
Brynjulf Stige, professor i musikkterapi ved UiB og forskingsleiar for GAMUT, UiB og Uni Helse.
Fakta
Lars Laird Iversen
Uenighetsfellesskap. Blikk på demokratisk samhandling
Universitetsforlaget, 2014
174 sider
Veil. pris 259,-
Mangt og mykje har vore sagt om Forskingsrådet (NFR) si vurdering av søknader til tredje periode med Senter for framifrå forsking (SFF-III). Arge og vonbrotne professorar har gått ut med sterke påstandar, som at
det heile er eit lotteri. Ikkje overraskande har NFR då stort sett avvist dette som
altfor spissformulert. Sjølv er eg ein av dei som ikkje nådde opp med prosjektet mitt. Litt nølande melder eg meg på i debatten. Det skal noko til å ikkje verte oppfatta som surmaga når ein har fått avslag og så byrjar å meine ting om vurderinga.
Ved å bruke eit anna bilete enn lotteri vonar eg at intensjonen min kan kome fram: Etter ein fotballkamp er det lite å vinne på å sutre over straffespark ein fekk mot seg utan grunn, eller eigne skåringar som skulle ha vore godkjende. Anten ein no meiner dommaren gjorde feil eller ikkje, er det som regel betre å sjå framover til neste kamp. Det er lett å tenkje at det berre er dei dårlege taparane som brukar tid på å snakke om dømminga. Likevel – det kan vere meiningsfullt å prøve å bidra til debatt dersom ein opplever at reglane er uklare og at dommarpraksisen kan utviklast. Då er det faktisk slik at det er meir sannsynleg at dei som står igjen, ser ting som kan endrast, enn at dei som går jublande vidare, gjer det.
Som forskingsleiar for Griegakademiets senter for musikkterapiforsking (GAMUT) leverte eg saman med ei sterk forskargruppe ein søknad som fokuserte på korleis og kvifor musikk kan skape endring, med ambisjonar om avanserte empiriske undersøkingar og tverrfagleg teoriutvikling. Det internasjonale ekspertpanelet som vurderte søknaden, gav oss toppresultat på alle punkt, og vi hadde difor ei viss von om å gå vidare til andre runde. Det skjedde ikkje. Så var vi vel uheldige? Det er mogeleg, men kan vi slå oss til ro med det? For å bruke fotballbiletet eg har introdusert: Det er greitt at ballen er rund, berre ikkje dommaren er blind(a). Før nokon i NFR parerer med at dei ikkje kan gå god for ein påstand om at dei brukar dommarar som ikkje har eit skarpt blikk, vil eg skunde meg og seie at eg tar det for gitt at det er høg kompetanse i alle ledd i vurderingsprosedyrane. Men kan vi likevel vere trygge på at dommarane ser det dei skal sjå? Det kjem an på korleis dei har posisjonert seg, og på korleis samspelet med linjedommarane fungerer.
Vurderingsteksten er kort, men utruleg rik på forvirrande påstandar.
SFF-søknadene vart først vurderte av tre utanlandske ekspertar i eit virtuelt panel. Deretter har tre fagkomitear gitt ei tilråding om kva søkjarar som skulle inviterast til den andre søknadsrunden. Så vart den endelege avgjersla gjort av Forskingsrådet sitt SFF-utval. Det eg har grunnlag for å meine noko om, er ekspertpanelet og fagkomiteen si handsaming av søknaden vår. Ekspertpanelet var grundige, veldig positive, men ikkje utan kritiske kommentarar. Fagkomiteens vurdering var slett ikkje grundig, i alle fall ikkje den delen vi har fått høve til å sjå. Ifølgje avslagsbrevet frå NFR gav fagkomiteen for humaniora/samfunnsvitskap følgjande vurdering av søknaden:
This excellent proposal seeks to investigate the neurological and therapeutic basis for the impact of music on personal change, both in mentally-ill and healthy subjects. The connection between neuro-science and music is potentially innovative. However, the project primarily concerns individual personal change invariably for the better; i.e. essentially music therapy. There were concerns about the way that music was specified and failures to explore the implications of varieties of musical experience, to distinguish listening and performance and to incorporate the potentially negative impacts of engagement with music (e.g. its use in torture). Without such a fuller conceptualisation the project may produce results which could be misinterpreted. While the mix of methodologies is potentially interesting too much reliance may be being placed on the results that can be deduced from the use of medical technologies. Therefore the project, while having many strengths, was not considered of sufficient quality to put forward to the next stage.
Vurderingsteksten er kort, men utruleg rik på forvirrande påstandar. Mitt eige spesialområde er «community music therapy», eit felt der sosiokulturelle og kritiske perspektiv står sterkt. Søknaden er sjølvsagt prega av det, så det er rett og slett vanskeleg for meg å forstå korleis ein har lese seg fram til at nevrologi er ein basis, og at det aktuelle prosjektet står i fare for å verte eten opp av medisinsk teknologi. Eg lar dette likevel liggje, då det har avgrensa interesse for lesarar som verken kjenner prosjektskissa eller fagfeltet. Eg er ikkje ute etter ein diskusjon av dette konkrete prosjektet, men av dei meir prinsipielle poenga som det kan vere mogeleg å trekkje ut av vurderinga til fagkomiteen.
Er det greitt at ein komité formulerer kritikk utan å gjere greie for eige vurderingsgrunnlag?
Vi får vite at fagkomiteen ikkje likar musikksynet i den aktuelle søknaden, men vi får ikkje vite kva det er komiteen ikkje likar og kvifor. Fleire av forskarane som sto bak søknaden, har arbeidd aktivt med musikkomgrepet i ei rekkje publikasjonar, med vekt på musikk som mellommenneskeleg aktivitet meir enn det som har vore tradisjonelt innan musikkvitskapen, nemleg musikk forstått som kunstverk og estetisk fenomen. Er det dette komiteen ikkje har likt? Det veit vi ikkje.
Er det greitt at ein komité foreslår at ein skulle ha forska på noko anna enn det søknaden handlar om?
Søknaden spring ut av musikkterapifaget. I denne fagkonteksten var søknaden vid, ved at han både fokuserte på musikk som kvardagsressurs, musikk som lokalsamfunnstiltak, musikk som psykososial intervensjon i helsevesenet og musikk i rehabilitering av pasientar med nevrodegenerative sjukdommar. Eg var budd på å få kritikk for breidda, men står for det reint fagleg, av di ein ambisjon om teoretisk syntese låg i botn, saman med ein ambisjon om å prøve å kome forbi eit kommunikasjonsbrot mellom biomedisinske og sosiokulturelle perspektiv. Så får eg altså vite at prosjektet er for snevert. Vi burde også forske på musikk brukt i tortursamanheng. Kvifor stogge der? Burde vi ikkje også forske på musikk brukt i krigføring og på dataspelmusikk, filmmusikk, osb.? Det er vanskeleg å sjå at det er grenser i det heile når det gjeld kva det er interessant og relevant å forske på, så eg er vand med å tenkje at ein får prøve å skape fokus og grenser innanfor kvart prosjekt.
Er det slik at Forskingsrådet ikkje finansierer forsking som kan misforståast eller misbrukast?
Kanskje fagkomiteen ikkje har meint heilt konkret at vi også skulle ha forska på tortur, men at dei først og fremst ville bruke dette dømet for å få fram at musikk ikkje alltid er noko positivt. Det ser ut vil å vere liten tillit i komiteen til at forskarane bak søknaden ville kunne inkludere kritiske perspektiv i utviklinga av prosjektet. Dette er overraskande, av di kritiske perspektiv eksplisitt er med i prosjektskissa. Om det er vanskeleg for meg å forstå at dette prosjektet skulle bidra til til dømes medikalisering av musikkliv og samfunn, er det ikkje vanskeleg å forstå at musikkterapi som fagfelt kan misforståast og misbrukast. Men er det eit argument for ikkje å gje støtte til prosjektet? Er det ikkje slik at kunnskap frå fagfelt som til dømes fysikk, kjemi og biologi kan brukast på dei mest grufulle måtar innan krigføring og terror? Dette er viktig i ein større forskingspolitisk og -etisk debatt, men kan vi bruke dette som argument mot konkrete, avgrensa forskingsprosjekt i dei nemnde faga?
Vurderingskriteria bør debatterast grundig før neste utlysing.
For å vende tilbake til det biletet eg brukte innleiingsvis: Ballen er rund, og ein kan ha uflaks i spelet (stang ut). Ein kan også ha uflaks i dømminga (skåring annullert). Det kan vere trasig, men slikt jamnar seg ut over tid. Men – det er ikkje greitt dersom ein må rekne med at dommaren er dårleg plassert, med forvirrande signal frå linjedommarane. Forskingsrådet har ei svært krevjande vurderingsoppgåve. Etter at internasjonale spesialistar har vurdert alle søknadene, kan ein ikkje berre velje ut dei som har fått best resultat, men må prioritere på tvers av fag. Ei slik krevjande oppgåve krev klare kriterium, grundige prosessar, refleksivitet og god kommunikasjon. Våre erfaringar er at dette ikkje alltid er malen. Det meiner eg at det er viktig å ha ein offentleg samtale om. SFF-ordninga er eit sentralt strategisk verkemiddel innan norsk forsking. Det er ei ordning som legg føringar for universiteta, institutta og fagmiljøa sine satsingar. Med det «brukarperspektivet» som GAMUT sine erfaringar frå SFF-III representerer, vil eg då spele inn nokre idear som det kanskje kan vere verdt å sjå på i vidare arbeid med vurderingsprosedyrar:
- Vurderingskriteria kan gjerast meir eksplisitte og bør debatterast grundig før neste utlysing, slik at søkjarane kan vere heilt trygge på kva spelereglane er.
- I staden for internasjonale ekspertpanel med få tverrfaglege innslag og fagkomitear utan god (nok) forankring i eit prosjekt sin fagtradisjon kunne ein leite etter modellar som sikra kommunikasjon mellom nivåa, eventuelt òg ein kombinasjon av fagleg og tverrfagleg kompetanse på begge nivå.
- Vurderingane frå fagkomiteen bør vere såpass grundige og grunngjevne at det er mogeleg for søkjarane å forstå kva som er meint.
- I dei tilfella der ein radikalt overprøver det internasjonale ekspertpanelet bør prosedyrar og grunngjevingar vere ekstra grundige. Det same bør gjelde der søknader har ein tverrfagleg profil som sprenger fagkomitéstrukturen.
Opne samtalar om vurderingserfaringar er viktig, ikkje berre for SFF-ordninga, men for heile Forskings-Noreg. I tillegg til eller i staden for å invitere til respons på vurderingane til ekspertpanela (slik NFR gjorde i SFF-III) er det minst like relevant å opne for respons på prioriteringane til fagkomiteane. Det kan opne for samtalar om vurderingsopplegget, ikkje berre om feildømming.