– Internasjonalisering er ikkje det same som mobilitet
LUKK
Annonse
Annonse

– Internasjonalisering er ikkje det same som mobilitet

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 2. oktober 2018 kl. 08:01

Kva er ein global forskar? Er det ein som er engasjert i globale problemstillingar, eller ein som er konstant på reisefot?

Slikt må målingane fange opp betre, meiner forskarar:

– Det meste som finst av forsking på globalisering i akademia, kviler tung på eksisterande datasett. Dei har vanlegvis nasjonale utgangspunkt og er baserte på skiljet mellom utlendingar og ikkje utlendingar, seier Eric W. Welch, leiar for Center for Science, Technology & Environmental Policy Studies ved Arizona State University.

– Men folk har så mange ulike bakgrunnar som ikkje kjem fram i slike undersøkingar. Så vi treng ein heilt ny måte å tenkje om dette på.

Vil fange nyansane

Saman med kollegaer har Welch difor brukt det siste året på å utvikle eit nytt rammeverk for å forske på dei globale forskarane. Dei har nett presentert modellen sin på ein konferanse om bruk av måleindikatorar i vitskapen, i Leiden i Nederland. No nyttar dei kaffipausen til å utdjupe planane sine for Forskerforum.

– Alle land og institusjonar har strategiar for internasjonalisering, men forskinga på det er i utakt med utviklinga. No er det på tide å prøve å forstå kva som faktisk skjer, seier førsteamanuensis Julia Melkers ved Georgia Institute of Technology.

Den nye modellen kan betre fange opp kompleksiteten i den globale vitskaplege arbeidsstokken, vonar (f.v.) Eric Joseph van Holm, Eric W. Welch, Julia Melkers og Nicolas Robinson-Garcia.
Foto: Kjerstin Gjengedal

Der internasjonalisering har eit nasjonalt eller institusjonelt utgangspunkt, er dei globale forskarane resultatet av alle verdas internasjonaliseringstiltak. Forskarane meiner at graden av globalitet ved ein person ikkje er det same som «utlendigheit», og at han ikkje kan reduserast til nokre få kategoriar som fødestad eller statsborgarskap. Heller ikkje kor mykje personen har flytta på seg gjennom forskarkarrieren. Ein må også skaffe informasjon om det dei kallar «globale kognisjonar» – til dømes identitet, motivasjon og preferansar – og «globale fellesskap», både den sosiale og profesjonelle konteksten som forskaren er del av der dei oppheld seg, og virtuelle fellesskap.

Kan gje betre forskingspolitikk

– Når ein ser på dei store endringane i forskarsamfunnet, så finn folk saman vel så mykje gjennom forskingsspørsmål, som gjennom tradisjonelle identitetsmarkørar som nasjonalitet, meiner Melkers.

– Dermed er det slett ikkje sikkert at internasjonalisering er det same som mobilitet. I dag kan folk, om dei vil, drive veldig global forsking utan å flytte på seg, seier Welch.

Han nyttar Noreg som døme:

– De ligg på toppen av Europa. Kanskje fell det naturleg å tenkje på dykk sjølve som geografisk avsondra, slik at internasjonalisering automatisk tyder det å reise ut av landet for å ta utdanning eller forske. Men kanskje er ikkje dette openbert lenger, det kan like mykje tyde det å søke saman om forskingstema. Det er i alle fall verdt å reise spørsmålet. Det kan medverke til at forskingspolitikken betre kan støtte opp om forskarane og forskingsresultata, seier Welch.

Manglar data

– Eg tenkjer at prosjektet er interessant, men at dei har ein kjempejobb framfor seg med å operasjonalisere det, seier seniorrådgjevar Hebe Gunnes ved Nifu. Ho arbeider mellom anna med Mangfaldsstatistikken, som er laga i samarbeid med Statistisk sentralbyrå på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.

– I kva grad forskarar samarbeider med andre i utlandet, veit vi jo eigentleg ikkje. Noko kan ein finne ut ved å sjå på sampublisering, men sjølv om ein kan greie å følgje folk frå institusjon til institusjon, veit ein ikkje nødvendigvis kva posisjon vedkomande har hatt der, eller kva kjønn dei har.

I Noreg finst slike opplysingar i Forskarpersonalregisteret som NIFU driv, men svært få andre land samlar tilsvarande opplysingar. På den andre sida registrerer Noreg ikkje opplysingar om til dømes etnisitet hos forskarpersonell.

– I USA er det vanleg å registrere etnisitet, men hos oss er det ikkje greitt i det heile. Eg tykkjer jo det er ein fordel om statistikk blir laga på bakgrunn av felles definisjonar, slik at vi kan samanlikne mellom land, seier Gunnes.

Frå teori til praksis

Welch og kollegaene er samde i at det er ei stor oppgåve dei har sett seg føre, men meiner det er på tide at nokon tek fatt. No er dei i gang med å teste rammeverket sitt ved å kombinere fleire utvalde datasett frå USA for å sjå kva moglegheiter og avgrensingar som ligg der. Dei nyttar mellom anna ei stor undersøking av dei profesjonelle nettverka til minoritetsforskarar innanfor naturvitskap og teknologi, i kombinasjon med publiseringsdata. Vonleg vil øvinga gje eit betre bilete av korleis val og kombinasjon av indikatorar påverkar forståinga av «globalitet» hos forskarar.

– Men etter kvart må vi gå ut og spørje folk. Føresett at vi får forskingsmidlar til det, seier Welch.

Les også: