Forskerforum
Hamburgermeny
Forskerforum-logo
Mobilmeny
Forskerforum
Forskerforum-logo

Leiar | Forskerforum

Ein heim for oss, ein heim for deg

Forskerforum er vegen, sanninga og limet.

Forskerforum kjem med denne utgåva i ny drakt og med skjerpa profil. Vi vil vere eit bindeledd mellom kunnskapsarbeidarar og storsamfunnet. Vi vil verte ein endå viktigare møtestad for medlemmer i Forskerforbundet. Såpeserien Hotel Cæsar var nokså fæle greier, men i overskrifta tillet eg meg å stele slagordet deira.

Forskerforum har hatt ein svært slitesterk mal. Nokre spalter har forsvunne, og andre har kome til, og designen av bladet har fortløpande vorte justert. Men dette er fyrste gongen på mange år at vi har gått fundamentalt til verks: Kva vil vi vere, og kva stoffområde skal vere viktigast for oss? Redaksjonen har i eit lengre løp, og med ekstern hjelp frå Institutt for journalistikk, meisla ut og pussa fram ein skjerpa profil.

Som eit medlemsblad utgitt av Forskerforbundet, har vi same eksistensgrunnlag som forbundet. Slik er det formulert i vedtektene: «Forskerforbundet har til formål å bedre lønns- og arbeidsvilkårene innen forskning og høyere utdanning og å ivareta medlemmenes økonomiske og yrkesmessige interesser.» Vi er forplikta av redaktørplakaten, som gjev oss armlengdes avstand til utgivaren. Vi driv òg etter presseetikken som den er formulert i Vær varsom-plakaten. Til dømes: Dersom nokon får sterke skuldingar retta mot seg, skal dei få høve til å svare.

Forskerforum er i sin 57. årgang. Forløparen Ting kom ut frå 1968 og hadde ein psykedelisk framsidedesign, som vi framleis kan beundre.

Innanfor desse rammene har redaksjonen stor fridom. Etter mange diskusjonar med tilhøyrande stikkord på gule lappar, utkrystalliserte vi dei tematiske tyngdepunkta våre. Det fyrste var lettast å definere, sidan det går fram av eksistensgrunnlaget: Vi skal skrive om løns- og arbeidsvilkår. Temaet løn er på den eine sida svært konkret og tidfesta, til dømes: Korleis gjekk lønsoppgjeret ved ulike institusjonar og for ulike grupper? Det har òg mange sakte og djuptgripande aspekt: Fungerer lønsdanninga som ho burde, eller finst det systematiske og svakt grunngjevne skilnader? Får folk ei rimeleg utteljing for arbeidet dei gjer og kompetansen dei har? Like viktig som løn, er arbeidsvilkår: Er rammene til stades for at dei gjennomgåande høgt utdanna medlemmene får ytt sitt beste til glede for samfunnet? Usikre karrierevegar, mellombelse tilsettingar og grenselause arbeidstider er nokre stikkord. Vi startar ei ny spalte der ekspertar i Forskerforbundet svarar på spørsmål om rettar i arbeidslivet, denne gongen om permisjonar for stipendiatar.

Det andre tyngdepunktet har vi kalla forskaridentitet. Lesarane av Forskerforum er både forskarar og andre kunnskapsarbeidarar i ulike roller og fag, men mange aktivitetar gjeld på tvers, og vi leitar etter fellesnemnarane: Korleis rettleie, skrive kronikkar eller lærebøker, vere fagfelle? Om du arbeider vitskapleg eller administrativt, på eit museum, eit sjukehus eller ein høgskule: Korleis halde deg fagleg oppdatert? Vi kan òg trekkje det noko utanfor arbeidsdagen – kva kjenneteiknar medlemene? Kva typiske organiserte aktivitetar deltek dei i, korleis er det å pendle, eller å vere gift med ein annan forskar? Ein viktig forskaraktivitet er å skrive, òg for eit breiare publikum. Med stønad frå Fritt Ord publiserer vi i ein periode ekstra mange bokmeldingar – i dette nummeret mellom anna om kunstforeiningar, om norsk utanrikspolitikk, om tilhøvet mellom Israel og Iran.

For forskinga er ikkje ei øy, men kastar ljos over samfunnet og er ein del av det. Det tredje tyngdepunktet vårt er forsking i samfunnet. Akademia skal på den eine sida vere autonomt, på den andre sida til teneste for samfunnet. Korleis påverkar samfunnet forskinga og motsett? Forskarar er i samspel med andre grupper og kan kome i konflikt med andre interesser, til dømes kommersielle. I dette nummeret skriv vi om eit møtepunkt som fortonar seg fruktbart, nemleg mellom naturvitskap og kunst.

Forskerforum legg med dette om rytmen frå ti til seks nummer i året. Samtidig endrar vi designen på nettstaden Forskerforum.no. Der kan vi fange opp – og problematisere – det som er meir tidsbunde, med nye saker kvar veke. Kvar torsdag sender vi ut eit nyheitsbrev. Send gjerne ein e-post til redaksjonen@forskerforum.no, så kan vi melde dykk på. Til same adresse må de svært gjerne sende innlegg og kronikkar, og tips til kva vi kan skrive om.

Ok då, om ikkje Forskerforum er sjølve livet, så er vi limet. Vi er eit lim mellom medlemene og eit vindauga mot omverda, og eg spør: Vil du vere med oss heim? Vi har inga frimerkesamling å vise fram, men mykje givande lesestoff. Det er berre å bla vidare.

  • Les også:

Kunstig intelligens er ikke vår krise, den speiler bare det vi har blitt

Kan KI hjelpe doktorgradskandidater med både gjennomføring og helsen?

Nasjonal sikkerhet viktig, men å diskvalifisere søkere allerede i utlysningsteksten er uakseptabelt

Studentrepresentasjon i klagenemndene hjelper ikke mot svak saksbehandling

Jeg sier ikke at studenter skal droppe pensumboka. Jeg sier de må tenke selv.

Marte Pupe Støyva Stipendiat i Utdanningsvitskap og Humaniora ved Nasjonalt Lesesenter, UiS

Nei, du bør ikkje bruke ChatGPT i staden for pensumboka

Tekst- og datautvinning: Forskningsfriheten må ikke hemmes

Vi beklagar at Nettskjema-diktafon ikkje leverte – automatikk kan svikte

Lukk meny