Kode er vinnaren. Men universitetsmusea er knapt nok nemnde i statsbudsjettet.

Kode er vinnaren. Men universitetsmusea er knapt nok nemnde i statsbudsjettet.

Av Johanne Landsverk

Publisert 7. oktober 2020

Fleire museum kan gle seg over støtte til nybygg og utstillingar.

Det er kjent frå før at Kode kunstmuseer og komponisthjem i Bergen får 9,5 millionar kroner til vedlikehald av Ole Bulls villa på Lysøen. I framlegget til statsbudsjett for 2021 er det fleire museum under Kulturdepartementet som kan gle seg over nye midlar. Norsk Bergverksmuseum i Kongsberg får heile 26 millionar kroner i støtte til det nye utstillingsprosjektet «Jakten på Sølvet».

– Vi er strålande fornøgde med dette. Dei første 3 millionane får vi i 2021, og dei resterande 23 millionane blir fordelt på dei neste to åra. Det er også veldig bra at vi får over 1,2 millionar i tiltaksstøtte i samband med koronapandemien. Dette vil hjelpe oss veldig med å planlegge neste sesong, seier museumsdirektør Alfhild Skaardal ved Norsk Bergverksmuseum.

Ustillingsprosjektet «Jakten på sølvet» får 26 millionar i støtte.

I statsbudsjettet for 2021 er det også andre som kan gle seg over pengar, blant anna det sørsamiske museet og kultursenteret Saemien Sijte, som får pengar til sluttføring av nybygg. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Sametinget med 2,7 millionar kroner knytt til husleigekompensasjon og for å styrke museumsdrifta ved Saemien Sijte i 2021. Det er også sett av 2 millionar kroner til samarbeid og kompetanseoverføring knytt til formidling av samiske gjenstandar ved museum i Tyskland.

– Vi hadde håpa på fleire midlar til nye bygg, seier Liv Ramskjær i Museumsforbundet. Foto: Thomas Johannessen

– Det er svært positivt at det blir sett av pengar til dette samarbeidet, seier Liv Ramskjær, generalsekretær i Museumsforbundet. Ho er også glad for at nybygget Finnskogens hus i regi av Norsk Skogfinsk Museum får heile 106,6 millionar i statleg støtte.

– Viktig med forlenga krisestøtte

Ramskjær framhevar kor viktig det er at musea som har meir enn 60 prosent statsstøtte får forlenga krisepakka i samband med korona. Blant dei som har fått god hjelp, er Kode i Bergen, som har fått seks millionar av tiltakspakka som skal vare første halvdel av 2021.

– Etter prisomrekningar Museumsforbundet har gjort, får Kode ein samla vekst på 54 prosent, medan Norsk Folkemuseum har ein vekst på tre prosent, seier Ramskjær.

Ho er bekymra for dei musea som har mindre enn 60 prosent statsstøtte.

– Det er ikkje akkurat beroligande å sjå at Blaafarveværket og Baroniet Rosendal , som har mindre enn 60 prosent støtte, berre får to prosent auke i budsjettet, seier Ramskjær.

Sjå oversikt over tilskott til alle musea under Kulturdepartementet i framlegget til statsbudsjett side 107.

– Ikkje ofra eit ord

Universitetsmusea har ikkje fått mykje omtale i budsjettet.  

– Medan Noreg satsar enorme beløp på bygg i Trondheim og Vikingmuseet i Oslo, er ikkje Norges arktiske universitetsmuseum i Tromsø ofra eit ord. Eg hadde trudd det skulle få ein omtale med signal om at regjeringa er innstilt på å få realisert det nye bygget til museet raskt, seier UiT-rektor Anne Husebekk i ei pressemelding.   

– Ille om museet blir ståande tomt

Men direktør Håkon Glørstad ved Kulturhistorisk museum i Oslo jublar ikkje. Bygging av nytt Vikingskipshus vart vedteke i for, og er ført vidare i dette budsjettet.

– Det står ikkje noko anna i budsjettet enn det regjeringa har forplikta seg til, det vil seie pengar til det nye bygget og sikring av gjenstandane i museet. Men det manglar svært mykje pengar til nye utstillingar, som vi kanskje hadde klart å skaffe sjølve om det ikkje var for korona.

Han synest det er ille at regjeringa ikkje vil gje støtte i ein situasjon der museet vil tape 100 millionar på tapte billettinntekter.

– Det er ingen som er tjent med at bygget står ferdig i 2025 og så er det heilt tomt, seier Glørstad.

Også rektor ved Universitetet i Stavanger Klaus Mohn gjev i ei pressemelding uttrykk for at han er misnøgd. To gonger har tilbygg ved Arkeologisk museum ført fram til ferdigstilt forprosjekt med godkjend kostnadsramme og overlevert KD – første gongen i 2014 og no i 2020. Godkjend kostnadsramme for prosjektet er 393,9 millionar kroner.

Kan ikkje vente mykje lenger

Klaus Mohn er tydeleg på at museet ikkje kan vente så mykje lenger, og seier mellom anna:

– Kjem ikkje bygget på plass, kan vi ikkje ivareta samfunnsansvaret vårt som forvaltar av Rogalands forhistorie. Staten har til no brukt 30 millionar kroner på planlegginga av bygget. Det vil vere oppsiktsvekkande om vi må leggje planane i ein skuff, slår UiS-rektoren fast.

Les også: