Kommersielle digitale plattformer har kome inn i høgare utdanning. Kor mykje makt bør teknogigantane få?
LUKK
Annonse
Annonse

Kommersielle digitale plattformer har kome inn i høgare utdanning. Kor mykje makt bør teknogigantane få?

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 21. februar 2022 kl. 22:59

Helge Høivik ved Oslomet tar til orde for å utvikle digitale læremidler som har åpen tilgang.

I ein kronikk i Forskerforum tek Helge Høivik, rådgjevar ved universitetsbiblioteket ved Oslomet, opp nokre utfordringar ved at kommersielle, ofte amerikanske, selskap står klare til å løyse dei sidene ved digitaliseringa som UH-sektoren ikkje greier å handtere sjølv.

Høivik utdjupar:

– På forskingssida har vi diskutert dette ei god stund: Debatten om Plan S og open tilgang til forsking har jo nettopp vore ein strid mellom forsking og dei store, kommersielle forlaga. Men eg trur vi står overfor ei mykje meir kronglete utvikling på undervisingsområdet.

Teknikk, ikkje innhald

Han meiner digitalisering av utdanning i Noreg har vore prega av ein teknokratisk måte å forstå feltet på, der fokus har vore på tekniske løysingar, og ikkje på fagleg innhald og utvikling.

– Ved val av system, lagar ein gjerne kriterium for god teknisk funksjonalitet. Men ein må også ha i bakhovudet at utdanning er blitt eit viktig strategisk konkurranseelement mellom dei store økonomiane, det ligg økonomi og storpolitikk bak den internasjonale satsinga på e-læring, seier Høivik, som meiner vi bør tenkje over om vi vil overlate til dei store teknologiselskapa å bestemme korleis digitaliseringa i UH-sektoren skal skje.

Tidlegare har Forskerforum skrive om korleis dei store tidsskriftforlaga no er blitt «dataanalyseselskap» som ikkje berre publiserer artiklar, men tilbyr institusjonane digitale verktøy til alle delar av forskingsprosessen, i byte mot tilgang til brukardata (gjerne i tillegg til dyre lisensar). Datamengdene kan så analyserast og bli til nye, salbare produkt.

– Pandemien har ført ein sterk konsentrasjon, der store teknologifirma har kjøpt opp dei små. Det har samstundes ført til integrasjon av ulike tenester frå same tilbydar. Det blir eit totalsystem, peikar Høivik på.

Problemstillinga står høgt på agendaen i Europa. For vel to år sidan, rett før pandemien kom til Europa, rykka 17 nederlandske universitetsleiarar ut i ei av landets største aviser med eit ope brev, der dei skreiv at det var på tide å setje grenser for dei kommersielle digitale plattformene som baserer forretningsmodellen sin i stor grad på innsamling av brukardata. Nyleg inviterte det nederlandske vitskapsakademiet til seminar om korleis saka står no.

Kan ikkje påverke

Fleire av innleiarane peika på at dei store plattformene har sett ein eventyrleg vekst under pandemien.

– Teknologiselskap har vore ein av dei få sikre stadene å plassere risikokapital. Takka vere store kapitalinnsprøytingar kan slike selskap vekse svært raskt og drive lenge med underskot mot løfte om framtidig profitt når brukargrunnlaget er blitt stort nok. Men før eller seinare må profitten realiserast, og det som verkar som ei enkel og billeg løysing for institusjonane i dag, treng slett ikkje vere det om tre år, sa Thomas Poell, professor i mediefag ved Universiteit van Amsterdam og ein av underskrivarane på brevet i Volkskrant for to år sidan.

Pandemien har gjort UH-sektoren meir avhengig av slike selskap enn nokon sinne, meinte han.

– Samstundes er det berre takka vere desse tenestene at vi i det heile har kunna drive verksemda vår under pandemien. Problemet er at kommersielle tenester ikkje nødvendigvis er laga med omsyn til verdiar som er fundamentale i akademia, så som openheit, integritet, likskap og inkludering. Og det er selskapet som avgjer korleis tenesta skal utviklast. Det tyder at vi blir styrt og forma av designvala til selskapa.

Skal ein først bruke digitale verktøy i forsking og undervising, lyt ein stille nokre grunnleggjande spørsmål, hevda han:

– Kva er forretningsmodellen deira? Kven finansierer selskapet? Kva skjer med brukardataa? Er oppbygginga tilpassa akademiske verdiar? Og finst det andre måtar ein kunne ha fått dekt desse verdiane på, enn via kommersielle digitale plattformer?

Viktig personvern-dom

I etterkant av oppropet frå dei nederlandske rektorane, uttrykte rektor ved Universitetet i Oslo (UiO), Svein Stølen, støtte til utspelet. I dag seier viserektor for utdanning, Bjørn Stensaker, til Forskerforum at det framleis er grunn til å vere uroleg over at institusjonane er så avhengige av store internasjonale leverandørar.

– Samstundes har det skjedd ein viktig ting dei siste to åra, nemleg «Schrems II»-domen som EU-domstolen kom med i 2020, seier han.

Domen seier at personopplysingar ikkje kan førast ut av EØS-området dersom det førar til svakare tryggleik enn innanfor EØS, der personvernforordninga (GDPR) gjeld.

– Vi har gått gjennom alle læringsteknologiane våre for å sjå om dei inneheld spesifikasjonar som kan føre til problem. I den grad dei ikkje oppfyller innhaldet i domen, vil det få følgjer for samarbeidet med dei – i ytterste konsekvens at det blir avslutta. Samstundes kan det potensielt opne opp for andre aktørar som kan oppfylle krava knytt til personvern og ikkje minst lagring av brukardata, seier Stensaker.

Men temaet er komplekst, for på same tid som UiO er opptekne av å halde brukardata på eigne hender, vil ein gjerne dele læringsressursar og forskingsdata som kan vere til nytte for andre.

– Og vi vil gjerne kunne nytte våre brukardata sjølve, til dømes for å jobbe systematisk med utdanningskvalitet. Difor har vi sett ned eit eige utval som skal meisle ut prinsipp for bruk av utdanningsdata. Vi vonar det skal gje oss meir armslag, betre ryggdekning i høve til GDPR-lovgivinga, og til å vere tøffare i krava vi stiller til eksterne aktørar og samarbeidspartnarar der det elles er lett for at norske aktørar endar som svake kundar med lite påverknadskraft, seier Stensaker.

Fryktar forflating

Helge Høivik ved Oslomet meiner nøkkelen til god digitalisering på undervisingsområdet, ligg i eit fornya fokus på det faglitterære innhaldet i ein digital undervisingskvardag.

– Ein lærdom frå digitaliseringa av kulturfeltet, med dei store strømmetenestene, er at det fører til ei forflating av kulturen. Eg trur vi vil få ei forflating av kunnskapen om vi overlet det til private.

Han peikar på at undervising dreier seg om komplekse relasjonar mellom menneske, som ikkje let seg mekanisere.

– Ein del av desse online-kursa som består i at ein flink professor føreles på video og ein kan stille nokre spørsmål etterpå – det blir fort flatt. Det fangar ikkje den samtaleorienterte læringsprosessen der læraren plukkar opp kva som er aktuelt i studentane sitt møte med faget, og tek det inn i undervisinga.

Difor ønskjer han seg ein «Plan S» for opne, digitale læreverk som stadig kan vidareutviklast gjennom ein kollektiv litteraturkritikk der studentane også er involverte.

– Og etter mi meining bør det, som med annan litteratur, vere biblioteka som forvaltar innhaldet i digitaliseringa.

Les også: