Enquete: Har institusjonen din retningsliner for digitale forskingsverktøy?
LUKK

Enquete: Har institusjonen din retningsliner for digitale forskingsverktøy?

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 1. oktober 2019 kl. 12:33

Ill.foto: Aksel Kjær Vidnes

Les reportasjen:

Hans Kjetil Lysgård, viserektor for forsking og tverrfaglege satsingar, Universitetet i Agder:

– Det vi har, er retningsliner for forskingsdata, og så lenge dei er oppfylte, kan forskarane bruke kva verktøy dei vil. Digitale verktøy er i sterk utvikling, så ein debatt om dette vil truleg kome.

Margareth Hagen, prorektor, Universitetet i Bergen

– Nei. Vi er i gang med å lage politikk for open forsking, som jo byr på mange uutforska moglegheiter og konsekvensar, positive og negative. Forsking er meir kollektiv og dynamisk enn før. Det er spennande tider.

Asbjørn Seim, direktør for digitalisering og infrastruktur, Oslomet – storbyuniversitetet

– Ja, vi har retningsliner for dette. Det er krevjande å balansere tilgang og personvern. Det skjer mykje, mellom anna har Oslomet eit forprosjekt for å enklare finne og få tilgang til spørjeundersøkingar.

Les meir: