Forskingsutval: – Musea må samarbeide meir med UH-sektoren
LUKK
Annonse
Annonse

Forskingsutval: – Musea må samarbeide meir med UH-sektoren

Av Johanne Landsverk

Publisert 10. september 2020 kl. 18:48

Utval foreslår blant anna 15 stipendiatar og 15 millionar i året til forskingssamarbeid med universitets- og høgskulesektoren for å styrke forskinga ved musea.

Det er vel kjent at dei fleste musea under Kulturdepartementet (KUD) produserer svært lite forsking, trass i at dette er ei av hovudoppgåvene musea skal drive med. Statistikken viser at det først og fremst er universitetsmusea, som er eigd av universiteta, som står for mesteparten av museumsforskinga i Noreg.

I samband med museumsmeldinga som etter planen skal kome til våren, sette KUD ned eit utval som no har sett på kva som kan styrke museumsforskinga i Noreg i tiåra framover.

– Forsking blir stadig trekt fram som ein viktig del av arbeidet ved musea, men det store problemet er at Kulturdepartementet ikkje har ein aktiv forskingspolitikk. Så noko må skje! Det er ikkje nok å seie til musea at dei må omdisponere midlane sine. Det trengst eksterne midlar, seier Brita Brenna, som har leia utvalet. Ho er professor i museologi ved Universitetet i Oslo.

I dag kom rapporten «Vilje til forskning – museumsforskning i Norge i det 21. århundre». Her kjem utvalet med ein analyse av situasjonen og også med framlegg til tiltak. Utvalet foreslår blant anna 15 stipendiatstillingar til tverrfagleg museumsforsking knytt til UH-sektoren. Stillingane bør lysast ut breitt og bør ikkje berre gjelde museumstilsette. Likevel bør det vere ein føresetnad at arbeidet er knytt til eit museum. Utvalet forslår også at det blir etablert ein eller fleire forskarskular for museumsforsking.

– Vi treng ei type forskarutdanning for ph.d-kandiatar som jobbar med museumsproblematikk, og slike forskarskular kan skape større samarbeid med UH-sektoren.

– Vi treng andre typar kvalitetsvurderingar enn å telje artiklar som blir produsert, seier utvalsleiar Brita Brenna. Foto: Erik Norrud

Vil ha 15 millionar til samarbeidsprosjekt

Det blir foreslått å setje av midlar til eit eige program på 15 millionar årleg til forskingsprosjekt i samarbeid med UH-sektoren, i første omgang over fem år. Utvalet meiner midlane må konkurranseutsetjast og tildelast basert på forskingsfaglege kriterium. Ein viktig grunn er at midlane frå Forskningsrådet er utilgjengelege for dei fleste museum. Som det står i rapporten: «Dette er i realiteten ikke en arena hvor museumsforskningen kan delta pr. i dag, heller ikke som samarbeidende partner i forskningsprosjekter.»

Fakta
Forslag frå utvalet:

Økonomiske tiltak:
- 15 stipendiatheimlar til tverrinstitusjonell museumsforsking som blir fasa inn over tre år
- etablering av ein eller fleire forskarskular for museumsforsking
-15 millionar kroner årleg som søkbare midlar til museumsforsking i fem år til samarbeidsprosjekt mellom museumssektor og UH-sektor

Tiltak i musea:
- utarbeide målretta rekrutteringsplanar for forskingskompetanse
- jobbe planmessig med organisering av forskingsarbeid i eigen institusjon
- jobbe målretta med kvalitetssikring av forsking
- jobbe målretta med nettverksbygging og samarbeid rundt forsking internt så vel som eksternt med UH-sektoren
- prioritere forskningskompetanse i leiinga

Dei siste åra har det blitt endå vanskelegare for musea å nå opp i konkurransen om midlane i Forskingsrådet. Utvalet meiner Forskingsrådet også må anerkjenne ikkje-akkrediterte museum som likeverdige samarbeidspartnarar i forskingsprosjekt, så lenge søkaren er ein akkreditert institusjon og kvaliteten på prosjektet er god.

– Vi har fått eit system som gjer at nesten ingen museum kan delta som forskingsinstitusjonar i NFR-prosjekt, men vi meiner det må finnest måtar å samordne dette betre på, seier Brenna.  

Tilrår ikkje teljekantar

– Burde det vere resultatbasert teljekantsystem også ved musea?

– På lang sikt kan ein tenke seg å bruke resultatbasert finansiering på same måten som i UH-sektoren. Men dette er ein svært liten del av dei totale løyvingane til musea, så om ein skal setje inn økonomiske insentiv og bruke pengar på å styrke forskinga, er det ikkje først og fremst dette som vil vere nyttig verkemiddel. I UH-sektoren utgjer teljekantsystemet ein liten del av den totale finansieringa, så vi ser ikkje dette som ei umiddelbar løysing for å få meir forsking i musea.

Brenna meiner vi treng andre typar kvalitetsvurderingar i staden for å telje artiklar som blir produsert.

– Vi har ikkje eit tydeleg svar, men vi har sett på korleis danske museum gjer det. Dei tek ei breiare vurdering av enkeltmuseum med nokre års mellomrom. Då kan ein få ei større breidd i vurderingane. Slik innrapporteringa skjer no, får vi lite kunnskap om kva forsking som faktisk skjer i musea.

Skal alle musea forske?

Brenna er ikkje einig med dei som tek til orde for at ikkje alle museum skal forske. Dette er nyleg diskutert i rapporten «Museum og samfunn» som Telemarksforsking publiserte like før sommaren. Her blir det blant anna stilt spørsmål ved om «alle museer skal forventes både å publisere fagfellevurdert forskning, være samfunnsaktuelle arenaer for debatt og dialog, være nyskapende analoge og digitale formidlere og ha høy kvalitet på forvaltning av egne samlinger. Vi tror at svaret på spørsmålet er nei. Det er for eksempel ikke gitt at alle museer skal drive med forskning (… )», skriv Telemarksforsking i rapporten.

Men Brenna seier alle museum med tilskott frå KUD har krav om å forske.

– Den internasjonale definisjonen som Noreg har slutta seg til, er at musea er institusjonar som skal drive med forsking. Så vi meiner tvert imot at musea bør bli endå viktigare forskings- og kunnskapsinstitusjonar enn i dag. Dette må ligge til grunn for alt arbeid ved musea, meiner ho.  

Noko anna enn akademisk forsking?

Det har i årevis vore ein tilbakevendande diskusjon i museumssektoren om definisjonen på kva forsking i musea er, og om dette skil seg frå anna vitskapleg forsking. Mykje av kunnskapsproduksjonen fell utanfor den fagfellevurderte forskinga, men likevel er mange opptekne av at forsking i musea ikkje kan vere underlagt andre kriterium enn akademisk forsking.

Brenna er klar på at eit allment forskingsomgrep må ligge til grunn for forsking i musea.

– Ei målsetjing må vere å praktisere kunnskapsproduksjonen i musea som del av forskande prosessar. Talet på fagfellevurderte artiklar er éin indikasjon på forsking, men forskingsprosessar omfattar mykje meir. Forsking i museum må bedømmast som all anna forsking, men museumsforskinga har også spesielle føresetnader og spesielle moglegheiter.

Leiinga bør ha forskingskompetanse

Brenna seier musea sjølve må kunne prioritere forsking høgare enn det dei har gjort.

– Det er framgang, og stadig fleire har forskingsplanar. Men det står att ein del arbeid for at musea skal organisere seg som institusjonar med ein forskingskultur. Ein må kunne inkorporere forsking i dei andre planane ved musea, slik at forsking ikkje blir ein separat del, men ein viktig del av heilskapen. Dette er ein leiarjobb, seier Brenna.

Ho meiner også at det bør vere eit krav om forskingskompetanse både i museumsstyre og museumsleiing.

Brenna seier museumsleiinga må gjere ein betre jobb med rekruttering og vere bevisst på å rekruttere folk med forskingskompetanse og legge inn forskingstid i stillingane.

– Midlane ved musea må ikkje nødvendigvis gå til tilsette som vil ta doktorgrad. Det er også viktig å få inn nye tilsette med forskarkompetanse, meiner ho.

Må diskutere karriereløp

Utvalet foreslår å vurdere fleire karriereløp knytt til forsking i musea, og at Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet må ta initiativ til ein diskusjon om dette.

– Eitt av problema er at vi har ein forskingspolitikk som ikkje snakkar med museumspolitikken. Vi treng betre samording mellom dei to departementa, seier Brenna.

  • Les også: