Høgskulerektor vil kutte dosentløpet
LUKK
Annonse
Annonse

Høgskulerektor vil kutte dosentløpet

Av Johanne Landsverk

Publisert 1. mars 2018 kl. 14:53

Berit Rokne ved Høgskulen på Vestlandet tilrådde å kutte ut dosentløpet då Nifu la fram rapport om karrierevegar i akademia.

– Vi burde berre hatt eitt karriereløp. Eg meiner dosentløpet og professorløpet er for like kvarandre, særleg når pedagogisk merittering skal kome sterkare inn i professorløpet, uttalte rektor Berit Rogne ved Høgskulen på Vestlandet under eit debattmøte om karrierevegar og stillingsstruktur i Noreg.

Bør Noreg oppretthalde dosentløpet? Og bør vi innføre praksisprofessorat? Dette var nokre spørsmåla som vart diskutert på debattmøtet om det akademiske karrieresystemet i Noreg.

Nordisk institutt for studier av innovasjon, forsking og utdanning (Nifu) har skrive ein rapport som samanliknar Noreg med Danmark, Sverige, Finland, Nederland, Austerrike og Storbritannia. Rapporten er ein del av grunnlaget til Underdal-utvalet som på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet skal finne ut om det er behov for endringar i det akademiske karrieresystemet.

– Vi skal vurdere om dagens stillingsstruktur er i pakt med det samfunnet ønskjer. På individnivå skal vi sjå på om systemet legg godt nok til rette for å gjere karriere, og om det er attraktivt nok å søkje seg til norske høgskular og universitet, sa Arild Underdal då han opna debatten. Foto: Aksel Kjær Vidnes

Mange prosjekt kunne ha vore doktorgradsprosjekt

Dosentløpet i Noreg skil seg ut frå andre land. Her i landet er dosentstillinga ei toppstilling ved universitet og høgskular, i Austerrike er tittelen universitetsdosent stadig mindre i bruk, og i Nederland finst stillingstittelen ved universiteta, men er rangert på førstemanuensisnivå. I Danmark er dosent ei toppstilling berre ved høgskulane.

Berit Rokne trur ein bør kvitte seg med dosentløpet.

– Dei som jobbar innanfor profesjonsfaga, har praksistilknyting som ein naturleg del. Vi ser at mange prosjekt som blir jobba med innafor førstelektorløpet mot dosent, like gjerne kunne ha vore eit doktorgradsprosjekt. Og når ein dosent ikkje kan vere hovudrettleiar for ein ph.d.-student, blir det eit problem når vi ønskjer å utdanne fleire med doktorgrad.

– Kan blåsast liv i igjen

Leiar Petter Aaslestad i Forskerforbundet er sterkt ueinig:

– Ein slepp for lett unna ved berre å seie: «dropp dosentløpet». Dette er ei stillingskategori som ikkje har vorte røkta på mange år, men eg har tru på at stillinga kan blåsast liv i igjen, sa Aaslestad.

Han ønskjer å oppretthalde dosentstillinga, men meiner det bør vere meir fleksibilitet mellom løpa.

Forskingsleiar Nicoline Frølich la går fram rapporten om karriereløp i Noreg samanlikna med andre land. Foto: Aksel Kjær Vidnes

Greier ut praksisprofessor

Ei av oppgåvene til Underdal-utvalet er å greie ut om vi Noreg bør innføre praksisprofessor. Ifølge rapporten er det ikkje ein utbreidd stillingstittel i nokre av landa. Tittelen er i bruk ved eitt universitet i Finland, og den finst i Danmark, men er svært lite brukt.

– Praksisprofessor er ein tittel som må fyllast med innhald. Så skal vi gå den vegen, bør vi sjå nærare på korleis relasjonen eigentleg er mellom lærestadene og arbeidslivet, sa forskingsleiar Nicoline Frølich ved Nifu, som har hatt ansvar for rapporten.

HVL-rektor Berit Rokne fortalde at det innafor ingeniørfaga ved høgskulen er eit ønske om å opprette praksisprofessor. Men Aaslestad var av ei anna meining:

– Forskerforbundet har lita tru på at denne stillingstittelen bør innførast i Noreg, sa han.

Kvar sine system

Alle dei seks landa som Noreg er samanlikna med har sine særeigne system for karrierar, på bakgrunn av kultur og historie.

– Mange av desse landa har heilt ulike karrierestigar ved universitet og høgskular. Dei har også ulike typar av toppstillingar, og det er ikkje uvanleg at dette varierer mellom universitet og høgskular. Noreg skil seg ut ved felles stillingsstruktur for universitet og høgskular, fortalde Frølich.

Felles for alle land er den kritiske fasen i karrieren: kva skjer etter at du har teke doktorgraden, og korleis oppnå fast tilsetjing? Det er også felles for dei seks landa at talet på mellombels stillingar har auka.

– Men om held vi ph.d.- og postdoktorstillingar utanfor, har vi færre mellombels tilsette i Noreg samanlikna med andre land, sa Frølich.

  • Les meir: