– Kan ikkje fortsetje som før
LUKK

– Kan ikkje fortsetje som før

Av Johanne Landsverk

Publisert 31. august 2016 kl. 12:38

Regjeringa lar Høgskulen i Østfold stå aleine. Men høgskulane i Volda og Molde må jobbe hardt skal dei klare seg.

756951.jpg

– Eg lurar jo på om Haugstad nokon gong blir nøgd med oss, seier Volda-rektor Johann Roppen. Foto: Olav Standal Tangen

– Om ein berre ventar og ser, vil moglege opningar lukke seg, og det har no skjedd for Molde. Departementet har ønskt å overlate mest mogleg av initiativet til institusjonane sjølve for å finne saman. Den beskjeden har vore svært tydeleg, så det skulle ikkje mykje fantasi til å tenkje at her galdt det å kome tidleg i gang, seier statssekretær Bjørn Haugstad.

Saman med Høgskolen i Østfold (HiØ) og Høgskulen i Volda (HiVolda) er Høgskolen i Molde (HiMolde) blant dei få statlege høgskulane som står att aleine etter at fusjonskabalen for dei nye fusjonane i sektoren snart er lagt. NTNU har sagt nei til Molde, og no vil visst ingen ha dei. Kva vil skje med høgskulane framover?

– Ved HiMolde har styret etter kvart sagt at dei er ukomfortable med å bli ståande aleine. Så dei jobbar fortsatt med å finne ein partnar, seier Haugstad.

Nøling i Volda og Molde

Fakta
<

I Østfold har høgskulen satsa på å stå aleine, og det vil regjeringa gje dei lov til.

– HiØ er større enn HiVolda og HiMolde til saman, og står sterkare enn dei. Østfold har dessutan heile tida teke denne prosessen ganske alvorleg, og vi har hatt ein god dialog. Høgskulen ønskjer sjølv å styrke seg gjennom samarbeid med andre, blant anna med Karlstads universitet. Så vi har tvilt oss fram til ein konklusjon om at denne løysinga kan fungere ei stund framover, seier Haugstad.

Han seier at høgskulane i Volda og Molde har vore mykje meir nølande i prosessen.

– Kunnskapsdepartementet (KD) har ikkje sendt brev om at desse høgskulane må slå seg saman med andre, men at dei må finne plassen sin i det nye landskapet. For Volda er den nye lærarutdanninga den største bøygen. Den nye kvalitetsforskrifta stiller mykje strengare krav for å kunne tilby master- og doktorgrad. Eg er usikker på om Volda vil klare dei nye krava, som er aller viktigast for å kunne fortsetje som eigen høgskule.

– Stikk frå Haugstad

Rektor Johann Roppen ved HiVolda seier det må vere gode grunnar til å gå inn ein kostbar og komplisert fusjonsprosess framfor å fortsetje som sjølvstendig høgskule med ansvar for eiga framtid.

– Det kan sjå ut til at vi har fått ein slags aksept for valet vårt. I etatstyringsbrevet frå KD står det at vi må ta omsyn til strukturendringane som har skjedd elles i sektoren. Ved høgskulen er vi i gang med ein strategiprosess der vi ser framover, og der også plassen i UH-landskapet vil bli diskutert.

«Statssekretær Haugstad har stadig kome med nye stikk om at det vi gjer, ikkje er bra nok.»

Roppen seier høgskulen jobbar hardt for få fram gode masterutdanningar for lærarar til hausten.

– Eg opplever det slik at dei nye krava til femårig lærarutdanning også har vore brukt som ei brekkstong for å tvinge høgskular med lærarutdanning inn i større einingar. Men etter vår eiga vurdering skal vi klare dei nye krava.

Roppen meiner høgskulen har ein tydeleg profil, med lærarutdanning, sosialfag og medie- og kulturutdanning.

– Det er jo dette KD har ønskt seg, at høgskulane skal bli meir fokuserte og profilerte innanfor visse fagområde.

– Ser du fusjonsalternativ for Volda no?

– Nei. Men vi ønskjer å utvikle samarbeidet med Universitetet i Bergen, der vi i løpet av hausten skal få på plass ein formell avtale.

– Det er vel ikkje godt nok for den politiske leiinga?

– Statssekretær Haugstad har stadig kome med nye stikk om at det vi gjer, ikkje er bra nok. Det siste var at vi ikkje har nok internasjonal sampublisering, eit målebarometer som ikkje vart så vektlagt tidlegare.

Ny utgreiing i Molde

Rektor Hallgeir Gammelsæter ved HiMolde seier at NTNU har sagt nei til fusjon, og styret har vedteke at det skal gjerast ein ekstern analyse av høgskulen sin posisjon i UH-landskapet.

– Utgreiinga vil først og fremst sjå på utsiktene våre som ein sjølvstendig institusjon i næraste framtid. Nifu har fått oppdraget, fortel han.

HiMolde er også vitskapleg høgskule i logistikk, og delar av logistikkmiljøet har ønskt seg til Noregs handelshøgskole (NHH). Men ifølgje rektor har det ikkje vore noko unisont ønske om fusjon frå dette fagmiljøet.

– Det er først og fremst sjukepleiefaget som vil fusjonere med andre, og då gjerne med NTNU. Men NTNU har fusjonert ut frå teknologifaglege grunnar, ikkje helsefaglege. Dette er ganske komplisert, for sjukepleie er då avhengig av at logistikk vil fusjonere med NTNU, og sjølvsagt at NTNU også vil. I dei andre fagavdelingane, og innanfor vernepleie, er framleis mange skeptiske til fusjon. Det er på bakgrunn av denne skepsisen at styret no går inn for ei ekstern utgreiing.

Gammelsæter har tidlegare ønskt at HiMolde skulle halde fram som sjølvstendig høgskule.

– Eg ser knapt noka fagleg grunngjeving for fusjon, men eg må også lytte til andre sine vurderingar.

Har gjort jobben sjølv

Sjølv om fusjonskartet som no teiknar seg, kan sjå litt rotete ut, er ikkje Haugstad einig i at framgangsmåten med «frivillig tvang» har spelt fallitt.

– Men unntak av NTNU er kartet vi har fått, veldig geografisk inspirert. At NTNU gjekk til Ålesund og Gjøvik, er noko vi ikkje hadde funne på i departementet. Det er eit uttrykk for kva som skjer når større og sterkare institusjonar leitar etter faglige grunnar for fusjon. NTNU fekk fart på prosessen, for alle visste at gamle NTNU godt kunne stått aleine, men likevel gjekk dei inn i denne prosessen for å styrke seg fagleg. Dei vart eit eksempel for andre i prosessen.

– Burde ikkje regjeringa hatt ein meir overordna plan for den framtidige strukturen?

– Nei, eg trur ikkje det. Hadde vi sjølve laga kartet, kunne vi vorte ferdige på eit halvår. Det er når institusjonane sjølve må jobbe fram ei samanslåing, at vi får det beste resultatet. Ein ting er å sitje i Oslo og teikne eit kart som ser finare ut, men skal ein få fagleg vinst av slike fusjonar, så må fagmiljøa jobbe seg saman. Nå har institusjonane gjort dette sjølve.

– Kan vere rom for nisjar

Det er ikkje berre Østfold som er stor nok for KD. Også Høgskolen i Hedmark (HiHm) er stor nok til å klare seg på eigen kjøl, ifølgje rektor Anna Linnea Ottosen.

– Men det har skjedd svært mykje elles i sektoren, og for oss var Høgskolen i Lillehammer eit naturleg val. Dessutan har vi heile tida hatt ein ambisjon om å bli universitet, og saman med Lillehammer kan vi klare det, seier Ottosen.

– Begge høgskulane jobbar for at det skal bli eit positivt styrevedtak for fusjon på styremøta 28. september.

Haugstad presiserer at dette ikkje berre handlar om å vere stor.

– Då hadde vi ikkje kunna godta at Idrettshøgskolen og Musikkhøgskolen i Oslo fekk fortsetje aleine. Men fordi dei er så konsentrerte innanfor sine fagfelt, er dei likevel sterke og får lov til dette. Eg kan ikkje utelukke at det i eit landskap av store institusjonar vil vere rom for mindre høgskular med spesielle nisjar. Kan Volda vere i stand til å sy saman ei spesiell lærarutdanning og utvikle vidare merkevara innanfor mediefag, vil dei kanskje klare seg greitt.

Men han meiner Volda og Molde framleis har ein jobb å gjere.

– Det kan vere at den jobben ikkje er å finne ein partnar, men å finne endringar internt som må til for at dei skal kunne klare seg i eit landskap blant mykje større og sterkare institusjonar. Kva dei endringane kan vere, må dei finne ut sjølve.