruktur for å etablere og drive forskardrivne, fagfellevurderte tidsskrift med open tilgang. Og dei fleste institusjonane har fått publiseringsfond som gjev støtte til forskarar som vel å publisere i opne tidsskrift som krev forfattarbetaling, seier Frantsvåg.
 
Ved hans eige universitet blir om lag 20 prosent av forskingsartiklane publiserte i opne tidsskrift, og tyngdepunktet ligg innanfor helsefag og biomedisin som har veletablerte opne tidsskrift. På mange fagfelt finst det ikkje opne tidsskrift som kvalifiserer til nivå 2 i teljekantsystemet, og det er eit effektivt hinder for open publisering.
 
Forfattarbetaling er eit anna ømt punkt i debatten om publisering med open tilgang.
 
– Om lag 70 prosent av tidsskrifta med open tilgang tek ikkje betalt frå forfattarane. Men svært mange av dei er små og finst innanfor humaniora og samfunnsvitskap. Dei store og kommersielle tidsskrifta innanfor naturvitskap og medisin, som publiserer flest artiklar, tek som oftast betalt, seier Frantsvåg.
 
Vil vri pengestraumen
 
Internasjonalt diskuterer ein no om det lèt seg gjere å flytte pengane som i dag går til å betale for abonnement, over til å betale for open publisering i dei same tidsskrifta i staden. Dersom innsatsen berre blir koordinert godt nok, finst det nok pengar i tidsskriftbudsjetta til universitetsbiblioteka til å finansiere ein slik modell. Det viser eit notat laga av Max Planck-instituttet i fjor.
 
Enn så lenge er det likevel opp til den einskilde forskaren om artikkelen blir publisert med open tilgang eller ikkje. Dei nasjonale retningslinene må difor gje forskarane insentiv til slik publisering, peikar Torkel Brekke på.
 
– Retningslinene må ikkje bli oppfatta som endå eit pålegg til forskarane om å administrere seg sjølve. Samstundes spelar det ei stor rolle at forskarane er merksame på temaet. Forskingsfridom vil ikkje berre seie at forskaren skal ha fridom til å publisere der ho vil. Det inneber også at samfunnet må ha fridom til å bruke forskinga.
 
Forskerforum.no skreiv for litt sidan om piratnettstaden Sci-Hub, som nyttar digitale tilgangsnøklar frå institusjonane til å hente ut forskingsartiklar som ligg bak betalingsmurar, slik at kven som helst kan laste dei ned. Piratverksemd er ikkje ei god nok løysing, meiner Brekke.
 
– Eg forstår godt at folk tyr til slik sivil ulydnad for å skaffe tilgang til forsking, men vi må tilbake til den grunnleggjande logikken: Problemet er at dagens publiseringssystem ikkje er rettferdig, seier han.