Kva skal vi med dosentar?
LUKK

Kva skal vi med dosentar?

Av Johanne Landsverk

Publisert 7. februar 2018 kl. 07:00

Treng vi dosentar når også professorane må vise til meir og betre undervisning? Begge løp er viktige, meiner statssekretær Bjørn Haugstad.

Regjeringa ønskjer at undervisning og utdanningsfagleg kompetanse skal telje meir ved tilsetjing og opprykk til professor. I fjor haust leverte ei arbeidsgruppe eit forslag om å endre forskrifta, der det blir presistert at professorane må vise til «kvalitetsutvikling i egen undervisning og veiledning over tid». Kravet til professorar har i stor grad vore basert på kva ein har oppnådd innan forsking. Vil dei nye undervisningskrava føre til at professorløpet nærmar seg dosentløpet?

– Forsking avgjerande

Fakta
<
Professor Gunnar Grepperud ved UiT – Norges arktiske universitet har vore med i arbeidsgruppa.

– Vi har ikkje sagt noko i forslaget vårt om vekting av undervisning og forsking ved professoropprykk. I mandatet frå regjeringa står det at ein ønskjer større differensiering mellom professorar og førsteamanuensisar. Det vi foreslår, er eigentleg berre ei presisering av minstekravet til pedagogisk kompetanse, seier Grepperud.

– Vil ikkje professorar måtte vise til ei viss mengd undervisning?

– Nei, det som kjem i den nye forskrifta, går meir på kvalitet enn omfang. Ein ønskjer at professorane skal halde det faglege nivået, men at dei i tillegg skal kunne undervise på ein god måte. Men eg kan ikkje sjå at dette vil føre til ei rokering av forholdet mellom undervisning og forsking. Vitskapleg publisering vil framleis vere avgjerande ved opprykk til professor.

– Høgst reelle endringar

Statssekretær Bjørn Haugstad (H) i Kunnskapsdepartementet er ikkje heilt einig.

– Skal det vere eit poeng med desse endringane, må vi ende opp med å ta utdanningskompetanse meir på alvor, og at det kan bli avgjerande ved tilsetjingar. Viss ikkje har vi ikkje kome eitt steg vidare. Noko av det vi har sendt på høyring, er korleis forsking og undervisning skal vegast. Skal ein kjempegod forskar, som berre så vidt passerer minimumskrava for undervisning, kunne bli rangert lågare enn ein dårlegare forskar med høg undervisningskompetanse? Det er blant spørsmåla vi ønskjer å få belyst.

– Er det ikkje berre ei presisering av forskrifta?

– Det er ikkje snakk om kjempestore endringar. Men vi meiner, basert på arbeidet til arbeidsgruppa, at dette er høgst reelle endringar. I dag kan institusjonane i praksis tilsetje den beste forskaren, og nærmast sjå bort frå utdanningskompetansen. Dette skal vi vekk frå.

Dosentar på sidelinja

– Eg har ei kjensle av at dosentar er annanrangs, seier Øyvind Glosvik.
Foto: HVL

Øyvind Glosvik er dosent ved Fakultetet for lærarutdanning, kultur og idrett ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Han var tidlegare førsteamanuensis, men er i dag ein av 173 dosentar i landet.

– Det er noko patetisk over dette at alle spring rundt for å hjelpe professorar til å bli flinkare til å undervise, slik at dei kan kvalifisere seg. God undervisning er ikkje berre individuelle prestasjonar i eit klasserom. Blant anna handlar det om å kunne bygge opp studium, og sørgje for at studia er tilpassa behovet til studentane, seier Glosvik.

– Men kva skal vi med dosentar om professorane også skal vise til meir undervisning?

– Svært mange av dei som jobbar i høgare utdanning, og særleg ved høgskulane, har ikkje doktorgrad. Og dei kjem ikkje til å få det heller. Om vi skulle ta frå dei høvet til å søkje opprykk til dosent: Kva skal vi tilby dei då? Eg kjenner mange ved høgskulen som jobbar hardt og som ønskjer opprykk, og dette har også med lønn å gjere, seier Glosvik.

Han meiner skiljet i status mellom professorar og dosentar berre vil bli forsterka, trass i at dei to løpa på papiret er likestilte.

– Departementet har laga eitt løp som er mykje finare enn det andre. Eg er redd for at skilnaden mellom dei to løpa berre vil bli større. Ein kan spørje kva institusjon som helst kor mykje ressursar dei brukar på doktorgradsutdanningar, og kor mykje dei brukar på førstelektorkvalifisering. Medan dei som tek doktorgradsutdanningane, blir sydde puter under armane på og løfta fram, føler mange førstelektorar at dei er sette på sidelinja, seier han.

– Førstelektor–dosent-løpet kan vere like verdfullt som førsteamanuensis–professor-løpet, seier dosent Bjørn Smestad.
Foto: OsloMet

Vekt på utviklingsarbeid

Bjørn Smestad er dosent ved OsloMet – Storbyuniversitetet. Han meiner det blir feil å spørje om vi treng dosentar om også professorane må vise til meir undervisning. Ifølgje Smestad er hovudpoenget med førstelektor-dosentløpet utviklingsarbeid, ikkje undervisning.

– Dosentstillinga er ei forskar- og undervisningsstilling, og utviklingsarbeid er ei viktig form for forsking, seier han.

Både i sjukepleieutdanninga og lærarutdanninga har OsloMet satsa på førstelektorløpet.

– Bakgrunnen for dette er at mange tilsette gjennom mange år har gjort eit betydeleg utviklingsarbeid, slik at dei kanskje har kome på nivå med ein ph.d. Men dei kan ikkje vise til eitt samanhengande treårig prosjekt. Ved OsloMet er vi opptekne av at det finst fleire vegar til å bli forskar, og at førstelektor–dosent-løpet kan vere like verdfullt som førsteamanuensis–professor-løpet.

– Begge løp viktige

Statssekretær Haugstad meiner begge karriereløpa er viktige, sjølv om talet på dosentar er svært lågt. Han viser til at regjeringa har sett ned ei ekspertgruppe som skal sjå nærare på stillingsstrukturen i Noreg samanlikna med andre land.

– Før vi får rapporten frå ekspertgruppa, held vi oss til at vi har begge løpa, seier han.

– Kva skal vi med dosentar i dag?

– Eg kan ikkje svare klart på dette før vi ser kva ekspertgruppa kjem fram til. Men eg meiner den klassiske rolla til førstelektor og dosent, som er å drive god undervisning og utvikle gode studietilbod, blir viktigare og viktigare. Skal vi auke kvaliteten i norsk høgare utdanning, vil vi trenge meir av det førstelektorar og dosentar er forventa å vere gode på. Dette skal også vere krav til professorar, at dei kan vise til utvikling av gode studietilbod.

– Dosentar kjenner seg annanrangs i forhold til professorar. Vil dette berre forsterke seg?

– Dette handlar mykje om prestisje og respekt frå fagfeller. No løftar vi fram utdanningskompetanse til å bli viktigare enn tidlegare. Og utdanningsfagleg kompetanse er jo nettopp det som særpregar dosentane. Så grunnlaget for at dei skal oppnå større prestisje, blir betre. Men om dette faktisk skjer i praksis, veit vi jo ikkje.

  • Krav til toppstillingane
    • Dosent
      • forskings- og utviklingsarbeid på høgt nivå retta mot yrkesfeltet
      • dokumentert omfattande pedagogisk utviklingsarbeid og anna pedagogisk verksemd av høg kvalitet
      • dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing
    • Professor
      • vitskapleg nivå i samsvar med etablerte internasjonale eller nasjonale standardar, eller
      • omfattande kunstnarleg verksemd på høgste nivå etter internasjonal standard og relevant breidd og fordjuping i faget eller disiplinen på høgste nivå, og
      • dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing

Satsar på dosenten

NTNU er ein av institusjonane som ønskjer å satse på førstelektor-dosentløpet.

– Vi har ei arbeidsgruppe som jobbar med dette. I kvalitetsmeldinga vart omgrepet praksisprofessor nemnd, men vi meiner at dosentløpet blant anna er naturleg for mange som jobbar tett med profesjonsfeltet, seier Anne Borg, prorektor for utdanning ved NTNU.

Borg leia også arbeidsgruppa som la fram forslaget om høgare krav til undervisning ved professoropprykk.

– Det er inga motsetning mellom satsing på dosentar og at det også blir større utdanningskrav til professorar. All utdanninga vår skal vere forskingsbasert, og det er nokon som vil ha større fokus på utdanningsområdet enn andre.

– Universitetet i Oslo (UiO) har berre to dosentar, så ein kan vel klare seg utan?

– Ja, men UiO er ganske ulik NTNU, som har mange korte profesjonsutdanningar, til dømes sjukepleie-, ingeniør- og lærarutdanning. Så vi har behov for å klargjere kva karriereløp vi treng. Vi må ta vare på mangfaldet i sektoren, og eg er ikkje sikker på at vi greier det med berre eitt karriereløp.

Les også: