Gigant med nye giga-planar
LUKK
Annonse
Annonse

Tidsskriftforlag:

Gigant med nye giga-planar

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 2. oktober 2019 kl. 11:50

Mange håpa overgangen til open tilgang ville knekke marknadsmakta til skyskraparforlag som Elsevier. No vil forlaga tene pengar på andre delar av forskingsprosessen.

– Før i tida var ikkje tidsskrift lønsame, seier Jan Erik Frantsvåg, rådgjevar for open tilgang ved UiT Noregs arktiske universitet.

– Publisering var noko institusjonane tok seg av, medan utgjevarane var tenesteleverandørar. Det at utgjevarane eig tidsskrifta og har teke over heile publiseringa, er nytt. No tviheld dei på den modellen for å halde på inntektene.

Tidsskrift er ikkje som før

Det er alltid vanskeleg å sjå for seg at verda har vore, eller skal bli, annleis enn i dag. Men det er først etter andre verdskrigen at målet med vitskapleg publisering har dreia seg vekk frå, vel, publisering, og over mot profittmaksimering. Forskingssystemet vaks sterkt, nye forskingsinstitusjonar og tidsskrift kom stadig til, og konkurransen mellom dei auka. Etter kvart byrja dei største kommersielle forlaga å kjøpe opp dei mindre, rett nok med store variasjonar mellom fagområde.

Samstundes overtok forlaga fagfellevurderinga frå forskarane og institusjonane og gjorde det til noko som kunne seljast tilbake til dei same institusjonane som ein meirverdi knytt til publisering. Abonnentane var ikkje lenger forskarar, men universitetsbibliotek, som kunne betale meir.

Det underlege var at då internett kom og – trudde mange – skulle sikre fri flyt av vitskapleg kommunikasjon, så førte digitaliseringa i staden til endå sterkare konsolidering og marknadsmakt hos dei største forlaga.

Og prisane har gått i taket.

Frantsvåg, Jan Erik (David Gonzalez) (7)
– Prisen Elsevier tek for tidsskrifta sine, reflekterer ikkje kostnader, men kor mykje forskarar er villige til å betale for prestisjen, seier Jan Erik Frantsvåg. Foto: David Gonzalez

Kampen for open tilgang til artiklar skulle rette opp denne ubalansen. I staden fryktar somme at eit stadig meir digitalisert forskarsamfunn, hekta på prestisje som aldri før, er i ferd med å medvitslaust trakke i ei liknande felle. Det kjem vi tilbake til.

Set hardt mot hardt

I Europa har arbeidet med open tilgang førebels kulminert med Plan S, eit initiativ frå ein koalisjon av forskingsfinansierande institusjonar med støtte frå EU. Planen seier at publikasjonar baserte på forsking som er finansiert av desse institusjonane, frå 2021 må gjerast ope tilgjengeleg ved publisering.

– Desse prosessane endrar maktforholdet mellom aktørane. Det er motstridande omsyn her: Forlaga tener pengane sine på å hindre tilgang til innhaldet i tidsskrifta. Men forskarane har andre interesser, dei treng å lese andre sine arbeid og vil gjerne at deira eige arbeid skal få størst mogleg spreiing, seier Frantsvåg.

I dag er dei fleste samde om at dagens publiseringsmodell ikkje kan halde fram, men løysinga er ikkje eintydig. Og skal endring skje utanfor eller innanfor dei store forlaga?

Mykje av arbeidet med open tilgang, særleg i Europa, har nettopp handla om å tvinge tidsskriftforlaga til å leggje om modellen sin og publisere artiklar ope. Difor har mange institusjonar dei seinare åra slutta seg saman i konsortium der dei forhandlar i lag. Fleire slike konsortium har etter kvart nekta å teikne nye abonnementsavtalar med mindre dei får gjennomslag for krava sine. Det skjedde i Noreg då Unit (Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking) i mars sa nei til å fornye abonnementsavtalen med Elsevier.

Då hadde andre konsortium, mellom anna i Tyskland, Sverige, og seinast University of California (UC), gjort det same.

Noreg som testområde

Somme meiner kanselleringane til UC og Unit representerte eit vippepunkt i maktkampen med forlaga. For berre eit par månader seinare kunne Unit melde at det likevel var inngått ein avtale med Elsevier, der ein i staden for å betale for abonnement no skal betale for at norske forskarar skal få publisere artiklar med open tilgang, ein såkalla «publiser-og-les»-avtale.

Elsevier kallar seg ikkje lenger eit tidsskriftforlag, men ein «information analytics business». Foto: Kjerstin Gjengedal

Mange har prøvd å få liknande avtalar med Elsevier utan å lukkast. Så kvifor no?

– Om vi ser ein sjanse til å prøve ei ny tilnærming som også gjev rettvist utbyte for alle involverte partar, så grip vi den, skriv kommunikasjonsdirektør Andrew Davis i Elsevier i ein e-post.

– Gjennom avtalen med Noreg hjelper vi potensielt Noreg til å leggje om til full open tilgang. Vi veit ikkje kva utfallet vil bli, men vi veit at det er behov for å prøve og å lære. Dynamikken i det norske forskingssystemet – eit relativt lite system som involverer eit avgrensa tal på forfattarar – og kundens vilje til å kome oss i møte med tanke på eit godt utbyte gjorde det enklare for oss å prøve dette der.

Så er vi no på veg til å endeleg gjere forskingsresultat ope tilgjengelege, med meir eller mindre motviljug samarbeid frå forlaga? Det er ikkje opplagt, ifølgje Davis.

– Alle avtalane våre er resultat av ein prosess for å studere og forstå behova til kundane, og deretter skreddarsy tenestene våre slik at vi kan møte dei spesifikke måla deira. Og behova til dei over 12 000 institusjonane vi har som kundar, er alle ulike, skriv han.

Ikkje nok å flytte bomstasjonen

Samstundes er ikkje alle samde om at å tvinge forlaga til å publisere i opne tidsskrift, er vegen å gå.

– I USA har vi hatt ei anna tilnærming, seier Heather Joseph frå den andre enden av ei Skype-line. Ho er dagleg leiar i SPARC, ein koalisjon av hovudsakleg nordamerikanske institusjonsbibliotek som arbeider for open tilgang til forskingsresultat og læringsressursar.

– Her har ein i staden satsa meir på eigenarkivering i vitenarkiv, og grunngjevinga er at ein vil halde dei ulike vegane opne og ikkje låse seg til éi løysing.

I USA spør vi oss om vi skal bruke bibliotekbudsjetta på å opne tilgangen til artiklar, eller til å endre heile kommunikasjonssystemet, seier Heather Joseph. Foto: UCI Libraries

Nordamerikanske institusjonar spenner frå mastodontar som Yale og Harvard til små lokale høgskular, og ein overgang til forfattarbetaling som einaste utveg kan få store følgjer.

– Omsyn til rettferd spelar ei stor rolle for oss. Ideen om at ein no må betale for å få vere med og leike, gjer meg sterkt uroa for at alt vi eigentleg oppnår, er å flytte bomstasjonen frå sluttpunktet til startpunktet. Det er ikkje godt nok å seie at vi kan fikse det problemet seinare, seier Joseph.

Ta tilbake publiseringa?

Uroa hennar er ikkje grunnlaus. Til dømes har Jan Erik Frantsvåg i Tromsø, saman med Tormod Eismann Strømme, sett på kor mange av tidsskrifta i tidsskriftkatalogen Directory of Open Access Journals (DOAJ) som eigentleg oppfyller dei tekniske krava i Plan S. Dei fann at fleirtalet av tidsskrifta ikkje oppfylte krava, og at mindre, ikkje-kommersielle utgjevarar hadde dei største utfordringane. Anna forsking har vist at publiseringsavgifter aukar mykje raskare enn prisstiginga.

Frantsvåg ser gjerne at forskarar i større grad tek tilbake publiseringsprosessen.

– Eg trur det er i dei banar ein lyt tenkje. Litt av utfordringa er at forskarar slit med å forstå publisering. Det er ikkje berre å leggje noko på internett, det må gjerast på profesjonelt vis ved hjelp av infrastruktur som snakkar saman og gjer at ting kan finnast att.

Det inneber, meiner han, at institusjonar må gå saman og utvikle tenester som er profesjonelle og omfattande nok til at det blir økonomisk forsvarleg. Det må drivast fram både av forskarsamfunnet og av institusjonsleiarane som må sjå det som ei viktig strategisk investering.

Universitetsbiblioteket i Tromsø tilbyr ei eiga publiseringsteneste for forskarar som vil gje ut tidsskrift med open tilgang. Foto: David Gonzalez

Det er heller ikkje lenger gitt kva eit tidsskrift eller ein artikkel eigentleg er, peikar han på.

– Eit ope megatidsskrift som PLOS One, som publiserer 20 000 artiklar i året, er ikkje eit tidsskrift, men ein database eller ei plattform. Og det er ikkje sikkert at ein samanhengande tekst med introduksjon, metodar, resultat og konklusjon er den beste måten å publisere på, dette kan delast opp eller offentleggjerast som del av ein større heilskap. Publisering av data har fått meir merksemd, og der har forlaga tradisjonelt ikkje spelt ei stor rolle, det er ei utvikling driven av forskarane.

Kommunikasjon, ikkje publisering

For det er dei som meiner at det er eit feilspor å berre diskutere artiklar, ein må snarare diskutere open vitskapleg kommunikasjon gjennom heile forskingsprosessen. Når no nesten all forsking er digital, er «open forsking» for mange blitt det neste siktemålet.

– Særleg dei siste fem åra har vi sett eit skred av program og plattformer og digitale verktøy som forskarar kan bruke for å gjere forskingsprosessen meir effektiv og meir open, seier Jeroen Bosman i Nederland. Saman med kollegaen Bianca Kramer møter han Forskerforum på biblioteket til Universiteit Utrecht i Utrecht sentrum. Der arbeider dei med å setje universitetets nokså ferske «Open Science Programme» ut i livet. Kramer sit også i ekspertgruppa som rettleier EU-kommisjonen om vitskapleg publisering.

Vårt «Open Science Programme» handlar både om publisering, data, programvare og beløningssystem. Ein kan ikkje lenger berre sjå på artiklar, hevdar Jeroen Bosman og Bianca Kramer. Foto: Kjerstin Gjengedal

Kramer legg til:

– Og dette gjer at forskingsresultat ikkje lenger eksisterer i isolasjon. Artiklar, datasett og programkode kan koplast, takk vere identifikatorar og opne standardar. Dermed får vi eit heilt økosystem av open forsking som gjer gjenbruk og reproduksjon mogleg, og det er stor merksemd kring denne utviklinga no.

Eitt døme er Plan S, der dei tekniske krava er retta inn mot deling og gjenbruk på tvers av plattformer.

Tidsskrifta blir plattformøkonomiar

Men medan forskarar no endeleg har kasta seg inn i diskusjonen om open artikkelpublisering, så manglar vi førebels ein overordna diskusjon om dei digitale forskingsverktøya, meiner dei. Og den diskusjonen er kompleks.

Skal alle resultat som verktøyet leverer, ha ein open lisens? Skal verktøyet sjølv vere bygd på open programvare? Skal verktøyet vere gratis å bruke? Skal det vere utvikla og eigd av forskingsinstitusjonar, av utstyrsleverandørar, av tidsskriftforlag, av Google? Kan det skaffast garantiar for at innhaldet framleis vil vere tilgjengeleg sjølv om programleverandøren skulle gå konkurs?

– Når vi spør ulike interessentar om kva som er viktigast for dei, så får vi veldig ulike svar. Difor meiner eg det er viktig å vere tydelege på kva vi meiner når vi snakkar om open forsking og open infrastruktur, seier Kramer.

Ho får støtte av Heather Joseph i USA. I mars i år publiserte SPARC ein analyse av stoda for open tilgang til forsking. Den handla om at dei digitale arbeidsverktøya til forskarane i stadig større grad er eigde av nokre få store aktørar. Ein av dei mest aktive er RELX, betre kjend som Elsevier. Ifølgje eigne nettsider er ikkje Elsevier lenger eit forlag, men ein «information analytics business».

Fakta
Frå forlag til informasjonsselskap

Ein enorm auke i mengda av publiserte artiklar, pluss digitalisering, gjer at vitskaplege tidsskrift no er digitale plattformer som tilbyr eit stort spekter av tenester, der forskarar medverkar både som produsentar og konsumentar.

Artiklar er ikkje lenger det einaste produktet til tidsskrifta. Vel så viktig er datamengdene som blir genererte ved bruk av plattformtenestene.

Når tidsskrift som Elsevier kjøper opp digitale forskarverktøy, aukar brukardatamengdene og dermed verdien av dei.

Brukardata kan i neste omgang analyserast til dømes for å identifisere nye forskingstrendar eller framtidige toppforskarar. Slike analysar kan så omsetjast i inntekter på ulike måtar.

– Forlaga investerer altså ikkje lenger berre i tidsskrift, men i verktøy for heile forskingsprosessen. Det er viktig at institusjonar er merksame på kva dei gjer når dei brukar slike verktøy. Medan diskusjonen om forlagsavtalar avgrensar seg til å halde pengane til biblioteka der dei allereie er, i tidsskrift, så ønskjer vi oss heller ein diskusjon om all slik forskingsinfrastruktur og om korleis bibliotekbudsjetta best kan nyttast, seier Joseph.

Fryktar innelåsing

For når ein institusjon først har vant seg til å bruke visse digitale verktøy, så skal det mykje til å bytte. I verste fall kan forlaga få same makta til å diktere prisar på digitale verktøy og tenester som dei no har til å bestemme prisen på tidsskriftabonnement.

Eller? Vi spør Andrew Davies i Elsevier.

– Det stemmer rett og slett ikkje. Vi samarbeider med forskarar, forskingsinstitusjonar, finanskjelder og andre om å utvikle verktøy som set forskarane i sentrum og set dei i stand til å gjere det viktige arbeidet dei gjer. Vi er klare til å spele vår rolle i å gjere alle delar av forskingsprosessen meir integrert, transparent og inkluderande, skriv han tilbake.

Institusjonane bør likevel halde auge med utviklinga, meiner Joseph i SPARC.

– På kort sikt vil det seie: Når du signerer kontraktar om digitale verktøy, pass på å ikkje gje leverandøren eigarskap til data som blir produserte. Syt for at algoritmane er etterrettelege. Få garantiar for at du ikkje vil bli låst til éin leverandør for all framtid. Gjer alt du kan for å sikre at mest mogleg kontroll ligg hos forskarsamfunnet. Dette er leksa vi må lære av tidsskriftmarknaden.

Vil ha forskarane på banen

– Du veit der er dei som seier at det snart berre vil finnast to slags forskarar: dei som er eigde av Elsevier, og dei som er eigde av Springer, seier Frantsvåg i Tromsø.

– Eg trur Elsevier innser at dei gode dagane der ein kunne halde fram med å vekse innanfor publisering av innhald, er forbi, og at dei no må posisjonere seg på nytt.

Han saknar at forskarane sjølve kjem på banen i openheitsdebatten.

– I Noreg har debatten med få unnatak vore driven av universitetsbiblioteka. Men det er jo ikkje for oss bibliotekfolk at desse tenestene eksisterer, det er for forskarane. Det er dei som burde vere interesserte.

For alle vi snakkar med, er samde om at krav om openheit ikkje vil føre til noko om dei berre kjem frå toppen. Det må vere eit ønske frå forskarane sjølve.

– I Noreg har debatten om openheit i stor grad vore driven av universitetsbiblioteka. No må forskarane på banen, meiner Jan Erik Frantsvåg (t.h.), her saman med kollegaene Per Pippin Aspaas (t.v.) og Karl Magnus Nilsen (midten). Foto: David Gonzalez

Og kva er den største hindringa på vegen dit?

– Merittering, seier Frantsvåg.

– Det sit i veggane at ein må publisere i tidsskrift med høg prestisje. Så lenge prestisje er knytt til tidsskrift, er det dei som kontrollerer tidsskriftet, som sit med makta og kan tene pengar både på abonnement og på opne løysingar.

– Merittering, seier Kramer og Bosman.

– Om ein vil at forskarar skal gjere artiklar og andre resultat av forskinga tilgjengelege, så må dei bli sett og anerkjende for det, forklarer Kramer.

– Og så må vi snakke om kvifor vi vil at forskinga skal bli meir open. At det kan gjere arbeidet ditt meir effektivt, etterretteleg og nyttig for andre, seier Bosman.

Merittering, seier Joseph.

– Dersom vi ikkje endrar på beløningssystemet, får vi aldri løfta diskusjonen opp frå artikkelpublisering.